Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Liastova på Befring



Etter å ha blitt flytta i alle fall fire gonger, har den gamle Liastova på Befringsstøylen vorte nytta som hytte sidan 1936.

Postkort med Liastova på Befringsstøylen som motiv. Namnet til kvinna i døropninga kjenner vi ikkje til.

Postkort med Liastova på Befringsstøylen som motiv. Namnet til kvinna i døropninga kjenner vi ikkje til.

Eigar: Sunnfjord Museum, Førde.

Datering: Etter 1936.

Fotograf: Foto: Ukjend.

Stova sitt opphav

Etter den lokale tradisjonen vart denne stova flytta frå Kjøsnes i Jølster inn til Befring i Stardalen. Dette skal ha skjedd kring 1770, og lensmann Krispinus Andersson på bruk nr. 1 var første eigaren. Deretter vart stova flytta inn på Nilsplassen, Teigane, ein plass under bruk nr. 3 på Befring. Kring 1870 vart så huset flytta for tredje gong, no til bruk nr. 6, Geilane, på Befring. Då det i 1936 vart bygt nytt hus her, vart stova kjøpt av nokre ungdommar, og flytta opp på Befringsstøylen. Der har ho vorte kalla Liastova. I 1976 vart stova kjøpt attende til bruk nr. 6, og har sidan vorte nytta som hytte. Eigar i 2002 er Hallvard Flatjord.

Bygningen

Huset vart påbygt etter at det kom opp på stølen. Før 1936 vart det nytta som bustadhus. Stova måler 7,5 x 4,8 m, og den tømra delen er nærast kvadratisk med ein bordkledd gang i huset si fulle breidde. Det er ikkje urimeleg å rekne med at ei stove som har vorte flytta så mange gonger har vorte innlafta, det vil seia sett opp att med mindre grunnflate. Etter lokal tradisjon vart ikkje dette gjort ved siste flytting.

Eit særmerkt trekk ved denne stova er at ho hadde to rundboga dører, side om side. Den eine av desse syner det no berre spor av, og er gøymt bak peis og brannmur. Dørplasseringa fortel at stova har hatt treromsplan. På Befring stod stova med ei forstove, eller gang. Her var det inngang midt i gavlen. Til høgre for inngangsdøra var det plassert mjølkister til høgre og plass til ved til venstre. Over veden var det eit halvloft. Alderen til stova er ikkje lett å fastsetje, men byggjetekniske detaljar kan tyde på at ho kan daterast attende til slutten av 1400-talet. Stova ligg på 640 m o.h. Medlemmer i Den Norske Turistforening kan nytte hytta, som ikkje ligg så langt frå Jostedalsbreen.

kjelder:

Berg, Arne: Norske tømmerhus frå mellomalderen. Bind V. Riksantikvaren. Landbruksforlaget, Oslo 1995.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga:
Bygningsteknisk arkiv.
Munnlege opplysningar frå:
Hallvard Flatjord, Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR