Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Striden for veg over Gaularfjellet



Gaularfjellsvegen sto ferdig i 1938. I nær hundre år hadde det vore eit krav om vegsamband mellom Sunnfjord og Sogn. Ein ny stamvegplan for heile landet gav rom for Gaularfjellsvegen som hadde anleggsstart i oktober 1936.

Prospektkort frå Gaularfjellsvegen frå 1950.

Prospektkort frå Gaularfjellsvegen frå 1950.

Eigar: Per Kvikne

Datering: 1950.

Fotograf: Carl Gustav Normann.

Gamle fedriftsruter
Frå gammalt av var vegen over Gaularfjellet gjennom Sværeskardet den viktigaste ruta for fedrifter frå Sunnfjord til Sogn. I Sværen vart driftene tekne om bord på storbåtar som var bygde til denne bruken. Trafikken, både med fe og varer, auka på 1800-talet. Årleg vart det ført mellom 600 og 1000 hestar og bufe over fjellet. I 1847 gjorde ordføraren i Sogndal, prokurator Fredrik Christian Juell, framlegg til fylket om at ein burde få vurdert å byggja veg over fjellet. Framlegget vart samrøystes vedteke, og i 1848 la fylkesmannen fram resultatet av granskinga der både ein køyreveg til "Indre Holmedal" og rideveg frå Sværen til "Mjeld" var vurderte. Fylkestinget hadde saka oppe både i 1850 og i 1853, men departementet meinte det ikkje var tilrådeleg. Så vart saka lagd bort.

Nye vegkrav - stadige utsettingar
Først i 1921 var kravet om veg framme att, og fylkestinget fekk søknad om løyving til veg anten gjennom Sværeskardet eller Nystølskardet. Fylkestinget bad om kostnadsoverslag på begge veglinene, og saka vart difor utsett. I august 1921 stakk ingeniør Sigurd Ese den først veglina gjennom Sværeskardet. Her var det to alternativ; eitt med og eitt utan tunnel. Også over Nystølsskardet vart det utarbeidd to alternativ.

Vegkomitear både i Balestrand og Gaular
Både i Balestrand og i Gaular vart det i 1927 valt komitear til å arbeida for vegutløysing. Vegkomiteane med Richard Knoff (komiteleiar i Balestrand) og Mathias Raaheim (ordførar og komiteleiar i Gaular), hadde sitt første samrådingsmøtet på Torsnesstølen, på Gaularfjellet, 9. september 1927. Her var ingeniør Ese frå vegvesenet og til stades. Med i vegkomiteen i Balestrand var elles: Sigurd Kvikne, Hermund J. Bale, Markus Ulvestad, Johannes Midtun, Andreas Torsnes og Markus Farnes.

Til Stortinget for å fremja saka
I 1929 vart komiteane samde om å senda ein deputasjon til Stortinget sin vegkomite. Ordførar Mathias Raaheim og hotelleigar Sigurd Kvikne reiste, og dei møtte stor forståing. Dei freista og å få Gaularfjellsvegen framfor veg mellom Leikanger og Hella, men Leikanger avslo dette. Saka vart fremja fleire gonger for Fylkesstinget, men førebels var det ikkje plass for vegen på budsjettet.

Gjennomslag for vegprosjektet
I 1936 var dåverande vegdirektør Andreas Baalsrud og vegsjef Alf Torp på synfaring. Det var truleg avgjerande for Gaularfjellsvegen, som i 1937 fekk 1 200 000 kroner i løyving over stamvegbudsjettet. Sentrale styresmakter hadde sett vegen over Gaularfjellet som så viktig at dei hadde løyvd pengar, sjølv om fylkespolitikarane hadde ei meir vaklande haldning. Fylkespolitikarane hadde fleire prosjekt som pressa på; både Vik-Voss og Balestrand-Kvamsøy var vegprosjekt som kjempa om dei same midlane. Men vegen fekk ikkje løyving utan lokal medverknad. Fylkestinget vedtok å løyve eit distriktstilskot på 1/5 av kostnaden, og grunneigarane i Vetlefjorden gav ei fråsegn til Balestrand kommune om gjerdehald og fri grunn til vegen. Årsaka til at Vetlefjord-alternativet vart valt var skredfaren i Sværeskardet.

Ein ny strategi for vegbygging
Vegen kom på mange måtar til ved eit nytt grunnsyn for vegutbygging i Noreg. Vegdirektør Andreas Baalsrud var mannen bak den nye strategien om å byggja raskt og billeg for å binda landsdelane samen på kort tid. For å få dette til måtte dei gi avkall på standarden, og heller ta utviding og standardheving seinare. Hans motto var at ein god veg var ti gonger betre enn ein dårleg veg, men ein dårleg veg var hundre gonger betre enn ingen veg.

Byggjestart
Strekninga mellom Ulvestad og Mjell var 2 mil lang. Den 15. oktober 1936 starta første byggjeetappe frå Vetlefjorden i Balestrand. Frå Ulvestad til Renndalen skulle ein i første omgang bruka den gamle bygdevegen med noko utviding og forsterking. Sambandet frå Ulvestad til Balestrand skulle inntil vidare trafikkerast med ferje."Sikjebakken" ved Renndalen var første akkord på Vetlefjord-sida. Den 10. mai 1937 vart arbeidet sett i gang frå Eldalsosen i Gaular. Mellom Mjell og Eldalsosen skulle dei og nytta den eksisterande bygdevegen. Ingeniør Sigurd Ese var anleggsleiar på sognesida og avdelingsingeniør Erling Skåre på Sunnfjord-sida. Det siste året, i 1938, leia Ese heile anlegget.
Vegen opna 6. desember 1938, men anleggs- og utbetringsarbeidet på stamvegen heldt fram. Først den 31. oktober 1951 vart heile veganlegget Ulvestad - Gaular grense - Mjell avlevert til offentleg vedlikehald som riksveg.

kjelder:

Nordre Bergenhuus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1847, Bergen.
Nordre Bergenhuus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1848, Bergen.
Balestrand -Gaular, Redegjørelse fra komiteen. Balestrand, april 1931.
Olav L. Ulvestad; Gaularfjellsvegen. Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38, Balestrand 1998.
Sogningen, 21. mai 1937.
Sogns Avis, 9. desember 1938.
Lomheim, Per Birger: Gaularfjellsvegen - vegjubileum 22. august 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR