Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Østersdyrking i Solund



Den sundrivne Solund-kysten har ein rikdom av pollar, bukter og vikar veleigna til østersdyrking. Frå gammalt voks østersen fritt i "ostrepøylene", men overfangst med fare for utrydding sette fart i kultiveringsarbeidet.

Biletet er teke i 2002 og viser litt av østerspollen som gjekk under namnet Pollevik. Pollen vart rekna for eit heller lite, men særs godt yngel- og oppvekstområde for østers. For tida er ikkje pollen i kommersiell drift.

Biletet er teke i 2002 og viser litt av østerspollen som gjekk under namnet Pollevik. Pollen vart rekna for eit heller lite, men særs godt yngel- og oppvekstområde for østers. For tida er ikkje pollen i kommersiell drift.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2002.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Voks vilt i naturgjevne basseng

Pollane er sjeldan over åtte til ti meter djupe og har oftast ein naturleg barriere mot sjøen. Vassutveksling med den kaldare sjøen utanfor vert dermed sterkt redusert, eller førekjem berre unntaksvis. Den blaute muddermassen på botnen inneheld ei mengd ulike mikroskopiske organismar som under sverming stig opp og vert føde for østersen.

Frå gammalt kunne den viltveksande østersen plukkast på berg og skrentar under vassflata og nedover. Men i 1870-åra vart "af omkringreisende Folk dels ved hjelp af Dykker, opptaget alt, hvad findes kunde".

Forsking og dyrking

Sidan det såleis var fare for utrydding, vart det maktpåliggande å få til ei dyrking av østers, noko Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme engasjerte seg i. Det gjaldt å nytte ut den naturlege yngelproduksjonen og ale fram salsvare. Selskapet både undersøkte lokalitetar som folk ville prøve, og ytte eit visst tilskot til innkjøp av østersyngel.

Frå før hadde dei merka at i somme pollar var god yngelproduksjon, men at han voks svært seint. I andre var det omvendt. Årsaka syntest å vere temperaturskilnad. Dermed tok dei til å skilje mellom ynglepollar, høgst temperatur, og feitepollar, for oppfeiting.

Det var kring 1900 at det kom fart i dyrkingsarbeidet. Frå ei kontrollreise i Solund 1901 høyrer me om seks østerspollar i bruk, og at fem nye vart valde ut til forsøk.

Dei to beste låg i Nesefjorden

I 1895 starta dei grave- og minearbeid med tanke for å opne Humlevågspollen på Nesøy mot sjøen. Nærmare århundreskiftet, og seinare, fekk dei særs god yngelavsetjing her. Yngelen sette seg på buntar av bjørkeris som dei hengde ned i vatnet. Han vart seinare plassert i korger og hengd ut i feitepollar.

Pollevik var namnet på den andre. Tidleg hadde dei årleg hausta fleire tønner av viltveksande østers her, og det var aldri nødvendig å setje ut yngel frå andre stader. I 1870-åra var innløpet til den sju meter djupe pollen attgrodd av skjel, etter oppreinsking stortreivst og voks østersen som før. Dyrking kom i gang året 1902. Denne pollen er den i Solund som vart driven lengst opp mot vår tid.

Bygde solide demningar

År 1900 byrja dei tilrettelegge ein østerspoll i Tungodden ved å byggje ein mur og såleis demme opp mot sjøen. Også i Tveranger måtte dei stengje av med ein kraftig mur, sameleis i Straumspollen.

Hardbakkepollen låg ved Avløypeneset aust for Kråka. Trass i "den besværlige Vei, langt som den ligger fra Hus", vart pollen rekna som god feitepoll. Ein annan feiteplass var den "smale, spiralformede Furrevikbugten i Hagefjord". Der var veksttilhøva meir moderate, i motsetnad til Vaulen-pollen der østersen nådde salsstorleik på kort tid.

Humlevågpollen leverte yngel til utsetjing. Nye plassar dei skulle prøve ut i 1901, var Keilepollen i Krakhellesundet, Fløytepollen i Bjørnefjorden, Råkepollen, sørlege og nordlege Leirvikpoll (Råkesundet). Også i Drevøyna vart østersdyrking prøvt med godt resultat.

Økonomi

Det kan vel vere tvilsamt om østersdyrkinga i Solund nokon gong var rekningssvarande, då med unntak av Pollevika. I 1870- og 1880-åra fanga dei der opptil fem-seks tønner viltveksande østers om året. "Senere er der til Dato aarlig optaget Østers av Pollen for 200-300 Kroner". Berre frå eine sida i pøyla tok dei opp 6-10 fjerdingar, i kvar fjerding gjekk det 60-70 store østers, som vart betalt med 18-20 øre per stk. Kvaliteten var særs god.

Også i Tveranger hadde pollen "givet gode Indtægter" fram til 1870-åra. Men seinare har "Eieren, av forsigtighedshensyn for ikke at ødælegge Bestanden, ingen Østers solgt". I 1902 var vernemuren ferdigbygd og yngel kunne setjast ut.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Wollebæk, Alf: Meddelelser om Østersavlen. I. Nordre Bergenhus Amt. Særtryk af "Norsk Fiskeritidende 9de Hefte 1901. Bergen. John Griegs Bogtrykkeri.
Helland-Hansen, B.:Meddelelser om Østersavlen. III. De vestlandske østersbasiners naturforhold.. A/S John Griegs Bogtrykkeri, Bergen 1907.

PERMANENT IDENTIFIKATOR