Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gamle Kvalheimsvegen



Kvalheimsbygda ligg ut mot storhavet, og landingsplassen har alltid vore vanskeleg i dårleg vêr. Trongen for veg til Raudeberg var sterk. I 1880 var første vegen klar. I 1990-åra vart den gamle vegen sett i stand att på dugnad av folk frå Kvalheim, Refvik, Vedvik og Raudeberg og opna som turveg i april 1988.

Bilete er teke i samband med opninga av gamle Kvalheimsvegen som turveg i 1998.

Bilete er teke i samband med opninga av gamle Kvalheimsvegen som turveg i 1998.

Eigar: Fjordenes Tidende.

Datering: 1998.

Fotograf: Fjordenes Tidende.

Vanskeleg landingsplass i dårleg vêr

Kvalheimsbygda ligg ut mot storhavet, og landingsplassen har alltid vore vanskeleg i dårleg vêr. Når større ting skulle fraktast, måtte det skje sjøvegen. Verst var det kanskje i samband med gravferder. Då måtte dei ro Kvalheimsvika, rundt Hesten, inn Vågsfjorden og vidare nord til Ulvesundet til kyrkja på Røysa. Til lands nytta dei helst stien gjennom Reinura, langs Refvikvatnet inn til Hagen og vidare til Raudeberg. Trongen for ein betre veg til Raudeberg var sterk. Då Selje kommune i 1870 løyvde 352 spesiedalar til veg mellom Kvalheim og Raudeberg, var dette ein merkedag. Vegen frå Refvik til Raudeberg stod ferdig i 1877. Vegen frå Hagen til bøgardane på Indre Kvalheim stod ferdig i 1880 og kostnaden delte Selje kommune og fylket. I 1900 budde det 188 menneske på Kvalheimsgardane.

Frå slede til vogn

Frå gammalt av låg husa på Kvalheim inne med Haugen og ute på Smibakken. I utskiftinga i 1890 vart dei to tuna delte opp og husa bygde der dei no ligg. Bøndene gjekk no over frå slede til vognbruk. Etter at Kvalheim fekk veg til Raudeberg, voks talet på hestar snøgt. Snart var det 25 hestar i bygda. Hest og vogn vart vanleg og seinare kom skysskjerrene. Det synte seg snart at deler av Kvalheimsvegen var vanskeleg, særleg i teleløysinga. Då kunne kjerrehjula søkkja nedi.

Bilen tek over

Etter at Skoravegen var ferdig i 1923, kunne ein og nytta bil ut til Kvalheim. Men siste stykket før ein kom opp på høgda var vanskeleg for bilferdsle. Kvalheimssvingane som dei er i dag, vart bygde i 1932. Det var Brunsvik, Loftnes og Sørland som først hadde bil. Sørland starta ruta til Kvalheim, først med lastebil, så med overbygd kasse og seinare med buss. Henrik Myre tok over denne ruta i 1936 med ein liten lastebil. Han tok seinare også over mjølketransporten som folka på Kvalheim hadde teke seg av med hest og kjerre. I slutten av 1940-åra gjekk Henrik over til buss.

Vedlikehald

Kvart bruk på Kvalheim hadde ansvar for å grusa sitt stykke av vegen. Grusen vart henta frå grusholene som framleis er synlege langs vegen. Kvinnene kunne òg vera med på dette arbeidet. Annanias Myre var den første vegvaktaren på Kvalheimsvegen. Han byrja i stillinga før krigen og la ned mykje arbeid. Det var han som steinsette hjulspora slik at vegen etter kvart og vart brukbar til biltrafikk. Kvalheimsvegen vart stort sett halden open om vintrane. Først vart det nytta treplog, seinare kom jernplogen og sterkare brøytebil. Kvalheimskarane var med å opna vegen om vintrane når vêret gjorde at den fauk att. Denne dugnaden hadde dei like fram til kring 1960. Under krigen laga tyskarane kanalar inn i svingane og plasserte sprengstoff der. Dette gjorde dei etter Måløyraidet. Dei ville hindra at engelskmennene kom denne vegen i eit nytt raid. Etter som bussane og lastebilane vart større vart svingane i stigningen etter Reinura for knappe. Det måtte byggjast ny veg her, og den stod ferdig i 1965.

Stas med sykkel

Før krigen byrja unggutane på Kvalheim å kjøpa seg sykkel. Sykkelen var god å ha når dei gjekk for presten om sommaren. Den var òg nyttig når dei skulle handla i Raudeberg eller søkja lag med ungdommar frå andre bygder. Det var meir stas med sykkel då enn med bil i dag.

Ei dramatisk hending inntraff på Kvalheimsvegen i 1961. Ei kraftig vindbyge kasta bussen av vegen oppe ved den øvre svingen. Til all lukke traff bussen ein stein som slo inn i busstaket og stansa bussen. Hadde ulukka skjedd ei busslengd før eller etter, kunne det gått mykje verre.

Kvalheimsvegens venner

I 1990-åra vart Kvalheimsvegens venner skipa. Bak stod entusiastar frå Kvalheim, Refvik, Vedvik og Raudeberg. Målet var å setja den gamle vegen i stand og gjera den ei populær trim - og rekreasjonsløype. Det vart lagt ned mange dugnadstimar, og folk støtta både med midlar og maskinhjelp. Det vart skipa til kronerulling, og dei tiltaket fekk støtte frå Statens Vegvesen og frå kommunen. Vegen er no ein populær turveg på 2,4 kilometer. I april 1998 vart denne vegen offisielt opna. "Vi vonar mange vil gjere seg nytte av dette naturområdet, og vi trur brukarane vil tenkje på den sårbare naturen dei er i," skreiv Gamle Kvalheimsvegens venner i høve opninga.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Artikkel utgjeven av Gamle Kvalheimsvegens venner i 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR