Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Firda - lokalavisa for heile fylket



Avisa Firda er i dag den klårt største avisa i fylket, og den einaste dagsavisa. Opplaget var i år 2000 på 14 628. Avisa dekkjer Sunnfjord, ytre Sogn og delar av Nordfjord, men tek mål av seg til å bli ei avis for heile fylket.

I 1988 flytta Firda inn i eit moderne avishus på Øyrane i Førde.

I 1988 flytta Firda inn i eit moderne avishus på Øyrane i Førde.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Reppen.

Grunnlagt av Kristian Ulltang

Firda vart grunnlagt som eit bygdeblad for indre Sunnfjord av Kristian Ulltang, og kom med første utgåve 15. desember 1917. Ulltang hadde då drive prenteverk i Førde i tre år, og m.a. trykt Ungdomsvennen, som var bladet til folkehøgskulen på Solvang. På den tida hadde andre delar av fylket hatt lokalaviser lenge, m.a. Florø og Nordfjordeid heilt frå 1874. Firda var den første avisa i Førde med eitt lite unntak: Florø-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende vart i åra 1886-91 utgjeven i Førde, då redaktøren E. M. Hole var busett her.

Motvekt mot Florø

Frå 5. januar 1918 kom Firda ut kvar laurdag, og vart trykt i Ulltang sitt prenteverk i Flom-huset sør for Langebrua. Ulltang hadde alt lenge vore ein ivrig skribent og journalist, og hadde irritert seg over at Florø-avisene dominerte avisbiletet:
"De indre Søndfjord-bygder har i de senere aar kunne vise frem en utvikling, som kanske har gaat hurtigere end andre bygders. Og denne utvikling fortsætter og vil komme til at fortsætte. Derfor bør vi ogsaa ha et talerør for disse bygder. Det er det vi nu mener "Firda" skulde være, og som vi haaper det ogsaa vil bli."

I familieeige til 1995

Den første tida vart avisa redigert på riksmål, men nynorsk tok raskt over. Opplaget passerte 1000 i 1919, og avisa tok til å kome ut to gonger i veka. I 1922 flytta avisa med både prenteverk og redaksjon til Ulltang sitt hus "Nøisomhet" i Teigen. Same året stod det første biletet på trykk i avisa, då halve Langebrua vart teken av ismassane i Jølstra. Først i 1927 fekk avisredaksjonen eigen telefon.
Ulltang ynskte alt tidleg i 20-åra å trekkje seg som redaktør, men heldt fram, med nokre opphald, til 1928, då Olai Nordeide tok over. Han leigde både prenteverket og rettane til å gje ut avisa, og kjøpte avisa i 1938. Avisa var i Nordeide-familien si eige heilt til A-pressa tok over i 1995. På 30-talet var det ein viss aviskrig i Førde; i åra 1933-35 då Sunnfjord Tidend kom ut, og frå 1936 til krigen då Gjallarhornet kom ut som organ for Arbeidarpartiet.

Samanhengande vekst

Under krigen tok tyskarane over avisa, og opplaget gjekk ned frå 4000 til 900. Etter krigen voks opplaget samanhengande til ein topp på vel 15 000 i 1998. Avisa har over 80% dekning i Førde, Jølster, Gaular, Naustdal, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Høyanger og Solund er også gode Firda-kommunar. Ser ein fylket under eitt, får 32% av husstandane Firda kvar dag.
Heilt frå Ulltang si tid la Firda vekt på å halde seg utanfor partipolitikken, og det har vore rettesnora heilt til våre dagar (med eit visst unntak då A-pressa tok over). Firda har sidan 1988 halde til i eit moderne avishus på Øyrane i Førde.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Ness, Atle: Firda 75 år, 1918-93. Førde 1993.
Sogeblad for Førde 1983-2000. Utgjeve årleg av Førde sogenemnd.
Opplysningar frå:
Borgny Ulltang, Førde.
Svein Atle Huus, opplagssjef, Førde.

Nettstader:
http://www.firda.no

PERMANENT IDENTIFIKATOR