Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fardal bedehus



Dei sette i gang med å byggja utan at byggjeløyvet var i orden - og fekk mulkt. Akkurat<i>det</i>er truleg bedehusbyggjarane i Fardal åleine om. Huset stod ferdig i 1950, og vart i mange år brukt til møte, stemne, basarar, juletrefestar og andre samkomer. Men aktiviteten har minka. Siste tilskipinga var juletrefest i 2005.

Fardal bedehus, bygd 1949-1950.

Fardal bedehus, bygd 1949-1950.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

 

Oppe i Fardalen
Fardal bedehus står 1,9 km oppe i Fardalen frå Osen, - i krysset der vegen til Øyragrendi tek av. Det er eit langhus med utbygg på kvar side frå inngangspartiet. Huset er innreidd med inngang, kjøken, vetlesal og storesal. Over Vetlesalen er ein attbygd lem. Storesalen er kring 50 kvm og har ein låg, flat himling.

Inventar
Talarstolen er fast montert på eit lågt podium. Veggen bak talarstolen er utsmykka med ein kvit kross, bilete med motiv frå bibelen og Jesus-broderi. Bedehuset har elektronisk orgel. Eit spesielt inventarstykke er ei handlaga utlodningskinne med nummerlappar frå 1 - om lag 1000 oppi. Det var enten lærar Harald Slinde eller Torstein Fardal som laga kinna, truleg før bedehuset kom opp. Dei heldt basarar på skulehusa på Nygard og i Øyragrendi i mange år føre bedehuset stod ferdig.

I Storesalen er dei opphavlege benkene skifta ut med røyrstolar. Kjøkenet er utstyrt med elektriske plater, kaffikjel og koppar.

Inntekter
Rekneskapsboka til bedehuset er ei framifrå kjelde til bedehussoga. Innføringane viser ikkje berre inntekter og utgifter uttrykt i tal, men også kvar pengane kom frå og kva dei vart brukte til. Etiketten seier også sitt: "Kassabok for Indre Norum kristeleg samskipnad". Det tyder på at fleire foreiningar gjekk i lag om å byggja hus. Den første inntektsposten vart notert 30. mars 1940: "Innsamla på lister, kr. 295.-"

Innsamlingslister var ei av inntekstskjeldene gjennom mange år. Andre kjelder var utlodningar og basarar til inntekt for bedehuset, kollektar og ein viss prosent av innkomer på misjonsorganisasjonar sine møte og tilstellingar.

Elles var gåver ei viktig inntektskjelde, både rekna etter gjevarar og kronebeløp. Mange står oppførde som "unemnd", andre med namn. Fleire står posterte med gåvebeløp på 1000 kroner, somme jamvel fleire gonger; - Lovisa Meisterplass, Kristi Haugen, Margit Rusti, Ølgard Rusti og J. Holum. I 1996 står bokført "testamentarisk gåve" på 5000 kr. frå Inga Fjæren.

To litt meir spesielle innntektspostar var husleige for skulebruk i åra 1956-1960 og grunnerstatning for veg i 1972. Frå kring 1980 fekk bedehuset frå tid til anna tilskot utanfrå, frå Sogndal Sparebank (pr. 2006 Sparebanken Vest) og kulturmidlar frå Sogndal kommune.

Utgifter
Utgiftspostane i rekneskapsboka fortel mykje om bedehuset som bygning. Me kan til dømes fylgja heile byggjeprosessen. I 1943 kjøpte samskipnaden tomt hjå Torstein N. Fardal. Tomta kosta 600 kroner. "Bedehusmaterialen" vart kjøpt våren 1945, og "flåta" over fjorden av E. Fimreite til Fardal sagbruk. Norvald Bjelle stod føre byggjearbeidet. Gunnar Stedje leverte huntonitt, Sigurd Høyum spikar, Erling Fardal dører og murstein. Sigurd Fardal sytte for transport. T. Brusegard leverte benkar og det vart kjøpt inn "Jøtulomn" og "kunfyr".

Større utgiftspostar seinare var til dømes gardiner og gardinstenger 1952, takrenner 1957, kaffikjel 1961, juletreljos 1973, nytt tak 1976, nye utedører 1977, utelampe 1978, stolar 1981, golvbelegg og panelomnar 1983 og nytt orgel frå Skjeldestad i 1981. Elles kan me heile vegen fylgja dei løpande utgiftene til drift og vedlikehald; - ved, fyring og reinhald, straum og lyspærer, og ikkje minst, forsikring.

Bedehuset ilagt mulkt
Kassaboka har eit par heilt spesielle posteringar. 27 desember 1950: "Gåva til mulkti av Johan Holum kr. 50,00 "og "av Tostein Lindborg kr. 50,00", og 28. augst 1951: "Gåva til Mulkti, ein unmend kr. 20,00". Kva gøymer seg bak posteringane? Torleiv Øyre, fødd (..) har forklaringa. Dei sette i gang med å byggja før byggjeløyvet var i orden.

Verksemd
Rekneskapsboka fortel også noko om bedehusktiviteten, kva dei dreiv på med på bedehuset og kven som var "arrangørar". Me kan laga ei liste over type tilskipingar slik dei står nemnde i rekneskapsboka:
basar, bedehusbasar, sjømannsbasar, redningsselskapsbasar, Gamlemisjonsbasar, kyrkjeydsfest, Helselagsbasar, utlodning, morsfest, misjonsmøte, innvigjingsfest, ljosbileteframsyning, blindetilstelling, sundagsskulefest, film, juletrefest, stemne, bedehusstemne, misjonsstemna, kvinnestemna og Rustistemne (friluftsstemne på garden Rusti framme i Øvstedalen), Frelsesarmeenfest og Arméfest (arméen - forkorting for Frelsesarmeen), misjonsårsmøte og misjonsfest, tilstelling, festmøte, sjømannsmøte, Muhammedanarmøte, festtilstelling, julefest og bedehustilstelling.

Kven hadde tilstellingar på bedehuset?
Frå rekneskapsboka kan me óg laga ei liste over dei som stod bak tilstellingane av eit kvart slag. Bedehuset sjølv stod føre ein stor del av tilstellingane. Elles var det, med to unntak - (Redningsselskapet og Helselaget), organisasjonar med kristne føremålsparagrafar: Det Norske Misjonsselskap (Gamlemisjonen), Israelsmisjonen, Den Indre Sjømannsmisjon, Kinamisjonen (Norsk luthersk misjonssamband), Den Ytre Sjømannsmisjon, Den norske Muhamedanermisjon og Frelsesarmeen. Alle desse landsomfattande organisasjonane hadde lag og foreiningar lokalt. Som døme på lokale foreiningar i "Indre Norum", finn me "Jenteforening på "Strondi"" og "Øyragrendi kvinneforening".

Norsk lærarkademi (LNA) finn me postert ein gong. NLA vart skipa 1966 i Bergen av fleire kristne organisasjonar. Føremålet var å gje vidareutdanning i kristendomskunnskap. Dei sende ut folk for å fortelja om den nye lærestaden og for å samla inn pengar til drifta.

Morsfest
8. februar 1953 står inntekt på "Morsfesten". Morsfest var ei tilskiping i høve morsdagen, første søndag i februar. - Torleiv Øyre fortel at dei song songar som høvde for dagen, t.d. Den første song, -og elles var det tale og matservering. Det var vanleg med morsfestar mange stader.

"Lita interesse"
Rekneskapsboka kan me og bruka som eit måleinstrument på omfanget av bedehusaktiviteten. Talet på posteringar minkar frå 1980-åra. Torleiv Øyre stadfester dette. - Bedehuset blir lite brukt. Det er lita interesse. På joletrefesten i 2005 kom det berre sju menneske.

kjelder:

Sogn og Fjordane. 16.02.1950.
Rekneskapsbok bedehuset i Fardal 1940-
Informasjon frå:
Torleiv Øyre.

PERMANENT IDENTIFIKATOR