Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein over falne i Matrefjella



I slutten av andre verdskrigen var Bjørn West namnet på ein base for motstandsfolk i Matrefjella på grensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Kaptein Harald Rise frå Hyllestad var sjef. Den tyske okkupasjonsmakta kom på sporet av basen, og i trefningar i april/mai 1945 miste sju nordmenn livet. I 1949 vart det reist eit minnesmerke over dei falne soldatane.

Bjørn West-minnesmerket år 2007 i tunet til Stordalen fjellstove. Bygningen her er anneks til fjellstova.

Bjørn West-minnesmerket år 2007 i tunet til Stordalen fjellstove. Bygningen her er anneks til fjellstova.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesmerket 2007

Bjørn West-minnesmerket står i 2007 ved Stordalen fjellstove som ligg på nordsida av Stordalsvatnet like sør for fylkesgrensa, om lag ein km frå hovudvegen. Minnesmerket er ikkje skilta ved vegkrysset.

Den vel tre meter høge minnesteinen står i tunet ved fjellstova, mellom hovudbygningen og eit anneks. På framsida er festa ei støypt metallplate med denne innskrifta:

BJØRN WEST * MASFJORDFJELLA * APRIL - MAI 1945 * [deretter sju namn] * FOR NOREGS SAK I SNØ DEI SEIG * MEN FRIE KÅR OR GRAVA STEIG

Vart flytta til fjellstova

Minnesteinen er ein naturstein dei fann i området der Bjørn West-basen heldt til. Han vart opphavleg reist på sørsida av Stordalsvatnet, tett attmed ei demning. Då demninga seinare vart påbygd, flytta dei steinen til Stordalen fjellstove.

Plasseringa ved fjellstova var ikkje tilfeldig. Staben i Bjørn West hadde ei tid hovudkvarter i fjellstova, og då styrken i sluttfasen av trefningane med tyskarane, fekk ordre om å stogga kampane og trekkja seg attende, kom tyskarane fram til fjellstova og sette fyr på bygningen. Ei ny fjellstove vart bygd opp att på same staden.

 

Avdukinga

Bjørn West-steinen vart avduka av kronprins Harald på olsokdagen, 29. juli 1949. Kronprinsen med fylgje reiste med Fylkesbaatane sitt nye skip MS "Sunnfjord" frå Bergen til Matre. Herifrå gjekk turen med bil opp til Stordalsvatnet. Nær 3000 menneske var samla. Frå Sogn og Fjordane møtte mellom fleire fylkesmann Nikolai Schei og politimeister. Solberg.

AvisaSogn og Fjordanehadde kort etter eit stykke om hendinga.
Høgtida tok til med at distriktssjefen og Milorg. (den organiserte norske motstandsrørsla) i Bergen og Omland, ynskte alle velkomne. Sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes, fortalde om arbeidet med å reisa minnesteinen. I første rekkje var det dei dåverande kommunane Masjorden, Hosanger, Bergen, Fana, Os i Hordaland, og Brekke, Lavik og Kyrkjebø i Sogn og Fjordane me kan takka for at minnesmerket vart reist, sa Harald Rise i talen sin.

Kronprins Olav heldt avdukingstalen og avduka steinen med orda:
"Må merket virke som en appell til alle som passerer det om å verge vår frihet."

Kaptein Risnes gav deretter minnesmerket til Hosanger kommune (no Matre kommune). Ordførar Halsøy tok mot steinen og lova å ta godt vare på minnesmerket.

Feltpresten i Bjørn West, Hedegård Jacobsen, heldt så feltgudsteneste. Deretter la generalmajor Holtermann, oberstløytnant Haukeland, Roar Sanne, oberst Aarra og oberst Skaathun ned kransar. Til slutt takka kjøpmann Sigurd Wernøe på vegner av dei pårørande.

Dokumentasjon

Det er skrive fleire artiklar om Bjørn West-basen og trefningane i dagane 28. april - 3. mai 1945. Dei tyske styrkane gjekk til åtak både frå sognesida, i hovudsak frå Førde ved Bjordal, og frå Matre på hordalandsida. Kjell-Ragnar Berge skreiv i 2004 ein oppsummerande artikkel til bokaKrigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945.Elles er Bjørn West markert på andre måtar. I Matre er det bygt eit eige museum, Bjørn West-museet, og i august kvart år går Bjørn West-marsjen gjennom området til Bjørn West.

Minnesmerke i Hyllestad

I år 2000 vart det avduka eit anna Bjørn West-minnesmerke, denne gongen i Hyllestad. Her var det lensmann Hans Berge som stod i brodden for arbeidet med å reisa minnesmerket, først og fremst til heider for Bjørn West-sjefen, kaptein Harald Risnes frå Hyllestad. Legen i Bjørn West, Eilert Eilertsen, heldt avdukingstalen, og stod føre avdukinga. Under eit kongebesøk i 2002 la HM kong Harald ned krans ved minnesmerket.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane 02.08.1949.
Eithun, Grethe, m.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. 2005.
Opplysningar frå:
Bjørn West-museet, Alf Solheim.
Skre, Rolv R.: Bjørn West i aktiv innsats. 1946.
Haga, Arnfinn: Jernring rundt Bjørn West. 1982.
Nielsen, Thomas: Bak de tyske linjer. 1992.
Berge, Hans: Til minne om kaptein Harald Risnes 1914-1967.
Sperbund, Halvor:Brennpunkt Westküste. 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR