Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sagi på Vikastrondi



Skogen på Kvitingsmorki har i alle dagar høyrt til garden Natvik og var grunnlaget for ei eiga sag nedmed fjorden, kalla Kvitingssagi. Opplysningar om denne saga finn me attende til 1600-talet. Saga var i drift heilt fram til 1934 då storflaumen det året reiv henne bort.

Frå Natvik, Årdalsfjorden, 25. August 1866. Biletet syner Kvitingssagi.

Frå Natvik, Årdalsfjorden, 25. August 1866. Biletet syner Kvitingssagi.

Eigar: Bergen Kunstmuseum.

Datering: 1866.

Fotograf: Kunstnar: Hans Fredrik Gude.

Mange sager i Årdal

Skogane i Årdal var ein viktig ressurs i eldre tider, det tyder dei mange sagene på. Bygda hadde ikkje berre Kvitingssagi, men det var òg sag i Vikadalen (i Sagakråi på Hovland), to i Indre Ofredal, ei i Ytre Ofredal og ei i Steiggjene. Ikkje minst var det stor aktivitet under koparverkstida (1701 - 1734). Tre store skogsområde vart rekvirerte av koparverket: Muggeteigen, Steiggjene og Vettismorki. Verket skulle ha både ved og tømmer i store mengder.

I 1674 fekk Anders Søfrensson 'bevilgning' til å driva Kvitingssagi. I 1701 har fem personar arbeidet sitt hjå Sagi, og to av desse har tittelen 'saugmester' ved 'Qvitings sager'. Dette kan tyda på at det ei tid var to sager der.
I 1749 vert det opplyst at det ikkje er skore noko det året, då sagadammen vart bortriven av flaum i 1743, og sidan ikkje sett i stand att. I 1761 vert det sagt om Kvitingssagi at ho høyrer Dominikus Ørbech til og står på eigen grunn. I 1782 får Hans Ørbech "bevilgning" av Kong Kristian 7. til å skjera 120 tylfter tømmer til 5706 bord - 8 fot lange og 1 1/4 tommar breie.

Nibladsag og flaum

Fyrst i 1882 vart det sett opp nibladsag hjå Kvitingssagi. Sagverket med alt som høyrde til frakta dei til Sagi med jekt. Ein storflaum tok med seg til fjords vogn og valsar, grind og krumtapp og alt som høyrde sagverket til. Nokre delar låg så djupt at dei måtte ha dukkar frå Bergen til å ta dei opp att. I 1916 flytte Olav Bjørkum nibladsaga til Vikadalen. Stavasaga stod att og var i bruk kvart år til ein ny flaum reiv henne bort 5. mai 1934. Sidan den tid har det ikkje vore sag hjå Kvitingssagi.

Melchior Falch

I 1795 selde Dominikus Ørbech både Kvitingsmorki og Kvitingsdalen (Sagadalen) til løytnant Melchior Falch for 2000 rdl. Falch var ein framsynt og drivande mann. Hjå Sagi dreiv han med fleire arbeidslag, somme av arbeidarane budde der, men han hadde og skogshytter på Morki og i Sagadalen, Han bygde demning for alle tre vatna som høyrer Sagaelvi til, såleis hadde dei sagavatn heile sommaren og utover hausten. Det var og god hjelp i fløytinga. På Løsletta hadde han slåttegjerde og løe, så han hadde fôr til hestane. Han tilsette eigen driftsstyrar til å ordna med arbeidet. Korkje Falch eller Grøndal var kjende med fløytetilhøva i Sagaelvi. Dei hadde hogge ein heil del tømmer fremst i Sagadalen. I bygdeboka 'Årdal i Sogn' (Laberg, 1932) finn me denne soga:

"Rasmus hjå Sagi sa dei måtte køyra det heim til "Påkastet", for framom der var ei ur i elva som ikkje tømmeret kom gjennom. Då svara Grøndal: "Stell med plassen din, du Rasmus, så skal me greia dette." Dei velte tømmeret på elva, løyste demningane, og det gjekk godt til dei kom heim til ura. Der hopa det seg opp, og det kom ikkje ein stokk forbi. Då måtte dei laga sleip over ura og dra tømmeret til "Påkastet". Ura vart sidan kalla "Sleipuri".

Det meste av Morka-tømmeret køyrde dei heim til Fossløypet og Morkahjell-løypet, løypte det ned til elva og fløytte det heim. Det dei hogg på Ospeholene, køyrde dei på Hardløypet. Elles har det til alle tider vore løypt og drege material ned etter Løypet (ved Stølsvegen). Det vart det og gjort i Falch si tid. Det var helst skipskrokar og langmaterial som kom den vegen.

Det ser ut til at Falch ikkje har hogge så vel ut skogen på Morki, for straks etter han slutta var det full drift att. Det var husmennene på Natvik som hogg skipskrokar, tømmer og tjøreved. Arbeidarane budde hjå Sagi og somme i hytta i Hyttehaugen. Dei som arbeidde på Vetlemorki, heldt til i Sagadalen. Men det hende og at dei rodde inn att til Vikadalen.
Det er fortalt om Jørgen Sva (f. 1794) og Jens Haugen (f. 1796) at dei hogg tømmer på Morki og rodde heim att. Det var ein time å ro og ein time å gå. Endå kom dei så tidleg til arbeidsplassen at dei måtte sitja og venta eit bel før dei såg å hogga.

Tømmer- og sagdrift

Om Dominikus Ørbech hadde selt Morki for nokre år, hadde han likevel nok skog att til å driva sjølv. Like frå Luggenes, heile stranda inn og fram etter Vikadalen. Han var sjølv med og løypte tømmer då sonen Hans vart ihelslegen i 1810. Dette løypet har sidan vorte kalla 'Hanseglenna'.

Då Olav Bjørkum tok mot bruket i Naddvik i 1890, vart det frametter hogge mykje ved, stav og tømmer kvart år. I 1895 bygde han arbeidsstove med stall på Morki. Tømmeret felte dei om våren og sommaren. Om hausten vart det skòra og køyrt saman i store lønningar. Då dei om vinteren køyrde tømmer på Morki, førde dei hestane til Sagi på storebåt, men om hausten for dei fram dalen og heim over fjellet til Morki. Det var ofte stor snø, så det var hardt å brøyta seg fram til lønningane. Det hende Bjørkum hadde dugnad til å moka veg der oppe. Då vart det fest etterpå med dans i drengestova.

På same tid som stova på Morki vart bygd, vart det og sett opp stavasag og bryggje med tak over til å stopla staven på. Det vart og bygt stove til sagakarane. Og kvart år hogg dei mykje tømmer, stav og ved.

Arbeidslaget på Vetlemorki

Eit arbeidslag på 6 mann tok på seg skogsarbeid på Vetlemorki i 1904. I det høvet vart det bygt stove ved Stovegrovi. Laget skulle ha 3/5 av all materialen dei fekk heim. Heile vinteren dreiv dei på, og kvart år hadde dei mykje tømmer, ved og stav.

Dei demde Hjellgrovi heim i Stovegrovi, så dei fløytte ved og stav både i Langedøla og Stovegrovi. Dei hadde òg planar om å setja i stand att demningane i vatna, men det vart ikkje noko av. Bjørkeveden på Holten drog dei hit på Morkahjellskreda. Når ho hadde godt med snø sleppte dei veden utover, og meste delen gjekk like til elva med ein gong.
I februar i 1928 vart stova i Sagadalen riven bort av Stovedøla som gjekk med vatn, is og snø. Det er lenge sidan skogshytta i Hyttehaugen har rotna. Stova på Tågi har og dotte ned no.

All materialen fløytte dei heim i elva, og tømmeret kom dansande i bakken ved saga. Staven tok dei i land oppe ved sleipa og fløytte han sidan ned til stavasaga. Når dei fløytte ved, steka dei for nede ved sjøen, og tok veden i land i granden, på utsida av elva. Såleis fekk dei veden til sjøstranda med ein gong. Kubb av gadd og gamal fure var så tjukk at han flaut i elva med enden opp. Dette arbeidslaget slutta på Vetlemorki i 1920.

Drift etter 1920

Våren 1923 tok eit anna lag på 4 mann til med tømmerdrift på Storemorki. Dei hadde 1/2 av all materialen dei fekk heim. Dei betalte litt for sagene, og skuraløna la dei ut kvar av sin lut. Tømmeret køyrde dei heim på Foss-løypa og Morkahjell-løypa. Dei dreiv med 2 hestar. Ein hest leigde dei, den andre skulle Bjørkum halda. All materialen dei hogg under brotet, løypte dei ned til elva. Dei arbeidde i skogen mest året rundt og fekk fram mykje tømmer og stav. Eit år hadde dei 300 tylfter tømmer og noko stav. Tømmeret flota dei til Vikadalen og skar der, men dei skar staven hjå Sagi.

På Morki og i Sagadalen vart det kvart år hogge tømmer, ved og stav like til 1944. Sidan har det ikkje vore fløytt material i Sagaelvi. I 1956 vart det lagt opp taubane frå Ospeholene og ned i Skallen, og noko tømmer vart frakta ned der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Årdal i Sogn. Bygd og ætter. Bergen, 1932.

PERMANENT IDENTIFIKATOR