Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Audun Hugleikson



Audun Hugleikson var ein leiande stormann i riksstyringa i Norge på slutten av 1200-talet. Han hadde hovudsetet sitt på "Audunsborg" på Hegranes i Jølster. Han fall brått og uforklårleg i unåde, og vart avretta i 1302. Ettermælet hans er fylt av rikhaldige spekulasjonar og lite sikker kunnskap.

Baronseglet til Audun Hugleikson, attgjeve på framsida av Arkivmagasinet, Riksarkivet, 1/1988.

Baronseglet til Audun Hugleikson, attgjeve på framsida av Arkivmagasinet, Riksarkivet, 1/1988.

Lokal tilknyting

Audun var truleg fødd kring 1240. Fødestaden er ukjend. Faren, Hugleik, var truleg ein stormann i Fjordane, ettersom Audun sjølv sat med eit stort jordegods, 30 gardar i Jølster. Morfaren til Audun er rekna å ha vore ein slektning av mora til Håkon Håkonson, noko som kan ha hjelpt Audun fram i hans eineståande karriere. Kona til Audun, Gyrd, og borna er nemnde ein gong i eit gåvebrev 1281.

Baron til Hegranes

Audun er omtala i samtida som baron til Hegranes. Her hadde han ei stor steinborg, truleg bygt av forsvarsomsyn. Borga var 12 x 15 meter, med tjukke murar. Dette var eit bygg på storleik med ei rimeleg stor soknekyrkje av stein, og ei slik privat borg er det elles kjent berre ei av i Norge. Audun hadde tilnamnet "Hestakorn". Det er vanlegvis forklart med at han fora hestane sine med havre. Det er òg kjent at "hestakorn" i seinmiddelalderen var nemninga på ein ekstraskatt bønder i Akershus ytte til Akershus festning. Det kan hende Audun hadde skattelagt gardane sine ekstra for å kunne halde eit slikt hus. I tilfelle var han neppe ein elska person i Jølster.

Leiande stilling i hirda

I 1270-åra var Audun Hugleikson i Magnus Lagabøter si teneste, og vann stor vyrdnad for sitt arbeidet med revideringa av landslovene. Audun var utan tvil uvanleg rettslærd, truleg med universitetsstudiar i utlandet, og hadde personlege føresetnader som førde han heilt til topps i riksstyringa. I 1276 var han kongen sin stallare, ei leiande stilling i hirda, og året etter lendmann. Etter 1280 vann han seg ein leiande posisjon i kong Eirik Magnusson si regjering, og vart kongen sin skattmeister (fehirde), og etter kvart førande i utanrikspolitikken.

Militæravtale med Frankrike

Der var han med å sikra kong Eirik eit lukrativt giftarmål med den skotske prinsessa Margaret, og etter hennar død, Isabella. Men i 1295 skifta den norske utanrikspolitikken frå venskap med England, til støtte av franskekongen i allianse mot England. Her leia Audun den norske forhandlingsdelegasjonen til Paris, og kunne vende heim med eit stort forskot for ein avtale om militærhjelp til franskmennene. Ein avtale Norge ikkje kunne ha halde om innfriing av lovnadene hadde vorte aktuell. Eit forhandlingsresultat som har forbløffa historikarar i ettertid.

I unåde

Men hans fortrulege og nære forhold til kongemakta vart brått borte då kong Eirik døydde i 1299, og vart etterfølgd av broren, Håkon 5. I islandske annaler finn vi opplyst at Audun vart fengsla i 1299. Deretter er vidare hendingar ukjende til han vart hengt i Bergen ein desemberdag i 1302. Audun sitt store jordegods vart konfiskert av krona.

Ettermæle

Audun dukka i ettertida opp i folkeviser og segn, med til dels fantasifulle historier. Ei sikker forklåring på hans raske og totale fall ligg mørklagd i fortida. Kanskje botna det mest i at han i den nye kongen sine auge hadde vunne seg ei for sterk og uavhengig maktstilling, som han hadde utnytta til personleg fordel. Men for å bli avretta på vanærande vis med henging, måtte det ha lege konkrete skuldingar til grunn for dødsdommen.

kjelder:

Norsk Biografisk Leksikon. Bind 1. Oslo 1999.
Sandnes, Ola: Audun Hugleikson og samtida hans. Sunnfjord Sogelag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR