Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Garden Kyrkhorne gjennom tidene - Kyrkhornstunet



Garden Kyrkhorne er truleg ein av dei eldste i Hornindal, sentralt som han ligg i nedste del av dalføret, ved vatnet. Opphavleg var garden ein del av den sentrale garden Hornvin som har gjeve bygda namn, og garden kan seiast å ha vore det kulturelle og politiske sentrumet i Hornindal dei dei gjennom fleire hundre år.

Sokneprest Anton Schøning Johnson på trappa til prestehuset kring 1915.

Sokneprest Anton Schøning Johnson på trappa til prestehuset kring 1915.

Eigar: I Historisk Årsskrift 1987.

Datering: 1915.

Fotograf: Rasmus S. Kirkhorn.

Anders Kompå

Ei gammal segn frå etter Svartedauden knyter seg til Kyrkhorne. Ein Anders Kompå frå Alsåker i Eid skulle ha teke opp att garden midt på 1400-talet. Han hadde vore sjuk og sengeliggande i mange år, men i ein draum vart det sagt han at dersom han ville busetje seg i Hornindal, skulle han bli frisk att. Etter dette friskna han til og fann vegen til den nye heimbygda si. Han gjekk oppover på nordsida av vatnet og kom ned til ytre Horne. Heile bygda var då attvaksen med skog. På tuftene etter den gamle kyrkja som den tid låg på ytre Horne, låg ein orm krulla rundt den gamle alterkalken. Anders drap ormen og tok vare på kalken.

Fekk stor etterslekt

Anders Kompå busette seg på den andre sida av elva, i dag Kyrkhorne. Første tida budde han under ei stor fure. Fura vart seinare nedhoggen og kløyvd. Eine halva vart nytta til bordplate. Av den andre hola han ut ein båt som han seinare nytta på turar til Eid. Deler av denne båten trur dei framleis finst i Hornindal. Anders vart seinare gift og fekk stor etterslekt. Dei fleste av dei gamle slektene i bygda er sagde å vere etterkomarar av Anders Kompå.

Sentral rolle i bygdelivet

Garden Kyrkhorne er først nemnd i skriftlege kjelder i 1520. Då betaler ein Anders på Kirchehornn skatt, kanskje ein soneson av Anders Kompå. Bygdekyrkja må då vere bygd opp att på austsida av elva og har gjeve garden namn.

På slutten av 1500-talet kom Randaslekta og Hardbogslekta til Kyrkhorne. Seinare er det etterkomarar av desse to slektene som har vore brukarar her.

I tillegg til at kyrkja vart liggande på Kyrkhorne, har denne garden og folket der, spela ei svært sentral rolle i bygdelivet i århundra seinare. Fleire av lensmennene i bygda budde der, både på 1600-talet og etter 1867 då Hornindal vart skipa som eigen kommune, utskilt frå Eid.

Lærarar og klokkarar

Portrettbilete av Knut Rasmusson Kirkehorn.

Då skuleordninga kom i 1739, vart ein av bøndene på Kyrkhorne, Knut Rasmusson (1700-1755), den første skulehaldaren i Hornindal. Også dei fleste etterkomarane hans på bruket har hatt same funksjonen. I tillegg har dei vore klokkarar ved kyrkja. Ein av desse, Rasmus Olson (1795-1869), vart utnemnd til første klokkaren i Hornindal. Han bygde også den første faste skulen i bygda for eiga rekning i 1832. Periodevis dreiv også nokre av desse lærarane kveldsskule for ungdom for å gje dei eit betre utgangspunkt for framtidig yrke og/eller vidare skulegang.

Ordførarar og stortingsmann

Då Den Trondhjemske postvei vart bygt på slutten av 1700-talet, vart vegen lagt gjennom Hornindal, og gjennom tunet på Kyrkhorne. Eitt av bruka fekk då postopneri, det første i Indre Nordfjord.

Då Hornindal vart oppretta som eige herad i 1867, vart lærar og klokkar Knut Kirkhorn valt som ordførar, ei stilling han hadde til han døydde i 1885. Han var elles mykje med i offentleg styre og stell, såleis stortingsmann i perioden 1880-1885. Han var Sverdrup-venstremann og sat i Riksretten som dømde regjeringa Selmer i 1884.

Prestebustad og skulehus

I 1866 fekk Hornindal eigen prest. Prestegjeldet kjøpte eit nyoppretta bruk på Kyrkhorne til prestegard og bygde prestebustad der. Etter ein brann i prestegarden vart det bygt nytt prestegardshus kring 1970. Dette ligg også på Kyrkhorne, like ved kyrkja.

Skulehuset i sentrumskrinsen har heile tida lege på garden Kyrkhorne. Sentralskulen som i dag omfattar heile kommunen, ligg også på denne garden.

Idrettsanlegg og kommunehus

Idrettsbana som Hornindal idrettslag opparbeidde i byrjinga av 1930-åra vart lokalisert til prestegarden. Også den nye Hornindal idrettspark, opna i 1989, er lokalisert til Kyrkhorne, like ved den nye sentralskulen.

Det første kommunehuset i Hornindal vart bygt ved vatnet på Kyrkhorne like etter 2. verdskrigen. I 1995 vart det nye kommunehuset, "Smia", teke i bruk på om lag same stad.

Illustrasjon av Kyrkhornstunet's område.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Eid og Hornindal. Oslo 1953.

PERMANENT IDENTIFIKATOR