Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vikafjellsvegen



I 1957 vart vegen mellom Vik og Voss opna. Det var ein lang og hard kamp før det vart veg over Vikafjellet.

Frå opninga av Vik-Voss vegen 13. september 1957. Fyrste bilen køyrde over Vikafjellet hausten 1956, men den offisielle opninga fann stad året etter. Vegen knyt saman to fylke, og det var representantar til stades frå begge fylka.<br />
Vegopninga var ein viktig milepel i Vik, og vegen gav Vik ei open dør til omverda utan å vera avhengig av ferje.

Frå opninga av Vik-Voss vegen 13. september 1957. Fyrste bilen køyrde over Vikafjellet hausten 1956, men den offisielle opninga fann stad året etter. Vegen knyt saman to fylke, og det var representantar til stades frå begge fylka.
Vegopninga var ein viktig milepel i Vik, og vegen gav Vik ei open dør til omverda utan å vera avhengig av ferje.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-97163.0017.

Datering: 13. september 1957.

Fotograf: Vagn Horn Fjalestad.

Gamalt krav

Ferdsel over Vikafjellet har det alltid vore, både vinter og sommar. Myrkdølene var ofte i Vik, då dette var kortaste vegen til sjøen. Vikjene drog over til Voss, til stølane på vossasida eller med drifter. Det var og mykje samband mellom vikjer og myrkdøler både ved handel, fest og giftarmål.

Tanken om ein køyreveg over Vikafjellet er gamal. Fyrste gong tanken vart lansert i offentleg samanheng, var i Nordre Bergenhus amtsformannskap i 1848. ".. en Vei fra Viig til Voss kunde tilveiebringe en lettet Forbindelse mellom Nordre og Søndre Bergenhuus Amter, samt Bergen", heitte det i ein uttale frå vegkomiteen.

Undersøkjingar

Det vart gjort undersøkjingar, og anlegget vart kostnadsrekna. Men lenger kom ein ikkje den gongen fordi amtmannen i Søndre Bergenhus var imot. Saka var oppe att med undersøkjingar i 1857, 1875, 1878 og 1884, men vegbyggjing vart det ikkje.
Men vikjene og vessene gav ikkje opp, og det vart arbeidd mykje med vegkravet på slutten av 1880-talet. Det vart halde vegmøte både på Voss og i Vik. Tanken med desse møta var å få klarlagt lineval og distriktstilskot. Linevalet sto mellom Bødalen- Myrkdalen eller Ovrisdalen-Endredalen-Tverrheimskaret.

Både i Vik og i Myrkdalen skreiv gardbrukarane under på at dei ville gje fri grunn til vegen. Herada løyvde pengar, det vart gjort nye undersøkjingar og nye kostnadsoverslag. Våren 1895 vende tingmennene for Nordre Bergenhus Amt seg til Stortinget med søknad om å byggja veg på fire år, men søknaden fekk ikkje tilslutning.

Militære argument

Det var ekserserplass i Vik, og dei militære styresmakter støtta kravet om veg over Vikafjellet. Men i 1898 vart Viksmoen lagd ned og flytta til Bømoen på Voss. Dermed fall ein viktig støttespelar bort, og argumentet om veg til forflytting av troppar var ikkje lenger gangbart.

Det vart då ei tid arbeidd mykje for å få jernbane over Vikafjellet, men desse planane vart nedstemde i Stortinget i 1923.

Vegen blir bygd

Utover på 1920-talet såg fleire og fleire at bilen var framtida, og dette gav vegkravet styrke og fart. I 1926-27 var det synfaring på Vikafjellet. På 1930-talet vart det arbeidd aktivt for å få vegen inn på offentlege budsjett, men fyrst i 1938 vart det framgang i saka. Det vart sett i gang ungdomsarbeid i Bødalslidi i Vik. Krigen førte til stillstand i dette arbeidet.

Så i 1948 og 1949 vart det skikkeleg blest om Vikafjellsvegen. Desse åra vart det avvikla ein internasjonal studentdugnad på Vik-Voss vegen. Dette vekte stor merksemd, og frå 1950 kom vegen endeleg inn på offentlege budsjett. Frå den tid gjekk det trutt framover til vegen vart opna i 1957.

Heilårsveg?

Nokre utbetringar har komme sidan, bl.a. vart det laga tunnel på Storehaug i 1984. Men vegen er vanlegvis stengd 2-3 månader om vinteren, og nye utbetringar må til før ein får tunnel frå Hestavollen til Hola. Hausten 1999 vedtok Fylkestinget at det kan krevjast inn bompengar på ferjesambandet Vangsnes-Hella og Vangsnes-Dragsvik til utbetring av Vik-Voss vegen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Beswetherick, Tony: Engelsk student på Vikafjellet 1948. I Pridlao, nr. 1, 1999. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.
Ottosen, Kristian: Studentdugnaden på Voss-Vik veien. I Pridlao, nr. 3, 1995. Vik Lokalhistoriske Arkiv, Vik i Sogn.
Øen, Finn: Vik-Voss-vegen. I Bygdabok for Vik, s. 334-359. Bind II. Bergen 1956.
Statens Vegvesen, Leikanger:
Arkivmateriale om Vikafjellsvegen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR