Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. februar 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Torolv Kveldulvsson frå Fjordane i Sandnessjøen



I Sandnessjøen har sørgåande hurtigrute anløp om ettermiddagen, og passasjerane har til vanleg 20 minutt til å sjå seg om i byen. Hovudgata heiter Torolv Kveldulvsonsgate, og det står ein skulptur, ein mannsfigur med umiskjennelege viking-attributtar – sverd og skjold. Gatenamnet og skulpturen heng i hop og Torolv har tilknytning til Sogn og Fjordane.

<p>Hovudgata i Sandnessj&oslash;en heiter Torolv Kveldulvsonsgate.&nbsp;</p>

Hovudgata i Sandnessjøen heiter Torolv Kveldulvsonsgate. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Kveldulv frå ”Fjordane”

I den islandske ættesoga Egilssoga er Torolv Kveldulvsson ein av dei store i persongalleriet. Torolv var son til Ulv, kalla Kveldulv fordi han var fælt kveldsgretten, og Salbjørg, dotter til Berdla-Kåre (Berle i Bremanger). Kveldulv var frå ”Fjordane”, men nærare stadfesting går ikkje fram av Egilssoga.

Stor gåve til Torolv

Torolv vart hirdmann hjå kong Harald (Harald Hårfagre) og var med i slaget i Hafrsfjord, kring 885. Det same var venen Bård Brynjolvsson frå Helgeland. Begge ”vart liggjande av såra sine” seier Egilssoga, ”Såra til Torolv tok til å gro, men såra til Bård syntest vera livsfarlege.” Det var dei, og då det gjekk mot slutten, kalla han Torolv til seg og gav han alt han åtte på Helgeland, kona si Sigrid og mykje jordisk gods. Torolv drog nordover med følgjet sitt, fekk ja hjå enkja og heldt eit stort gjestebod, der det var”ovleg mykje folk”. Og ”det synte seg snart at at Torolv var ein raust mann og ein stor gjæving”, står det å lesa i Egilssoga. 

I unåde hjå kongen

Etter ei tid kom Torolv i unåde hjå kong Harald. Kongen kom uventa nord til Sandnes, garden der Torolv budde, og omringa stova. Torolv sat inne med mennene sine. Kongen sa:
 

”Ber eld til stova; eg vil ikkje slåst med dei og missa folket mitt. Eg veit at Torolv vil komma til å gjera oss stor mannskade, dersom vi skal ta han såleis. Det blir seint [hardt] å vinna han inne òg, enda om han har mindre folk enn vi.”

Torolv og mennene hans greidde å bryta seg ut, ”Torolv gjekk først ut (..) så den eine etter den andre.” Torolv søkte fram til mannen som bar kongsmerket og stakk sverdet gjennom han. ”I same stunda”, fortel Egilssoga, ”stod det både sverd og spyd på han, men kongen sjølv gav honom banesår.” 

Minne om Torolv i Sandnessjøen

Og no (2011) er det altså ”gjævingen” og fjordingen Torolv Kveldulvson hurtigrutepassasjerar og andre møter i namnet på hovudgata i Sandnessjøen, endå til med fullt namn, ikkje berre den lettare og kjappare varianten Torolvs gate. Gatenamn er ein måte å halda gjæve kvinner og menn ”i live”. Søk i telefonkatalogen på nett gjev 165 treff på folk og firma med adresse Torolv Kveldulvsons gate. Og ikkje nok med det. Sandnessjøen har skøytt på med ein skulptur av opphavsmannen til gatenamnet. Litt for ny og fri i forma, vil nok somme meina, helst eldre som er vane med ein litt annan type vikingfigur.

Helgeland og Island

Brørne Torolv og Grim reiste ut frå ”Fjordane” til kvar sin stad. Torolv kom til Helgeland; broren Grim vart landnamsmann på Island. Han busette seg garden Borg og vart far til den vidgjetne skalden Egil Skallagrimsson.

Sommaren 1957 hadde Sogn og Fjordane vitjing av eit stort følgje frå Island. Ferda hadde namnet I Egil Skallgrimssons fotefar. Nokre av gjestene var innom Berle, bygda der Salbjørg, mor til Torolv Kveldulvsson og farmor til Egil Skallagrimsson kom frå.

Dei islandske ættesogene

Dei islandske ættesogene fortel om personar og hendingar i tida rundt 850 – 1050, først og fremst om personar og hendingar på Island men også i Noreg. I følgje Norsk Allkunnebok er dei eldste nedskrivne rundt 1200. 

"Om opphavet deira har det vore delte meiningar, og enno [1964)]  ein har berre nådd fram til få visse haldepunkt. Ein del av stoffet stør seg til genealogiske og historiske oppteikningar frå tida like etter 1100 medan ein del byggjer på tradisjon, alt etter kva ættesoge det er tale om. Ein reknar med at dei fleste av personane har levd, og at ein del av hendingane i røynda har gått føre seg, likevel ikkje alltid slik som det er skildra i sogene. Blømingstida for islendinga-sogene er 1200-talet. Dei mest kjende kan ein karakterisera som historiske romanar, til dømes Egilssoga, Laksdøla og Njålssoga."

Minne om Kveldulv i Sogn og Fjordane

Kveldulv frå ”Fjordane” er vel helst gått i gløymeboka i heimeområdet Sogn og Fjordane. Det har vore spekulert litt rundt kvar i Fjordane han budde utan at det kan seiast noko sikkert. Kvellestad i Vevring har vore framme, samleis Ulvestad i Stryn. Folketeljinga 1910 viser at tre personar i heile landet hadde namnet Kveldulf/Kveldulv, alle frå Sogn og Fjordane,  nærare avgrensa til to i Gloppen og ein i Bremanger. På 1890-talet var namnet framme då Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) skulle gje namn på nytt dampskip. ”Kveldulf” var då eit alternativ, men namnet blei ”Firda”. Og i 1948 kjøpte Lyder Kvellestad i Florø ein eldre båt som han døypte om til ”Kveldulv”. Etter forlis i 1968 gjekk ”Kveldulv” til opphogging. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR