Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sigurd Kvåle - novellist og språkkunstnar frå Sogndal



Forfattaren Sigurd Kvåle (1902-1962), fødd i Sogndal, var i mellomkrigstida ein av dei fremste novellistane på nynorsk i landet. Han skreiv òg romanar, barneforteljingar og lyrikk. Sogndal bibliotek har mange av bøkene hans og ei samling bokmeldingar m.m.

Sigurd Kvåle (1902-1962).

Sigurd Kvåle (1902-1962).

Eigar: I "Sogn og Fjordane". 14.10.1987.

Datering: 1944.

Frå Sogndal til Rælingen

Sigurd Kvåle vart fødd på Kvåle i Sogndal i 1902. Faren var skomakar Lars Jensen og mora heitte Bertine Kvåle. Familien hadde gard og dyrka frukt. Sigurd var eldst av to brør.

I to år var Sigurd elev ved Sogndal folkehøgskule, deretter gjekk han lærarskulen på Stord. Han var ferdig utdanna lærar i 1924. Sigurd Kvåle budde fleire stader på Aust- og Vestlandet: Vigrestad, Aurskog, Torsnes, Tysvær. I 1945 flytta han til Rælingen der han budde resten av livet. Sumarstid vitja han ofte Sogndal.

Han var gift med Astrid, fødd Sandsmark, og dei fekk ein son, Per Lage Kvåle. Sigurd Kvåle døydde i 1962.

Om forfattarskapen

Kritikarane er samde om at forfattaren nådde lengst som novellist, men han gav òg ut barneforteljingar og romanar. Dikt og noveller vart i samtida presenterte i ymse aviser og blad, til dømes Nynorsk vekeblad, Jol i Sogn og Arbeidermagasinet. Mange har beklaga at lyrikken hans ikkje har kome i bokform.

Sentrale tema i Sigurd Kvåle sin forfattarskap er: a) barn, ungdom og gamle menneske, b) bygdesamfunnet, - sosiale og økonomiske tilhøve, særleg i mellomkrigstida, c) menneskesinnet, og d) personar som fell utanfor det sosiale fellesskapet.

"sterkt og gripende"

Edvard Beyer, professor i nordisk litteratur, skriv i novellesamlinga "Perler i prosa" om Sigurd Kvåle:

"Han er en av de få nynorsk-forfattere som har holdt seg til novellen. Av anlegg er han da også en utpreget novellist. Han har evnen til å samle alt i én situasjon. Han forteller raskt og spennende. Med få, enkle ord kan han antyde mye. Og han har sans for symbolikk - ikke den utspekulerte, men den som er ett med stoffet selv.
Alle disse egenskapene møter vi i "Krefter". Den ble skrevet under den annen verdenskrig. Sterkt og gripende forteller den om en dramatisk hending i tømmerskogen. Men den handler samtidig - og usøkt - om noe annet og mer."

Den beste novella

I 1967 kom ei samling av novellene hans ut på Samlaget. Halldis Moren Vesaas stod for utvalet og i forordet skriv ho:

"--- Glede over at så fine ting som dei Sigurd Kvåle kunne skape, skal få ein slik sjanse til å nå nye lesarar, og over at det nett er han som får denne sjansen.
I den andre boka Sigurd Kvåle gav ut "Tider og år", står ei novelle som vart mykje lagt merke til då boka kom ut, den intense, gripande, psykologisk skarpsynte og nådelause "Du er bror min, Ivar". Den novella er av dei beste Sigurd Kvåle har skapt. Dei livsens stebarn som vesle Ivar høyrer blant, har tydeleg stått hjarta hans særleg nær. Av livssyn var vel Kvåle sosialist. I mangt av det han skreiv, finst ein klart indignasjon over slik urett som menneske har gjort mot kvarandre, men som dei òg kan - og med tida skal - bøte på.
Men kva med den uretten som ingen slags framsteg heilt kan rydde ut? Det er framfor alt den uretten som opptek Sigurd Kvåle og fyller han med smertefylt medkjensle. Kvifor leikar livet så blindt med menneskelagnader? Når denne forfattaren var så oppteken av Ivar-ane og andre menneske som lite kan verje seg mot ein lunefull lagnad, hang det sikker saman med ei grunninnstilling hos han: hans vare livsundring, hans djupe respekt for mennesket. Den møter ein i alt han har skrive, same kva slags motiv han tek opp."

Samtidsroman

Sigurd Kvåle gav òg ut romanen "Siglaren" ein samtidsroman om bygdesamfunnet. Denne boka syner klårt Kvåle sitt samfunnsengasjement. Han skildrar her dei økonomiske og sosiale tilhøva - og særleg då skuggesidene - i ei bygd i 1930-åra. Viktig i boka er òg utviklinga hjå den unge Jostein Hamar - frå personleg krise til aktivt arbeid for eit betre samfunn. Han gir eit klårt bilete av motsetningane mellom dei jord- og arbeidslause på den eine sida og storbønder og embetsstand på den andre.

Barneforteljar

Sigurd Kvåle har òg fått ros for sine barneforteljingar. I Norges litteraturhistorie, Cappelen 1975, skriv Kjølv Egeland: "Den fine språkkunstneren Kvåle kommer overbevisende fram ikke minst i hans barnefortellinger".

Bygdeforteljingar

"Håvard på Eggvin" (1943) og "Sterkesmeden" (1948) er to lettlesne romanar eller folkelivsskildringar. Her finn me både romantikk og dramatikk i bygdesamfunnet. Forfattaren sine røter kjem klårt fram både i språket og natur- og miljøskildringane.

 

Sigurd Kvåle-samling på Sogndal bibliotek

Sogndal bibliotek har laga oversyn over Kvåle sin forfattarskap, og har i lokalsamlinga avisklipp, bokmeldingar m.m. I Fjognedokbasen, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sin artikkelbase, kan ein finna ein del noveller og dikt som ikkje har vore utgitt i bokform.

kjelder:

Norges litteraturhistorie. Bind 5. 2. opplag. Oslo 1991.
Avisa Sogn og Fjordane. 14.10.1987. Leikanger.

Nettstader:
http://www.sogndal.folkebibl.no/forfsigurd.html

PERMANENT IDENTIFIKATOR