Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. november 2019

Sist oppdatert 14. januar 2020

Kommune

Rå-data

Gamla – lydbøye og lysbøye på Stadhavet



«Ved Gamla, Furnes, pr. Statt, er utelagt en orgelbøie. (…) Bøiens farve er rød». Det stod i «Bekjendgjørelse fra Fyrdirektøren, nr. 16, år 1916. Seinare har det vore eit flytande sjømerke ved Gamla på Stadhavet; - først ei orgelbøye, det vil seia ei bøye som ga frå seg lyd, seinare kombinert lyd- og lysbøye, og endeleg berre lysbøye.

Lysbøya på Gamla er navigasjonsinstallasjon i ved skipsleia vest av Fureneset på Stadlandet. Det har vore flytande bøye her sidan 1916, først lydbøye (orgelbøye), frå 1930 kombinert lyd- og lysbøye, og dei seinare åra berre lysbøye.

Lysbøya på Gamla er navigasjonsinstallasjon i ved skipsleia vest av Fureneset på Stadlandet. Det har vore flytande bøye her sidan 1916, først lydbøye (orgelbøye), frå 1930 kombinert lyd- og lysbøye, og dei seinare åra berre lysbøye.

Eigar: Kystverket, Ålesund

Datering: 2019

Fotograf: Rune Kristiansen.

Om historikk

Opplysningar til Gamla lydbøye og lysbøye si historie finst fleire stader, t.d. i aviser, bøker og på rapportskjema hjå Kystverket (tidlegare Fyr- og Merkevesenet og Havnevesenet). Fyr- og Merkevesenet førde fortløpane journalar over installasjonane sine, ikkje minst av omsyn til vedlikehald var det nødvendig; - først i protokollar, seinare på lause blad og pr, 2019 digitalt.

Eit rapportskjema frå til dømes 1983 inneheld mange opplysningar av ymse slag; identifikasjonsdata, djupne, tekniske spesifikasjonar, om utført arbeid, datering, underskrift, m.m. Rapport-skjemaet «fortel» at Gamla lysbøye pr. 22. juni 1983 var festa 37 meter over havbotn med kjetting festa til ankerlodd på 2500 kg. Ei lyspære ga frå seg raudt lysblink kvart femte sekund. Av «utført arbeid» går fram at bøya pr. 1983 blei erstatta med ny bøye, og at det blei skifta ut noko av kjettingen.

Vanskeleg farvatn

Sjøkart viser farvatnet der Gamla lysbøye er plassert. Nøyaktig posisjon er 62 o 62 5‘ 8’’ (62 grader 5 minutt 8 sekund nord) 5o 5’ 8’’ aust. Skipsleia går gjennom ei renne mellom Fureneset på Stadlandet og eit grunt område med undervasskjer eller fluer kalla Gnullane lenger vest. Gamla er namnet på ein av grunnane, i røynda to, ei nordre flu og ei søndre flu. Bøya ligg ved den søndre flua. Som alt nemnt vart det lagt ut lydbøye (orgelbøye) her år 1916, og i 1930 kombinert lys- og lydbøye. Det blei helsa velkome. «Farvannet her er meget vanskelig, og lysbøien vil være av overordentlig stor betydning for alle kystbåter som passerer her», stod det å lesa i avisa Fiskeren.

Ola Gangeskar, f. 1959, fiskar og skipper, slår fast år 2019: - Bøya på Gamla var Alfa og Omega. Nå vi var komne innom (sørom) Gamla, var vi berga.

Orgelbøye – lydbøye

Dei første lydbøyene blei kalla orgelbøyer. Forklaringa er at luft blei pressa gjennom lydpipe/lydpiper på same måte som i pipeorgel, og på same måte som dampskipsfløytene; damp blir pressa gjennom lydpipe/piper. Luft til lydpipeverket i orgelbøyene fekk ein ved bølgekraft. Lydmekanismen i bøya var konstruer slik at når bøya blei løfta opp, blei det sugd inn luft, og når bøya gjekk ned att, blei lufta pressa ut gjennom lydpipeverket. Dei største orgelbøyene/lydbøyene på norskekysten var av den cortneyske typen. Nemninga kjem av namnet til den amerikanske oppfinnaren, J.M. Courtney som tok patent på oppfinninga si i 1874.

«no kan du hyle»

Bøya på Gamla ligg nord i Sildegapet. I dei store sildeåra midt på 1900-talet vart det også fiska mykje sild på dette feltet. Farvatnet ved Gamla kan òg vera vanskeleg på den måten at straumen ofte går stri. Ole Gangeskar, Flatraket, fortel (2019) at ein gong hende det at eit bruk hadde kasta, men så drive rett på bøya slik at nota hengde seg fast. Dei måtte opp på bøya og skjera laust. Dette hende medan det enno var lyd i bøya på Gamla, og når bylgjer og dønning løfta opp og sleppte ned, kom karane sjølvsagt uvanleg tett på lyden. Etterpå knytte det seg ei herme til hendinga:  - Ja, no kan du hyle, di gamle tøle.» (ordet tyl, hokjønn tøle/tyle, kan ha fleire tydingar: arbeidstræl, intelligent tosk, m.m.)

Reservebøye med fullt utstyr

Dagfinn Hessevik fortel noko om Gamla lydbøye og lysbøye i Årbok for Nordfjord 2006. Lydbøyene her til lands var i tre storleikar, og av dei største fanst det i underkant av 20. Lydbøya på Gamla var ei av dei største, og den einaste i Sogn og Fjordane. Hessevik fortel:

Til alle disse bøyene var det en reservebøye med fullt utstyr. Den som var reserve for Gamla, var lagret i et naust på Flatraket, og lå på en skinnegående slippvogn. Naustet var ca 12 meter langt, og for å få plass til bøya trengtest nesten hele lengden. Bøya var så tung at Kystverkets skip ikke hadde løfteinnretning til å ta den om bord. Når det var aktuelt å skifte bøye, rutinemessig hver vår, ble den derfor slept på strekningen inn til eller ut fra Flatraket av merkedampskipet «Villa»

Hessevik har med namn på lokale tilsynsmenn. Jonas Bakke og Ola Gangeskar sytte for vedlikehald i mange år. Sameleis Peder Flatraket Fure og Kjell Kr. Fure.

Statensnaustet på Flatraket 2019

Fyrvesenet bygde naust til reservebøye for Gamla i Sørpollen ved Flatraket. Dei leigde grunn av garden Gangeskar. Opp frå sjøen og inn i naustet gjekk to skjenegangar for spesiallaga trekkvogn. Naustet var i bruk fram til kring 1972 då naust og grunn gjekk tilbake til garden.

År 2019 står naustet framleis; trygt bardunert på tufta det vart bygt. På folkemunne kallast det Statensnaustet. Skjenegangane er der og, med ei rusta opptrekksvogn på den eine. Avrunda tverrstykke vitnar om transport av rundforma gjenstand.

«stunde og dunde uti havet»

Lyden av orgelbøyene var høg og hol, og skræmande i uvêr og bekmørkre, om du ikkje visste kva det var. Trysilmannen Haakon Garaasen (1887-1957), småbrukar, forfattar, journalist og lokalhistorikar sveipar innom dette i kjellarføljetongen Eg låg og baska utmed Skagerakk i avisa Den 17de Mai, år 1923. Garaasen er «på reise», på kysten. Eit avsnitt har overskrifta Gasten sjøl ..

«Ligg det lik i sjøen no i natt? Høyr! Tri kvart mil ut i Skagerakk ligg det lik i sjøen no i natt. Lik ? Enno er det ikkje lik; enno er det liv i’n. Men kven er det som ligg tri kvart mil ut i Skagerakk og tekst med døen no i natt og drønn og stønn og ber seg ille med ank og stank? Mann er det ikkje og ikkje møy og ikkje menneske i verda hell. Troll er det, havtroll; draugen, gasten. Gasten sjøl. (…)

Men det er ikkje lik. Det er berre ei bøye; lydbøye. Havet bryt kring lydbøya; bryt og pressar ut luft. Eg var berre ein landkrabbe, d.v.s. ein tosk. Eg kom frå lengst inn i Skandinavia. Men når fekk ein frå lengst inn i Skandinavia og Kjølens Rand høyra ei lydbøye. Aldri. (…)

Whistling buoy – kvalitetsvin i New Zealand

Det engelske ordet for lydbøye er whistling buoy, fløytande bøye. Dei blei gjerne lagde ut ved innseglinga til hamnebyar. Hamnebyen Lyttleton i New Zealand hadde whistling buoys. Dei er bort no, men dei lever vidare på vinflaskene til den lokale vingarden Kokoly Vineyard. Ei lydbøye, ei whistling buoy, pryder etikettane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

 Kroken, Johan. Flatraket, Selje: Munnlege opplysningar 2019.


Gangeskar, Ole. Flatraket, Selje: Munnlege opplysningar. 2019.


Tunheim, Harry. Drage, Selje: Opplysningar 2019.


Hessevik, Dagfinn: Fyrstasjoner, lykter og sjømerker i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord. 2006


Rode, C.F: Fyr- og Merkevæsenet. I Den norske sjøfartshistorie fra de ældste tider til vore dager. Bind 3. 1929.


Kystverket, Vest, Ålesund: Informasjon frå Kystverket 2016


Neil Pattison, New Zealand: informasjon pr. epost 2019


Norsk Kundgjørelsestidende 05.10.1921

PERMANENT IDENTIFIKATOR