Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 14. mars 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fotografen Olai Fauske (1887-1944): Modernist og norskdomsmann



Kva var det som fekk ein ung gut, fødd og oppvaksen på ein litt avsidesliggande gard i Sunnfjord kring siste hundreårskiftet, til å bli fotograf i heimbygda? Det var eit yrkesval som låg milevis unna det andre ungdomar på denne tida kunne tenkje seg. For dei som ikkje hadde ein gard å gå til var både utflytting til Bergen og, ikkje minst, draumen om Amerika meir lokkande, anten som eit høve til å legge seg opp pengar på hardt arbeid nokre år, eller som ein stad å byggje heile framtida si på.

Sjølvportrett frå tidleg i fotografkarriera.

Sjølvportrett frå tidleg i fotografkarriera.

Datering: Ca 1907

Fotograf: Olai Fauske

Familiebakgrunn

Olai var fødd på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Mora heitte Kristiane Mari Salomonsdotter og kom til garden som kone til Elias Martinus Olson Fauske og fekk 5 born med han. Han drukna og ho gifte seg opp att i 1878 med Anders Matiasson Reikvam og dei fekk 4 born. Olai var den eldste av desse. Men som eldste gut i andre ekteskap fekk ikkje Olai overta garden. Den gjekk til mora sin svoger frå første ekteskap.

Olai hadde dårleg helse, slik at hardt fysisk gardsarbeid ville uansett vore ein uaktuell livsveg for den unge guten. Utvandring til Amerika, enten for ein periode eller meir permanent, var svært vanleg for mange unge på denne tida, og Olai hadde både sysken og andre jamaldrande sambygdingar frå Fauskegrenda som drog til Amerika. Fleire av desse var Olai jamleg i kontakt med. Han hadde nok eit realistisk bilete av livet på andre sida av havet, og i fleire av breva frå vener og slekt, får han støtte for det valet han gjorde. Også rådgjevarar i bygda heime støtta yrkesvalet hans.

Yrkesvalet

Allereie i 1904 hadde Olai bestemt seg for å satse på ei framtid som fotograf og året etter drog han til Bergen med ein lærlingkontrakt hjå fotograf Otto Talle i bagasjen. I Bergen var det eit stort fotografmiljø, og den næraste staden ein ung sunnfjording kunne lære eit slikt yrke. Olai fekk låne pengar hjå ein halvbror i Naustdal, såpass at han kunne få ei læretid på kring 3 månader

Etter læretida drog Fauske attende til Sunnfjord og starta eigen praksis i 1905 med adresse Ærvik, Søndfjord. Han budde saman med mora og den yngre søstera, Anna. Det at fleire av søskena hadde emigrert gjorde og at dei to heimeverande borna fekk eit særskilt ansvar for mora.

Olai starta eit ambulerande atelier og reiste rundt i bygdene og fotograferte. For å marknadsføre seg, la han ut kort på krambuer og andre møteplassar. Der gjorde han greie for kvar han var til ei kvar tid. Etter kvart fekk han også trykt opp større plakatar og prislister til oppslag.

”…det gildaste ein kan sende vener”

Olai Fauske var i mange tiår einaste fastbuande fotografen i Førde. Fleire av dei landskjende fotografane som Axel Lindahl og Knud Knudsen reiste gjennom bygda med jamne mellomrom frå 1860-talet og frametter. Postvegen mellom Trondheim og Bergen gjekk gjennom Førde og det har ført til at bygda er godt dokumentert fotografisk også i tida før Fauske opna praksis.

Olai Fauske fann seg tidleg ein eigen nisje i marknaden. Det var avbilding av folk, gardar og landskap i heimegrendene til vener, slektningar og andre som hadde emigrert til Amerika. I ein annonse i Den 17de Mai i 1911 heiter det:

”Noko av det gildaste ein kan sende vener slektningar og kjenningar som er burte fraa heimen, er eit godt bilætkort fraa heimstaden eller heimbygdi. Det er ogso ei høveleg tid no, daa alt stend paa det fagraste og faa seg eit bilæte av garden eller grendi, og etter dette bilætkort. Er det so der ikkje er nokon einskild som vil taka kostnaden paa seg aaleine, kan fleire slaa seg saman, og daa vert der ikkje saa mykje paa kvar. Korti vert prenta med god norsk tekst.”

Og responsen frå det norske Amerika var god. Dei skreiv attende til Fauske og takka og kom med framlegg om motiv dei ynskte seg. Lengten etter heimbygda var stor og Olai fekk ei viktig oppgåve i å oppretthalde minna.

”Du lover mig flere belleder der gjemmefra, og dem maa du ikke glemme at sende mig, for det er den bedste moro jeg har, naar jeg faar nogen saadanne der gjemme fra. Du synes vel jeg er noksaa bejerlig, jeg har faat mange før fra dig. Men aligevel saa kan jeg ikke slute at tige om flere, om du kan spare nogle."

At også mottakarane hadde noko å seie vitnar fylgjande brev frå venen Alfred i 1909 om:

”Du, naar det lider ut i juni trur eg det ikkje var saa dumt aa freiste faa eit prosp. av Erviki, daa er alle lider grøne, fossen kanskje noko stor, eg likte best det. Eimbaaten, ja eg veit ikkje eg, det kunde kons være mest det same um den ikkje var der elder um den laag ved bryggje – eg veit ikkje eg, dette skynar du bedst sjølv.”

”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai”

I 1912 flytta Olai Fauske heile fotografiverksemda si frå heimegarden og inn til Teigen i Førde. Her kjøpte han seg hus som kunne romme atelier, butikk og bustad. Han hadde med det eit betre og meir sentralt utgangspunkt for verksemda si.

Om det var det som var avgjerande eller ikkje er uklart, men i brevet frå barndomsvenen Alfred i 1909, som er sitert over, kjem han og med fylgjande gode råd: ”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai. Eg trur du kan leve godt der inne.”

Olai Fauske held til i huset i Teigen fram til han døydde i 1944.

Den fotografiske praksisen

Vi har sett korleis Fauske fann seg ein nisje med å sende bilete av lokale landskap og folk til utflytta sunnfjordingar i Amerika. Desse bileta hadde ein eigen funksjon – dei skulle tilfredstille det litt romantiske biletet som mange utflytte hadde av heimegarden og heimegrenda etter nokre år i utlegd. Bileta var ein sjanger som Fauske meistra til fulle, noko dei mange attendemeldingane og syner.

For å gjere fotograferinga til ein leveveg måtte han likevel ha fleire bein å stå på. Fauske hadde i alle fall fire. Viktigast, eller i alle fall det som utgjer det største materialet i ettertid, var nok portrettfotograferinga av enkeltpersonar og grupper. Til å byrje med vart dette, på grunn av lystilhøva, gjort i friluft, men etter at han flytta inn til Førde kunne avbildinga også skje i atelieret.

Eit anna bein var produksjon av skulebilete. I Førde var det to aktuelle skular der han kunne drive denne verksemda – Førde Ungdomsskule på Solvang og Mo Jordbruksskule. Bileta kunne vere gruppeoppstillingar, enkeltbilete montert med namn og år og sentrert rundt eit bilete av skulen, eller meir uformelle oppstillingar som elevane kunne kjøpe med seg som minne.

Det tredje beinet kan ein kalle reportasjebiletet, der Fauske skildra bygda og bygdelivet i fest og høgtid, men også i arbeid. Han er med ungdomslaget på fjellstemne og idrettsstemne, på fest med trekkspel og på 17.mai feiring. Olai Fauske var ein modernist i si tid, noko også mange av avbildingane hans omkring arbeidslivet i bygdene syner. Det er moderniseringsprosessen på bygdene han fotograferer, med meieridrift og separator, elektrisitetsverk og mekaniseringa på gardsbruka. Det typiske arbeidsbiletet i så måte er av hesten og slåmaskina, med den stolte eigaren sittande på maskina og familien i ein halvring bak.

Post mortem-fotografering

Det fjerde, men slett ikkje minst viktige beinet var det ein kan kalle oppdragsfotograferinga. Dette gjekk i hovudsak ut på fotooppdrag i samband med ulike vendepunkt i familielivet, då særleg bryllaup og gravferder. Ved slike høve vart fotografen bodsendt. Det kunne vere eit planlagt oppdrag slik det var ved bryllaupsfotograferinga eller det kunne vere eit hastig utkalla oppdrag i samband med dødsfall. I eit av breva som ligg att etter Fauske heiter det:

”Herr Fotograf Fauske. Jeg maa bede Dig komme ut her kommende torsdag med dampskibet for at tage billede av min avdøde kone Anna. […] Jeg skal betale det som De maa ha for reisen. Vi maa have to forskjellige billeder et av dem før laaget er lagt paa og et med det hele følge med Kjesten. Er det mulig for Dig saa maa du komme. Kan du ikke vente herute til dampen gaar indover igjen lørdag skal jeg skaffe Dig Skyds hvis det haster for Dig at komme hjem igjen. Hilsing ….”

Dette gir oss eit innsyn til ein røyndom som ikkje alle i dag kjenner til. At det vart tatt bilete i samband med bryllaup er skjøneleg, men at død og gravferd skal vere eit arbeidsfelt for fotografar fortonar seg litt meir framand.

Avbilding av den døde, eller post mortem-bilete, har ein tradisjon som er eldre enn den fotografiske teknikken. Når dei fotografiske bileta tok over for måleriet i andre halvdel av 1800-talet, vart det svært populært og kunne takast i bruk også av folk flest. Det underlege og det som for mange har vore ei gåte, er likevel at denne tradisjonen fekk ein brå slutt kring første verdskrigen. På same vis som det har vore vanskeleg å forklare populariteten til desse bileta, har det og vore vanskeleg å forklare fråværet av bilete. Det mest sannsynlege svaret på dette er at det var synet på døden og dei rituelle handlingane knytt til døden som endra seg. Den ”tradisjonelle” døden var ei sosial hending, medan den ”moderne” døden vart privat og hadde ikkje lenger rom for fotografen

”No er det i Norig atter dag” - Forleggjar og målmann

I tillegg til fotograferinga dreiv Olai Fauske også som kortforleggjar i tida mellom 1907 og 1920. Fauske var sterkt merkt av den bygdenorske tidsånda på denne tida som gav seg utslag mellom anna i målstrev, frilynt ungdomslagsrørsle, skyttarlag og norskdom.

Sal av fotografiske prospekt hadde lenge vore ei god inntektskjelde for fotografar, men rundt århundreskiftet kom det tekniske nyvinningar på trykkerifronten som gjorde det lettare å masseprodusere desse korta.

Den ideologiske grunnhaldninga til Fauske kunne ein avlese på begge sider av korta, både gjennom motivvalet på framsida, og på teksten han let trykke på baksida. Der sto det ”No er det i Norig atter dag. Brevkort fraa Norig”. Annonseringa han dreiv for desse korta var svært aggressiv og han omtala heile tida verksemda si som ”Forlag av norske kort”, eller endå til ”Heil-norske jolekort”. Annonseringa føregjekk gjennom nasjonale nynorske aviser og blad som Gula Tidend, Den 17de Mai og Unglyden, i tillegg til dei lokale avisene. Marknaden hans var bygdefolk heime og i utlegd. Olai Fauske kjende sitt publikum og gjorde det svært godt som kortforleggjar.

Modernismen sin framvekst


Det at Olai Fauske valde eit yrke som syner ut over bygdesamfunnet sine tronge og tradisjonelle karrierevegar, tyder på at ein moderne mentalitet var i ferd med å vinne innpass i bygdesamfunnet. Denne tidsperioden har ein del særkjenne som kan vere med på å forklare yrkesvalet til Olai.

For det første var det ei tid der det gamle gardssamfunnet var i oppløysing. Det gav seg materielle utslag som jordskifte på gardane, utflytting frå dei gamle fellestuna, nye driftsmåtar og ein ny økonomi der pengehushaldet i større og større grad erstatta det gamle naturalhushaldet.

Men det førte og til mentale endringar som ei gradvis oppløysing av gamle institusjonar som bedelag og dugnad, som alle var baserte på fellesløysingar, til akseptering av nye tankar og meir individuelle løysingar.

Det er også ei tid der trua på framstegsteknologien var sterk. Mange tekniske nyvinningar fekk innpass på denne tida, både i gardsdrifta og i samfunnet elles.

Det voks og fram eit samfunn med mykje større mobilitet enn tidlegare. Mobiliteten gav seg utslag i nye vegar og dampskipsruter som gjorde at folk kunne forflytte seg i større grad enn tidlegare, både innanlands og ut over landet sine grenser. Men det førte og til ein sosial mobilitet som gav høve til sosial klatring. Litt forenkla kan ein seie at ein gut som tidlegare var fødd på ein husmannsplass hadde stor sjanse for også å døy som husmann, medan han no kunne vere fødd husmann og døy som handelsmann, politimann, farmar i Amerika – eller fotograf.

Grunnane som er nemnde ovanfor – den dårlege helsa, støtte frå vener, ansvarskjensla for mora og framveksten av eit moderne samfunn som tillet slike val – er nok det som til saman forklarar kvifor Olai gjorde dette uvanlege yrkesvalet og med det sikra ettertida i Sunnfjord ei svært viktig kulturhistorisk kjelde.

Ein mann av si tid

Olai Fauske var ein mann av si tid. Ein modernist med røter i det bygdenorske. Dersom nokon ser ei motsetjing i eit moderne yrkesval kombinert med norskdomsrørsle, skal ein vite at norskdomsrørsla på slutten av 1800-talet var ei radikal og moderne rørsle som sprang ut av intellektuelle krinsar i byane, ei rørsle som spreidde seg ut over landet til ei stor politisk og nasjonal reising. Det er i denne tradisjonen ein må sjå Olai Fauske og gjerninga hans.

Kjeldematerialet

Mykje av kjeldematerialet etter fotograf Fauske er bevart. Det gjeld det fotografiske materialet, gjenstandar og ulike arkivalia. Mykje av dette er digitalisert og søkbart og vil bli utvida etterkvart.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok Band 2. Gardssoga og soga om folket. 1992


Reiakvam, Oddlaug: Bilderøyndom – røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tidsuttrykk. 1997


Tyssen, Asbjørn: Modernist og norskdomsmann. Olai Fauske 1887 – 1944. Jul i Sunnfjord 2008


Sunnfjord Museum. Gjenstandar etter Olai Fauske


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotosamling etter Olai Fauske


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Privatarkiv etter Olai Fauske

PERMANENT IDENTIFIKATOR