Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. juli 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Underdalsgeiter på vårbeite langs fjorden



Geitene i Undredal er heldige geiter. Dei slepp vera innomhus meir enn ca 5-6 månader i året. Allereie i månadsskifte april-mai får dei første koma ut på friskt vårbeite. Det første beitet er langs fjorden der maten kjem tidleg. Seinare ber det til støls.

Ut langs fjorden med hopp og sprett.

Ut langs fjorden med hopp og sprett.

Eigar: Pascale Baudonnel, Undredal

Datering: 25.05.2007

Fotograf: Pascale Baudonnel

Tilvenning
Det er viktig for mjølkekvaliteten og for osten at fôrendringar skjer på ein skånsam måte. Bråe fôrovergang gjev mjølk som er vanskeleg å yste av pga ubalanse i proteinsamansettinga. Beiteslepp om våren er ei kraftig fôrendring. For å få til ein god overgang, bør ikkje geitene få beita meir enn nokre få timar dei fyrste dagane og elles få tilnærma normal vinterforing inne i fjøset. Men det vårfriske fôret er så velsmakande at dei raskt vrakar vinterhøyet og heller venter på å koma ut.
Etter ei lita veke gjev me etter og let dei gå og beita heile natta. Men dei må vera inne halve døgnet for å eta noko høy og fordi me ikkje kan vakta på dei heile døgnet. Dei kjem lett inn i hagane frå vårbeite.

Bortom
Tidlegare sette alle geitebruka i Undredal geitene sine på Bortomteigane tidleg i sesongen. Denne lia, på andre sida av fjorden, rett ovanfor Undredal, er sørvendt og der kjem maten ekstra tidleg. Då måtte ein reisa over fjorden med båt to gonger om dagen for å mjølka.
Me var dei siste som held denne tradisjonen ved lag, men me slutta for ein del år sidan p.g. av arbeidsmengda då me fekk småbarn. Det kunne og vera problem med mjølkekvaliteten.

Dag eller nattbeiting
Dei fyrste åra me hadde geitene langs fjorden, istadenfor Bortom, tok me dei ut om dagen. For å læra dei ny beitevanar, gjekk eg med dei på beite i heile dag. Så litt etter litt let eg dei gå frå meg og dei fekk beita åleine. Men det vart mykje arbeid med å passa på når dei kom att fordi dei då kunne koma seg i hagane.
Norske geiter er ganske lik villdyra som helst beiter i skumringa eller i grålysinga. Difor prøvde me etter nokre år å la dei gå ute om natta istaden og det fungerte mykje betre. Dei trakk lenger ut på beitet, og kom ikkje heim før på morgonkvisten før dei skulle mjølkast. Dei vart heller ikkje solbrende på juret.

Hardt for juret
Beiteslepp er ei tøff tid for juret. Jurhuda er sart etter vinteren innomhus. Ute vert det raspa opp, spesielt framme av bringebærris, klunger og steinar. Det toppar seg etter 4-6 dagar for så å gå over etter ca. 10 dagar. I denne perioden er det viktig å bruka god jursalve, gjerne med solfaktor om dei går ute om dagen. Det vert ein del sparking under mjølking på denne tida. Etterpå er jurhuda herda og mørkare på farge, og dei vert ikkje såre meir resten av sommaren. Noko meir tungmjølka vert dei av same grunn. Det hender også at dei får slintrer (kvite klumpar) i mjølka som viser at perioden er ein belastning for jurhelsa óg

Matfatet
Geiter på beite er aldri i ro. Dei et litt her og der, og går alltid vidare til neste godbit. Kjem dei på ei frodig eng, et dei kanskje berre eit par tygger og fer vidare. Dei elsker lauv frå trea, og dei står gjerne på to bein for å nå lenger opp. Bregner som krøllar seg opp om våren, gneg dei ned til rota. Bringebær, selje, bjørk og rogn er delikatesser. Hassel og older likar dei mindre, så difor er det mykje av det i beiteområda. Men dei smakar litt på det også. Nypebusk er også ein favoritt. Dei et også barken med tornane på.

Beiteteknikk
Framme har geiter tenner berre i underkjeven. Dei bruker dei som ein høvel når dei skal ha tak i bark. Dei rasper nokre gonger oppover stamma til dei får laus ein flik. Så klyp dei til mellom tennene nede og gommane oppe og dreg til slik at dei får flekt av ei remse bark. Då er det berre å gomla i seg herligheita med dei kraftige gjekslane. Er greinene tynne, tygg dei av heile greina rett i munnvikane der gjekslane er. Dei et greiner opp mot ein cm i diameter. Dei har utvikla mange triks for å få tak i greiner og lauv. Dei kan t.d. dra ned ei grein med munnen for så å setja framfoten over og halda greina til dei har fått renska den for lauv. Dei brukar og halsen til å halda greina. Har ei geit fått ned ei fin grein, spring gjerne dei andre til for å få med seg ein bit dei og. Nokre klatrar til og med på andre med frambeina for å koma lenger opp.

Landskapspleie
Der geiter går og beiter vert ikkje enga som ein plen slik som etter sau eller hest, men skogen vert open og tigjengeleg og markene gror ikkje att så fort fordi dei tek nyskoten skog. Men det må eit ganske sterkt beitepress til for at det verkeleg skal monna. Lia langs fjorden er beita nokre veker om våren og kanskje litt om hausten og der har spesielt hasselskogen hatt stor framgang dei siste 25 åra. Grøne, bratte slåttemarker er no fullstendig tilgrodd med hassel. Men det hadde vore endå verre utan geitene sin innsats i området.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR