Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Luster bedehus



Bedehuset i Luster (Dale) høyrer med til dei eldste i Sogn og Fjordane. Det stod ferdig og vart vigsla i 1903. Det stod tett ved vegen, og namnet var då Dale bedehus. I 1960 vart huset flytt og sett opp der det står no. Luster bedehus er eit godt og tenleg forsamlingshus med mange brukarar og mange slags aktivitetar.

Dalsøyri i Luster med bedehuset midt i biletet. Det stod tidlegare heilt nede ved riksvegen, men vart flytta i 1960.

Dalsøyri i Luster med bedehuset midt i biletet. Det stod tidlegare heilt nede ved riksvegen, men vart flytta i 1960.

Eigar: Bjørg Hovland

Datering: 1980-talet

Fotograf: Postkort/Fotograf Sviggum, Sogndal

Mykje brukt
Luster bedehus står ca 25 meter på oppsida av riksvegen ca 100 meter nord for Dale kyrkje. Det er kvitmåla og har ein kross av farga glas i nordre endeveggen. Dei siste15 åra har huset stadig vorte utbetra. Båe salane er pussa opp. Siste året er røyrstolane bytte ut med nye stablestolar med stofftrekk. Kjellaren har møterom, lettvint kjøken med gode hjelpemiddel og dekketøy til 80 personar. Ei leilegheit med eigen inngang i andre høgda vert brukt til ungdomsaktivitetar. I det heile er bedehuset i god og tenleg stand, og vert mykje brukt.

Det gamle bedehuset
Folk refererer gjerne til det gamle bedehuset og det nye bedehuset. Det er det same huset, men det vart flytta og omvølt i 1960. Det gamle bedehuset hadde eit lite vindfang og inngang frå sør, før ein kom inn i vetlesalen. Der var plass for å henga av seg ytterklede, fem-seks benker og tropp opp til "galleriet". Det var doble dørar inn til storesalen som hadde langbenker med ryggstø og hylle bak for kaffikopp o.l. På gavlveggen innover stod orgelet til venstre på oppbygt podium. Talarstolen stod midt imot og eit stort bilete av Jesus som går på vatnet hang på veggen bak. Anders Urdahl sitt maleri " Nattverden", hang på nordveggen, slik det framleis gjer. Fargane inne var i lyst og mørkare brunt, ute var det kvitt.

Kjøken var eit smalt rom ved sida av vetlesalen. Diskar på båe sider, plass for vassbyttene, ein stor vedkomfyr med ein diger koparkaffikjel, tre dørar og det eine glaset som vende opp mot prestabakkane, i dag Bringebakkane. Vindaugo i salane vende ut mot vegen, så nær, at når ein sykla, kunne handa stryka veggen.

Minne frå bedehuset
Kristina Langeteig var kokke i bedehuset i mange år, så lenge ho orka. Etter henne vart det Lina i Urnane (Lina Urne). Kven hugsar ikkje desse arbeidsame kvinnene i kvite forkle, ståande i damp av kaffi og mat over vedkomfyren, vassbøttene som måtte fyllast og berast i mørkna og på hålka frå sløka i grovi 30 meter inne i vegkanten. Oppvasken i den store baljen, dogga som rann nedover kalde glasruter, kokande varm kakao og julebrød pakka inn i serviett på juletrefestane.

 

På søndagsskulen sin juletrefest var det alltid Peder Vigdal som tala, og han fortalde kva han hadde fått i julegåve. Det var like spennande kvart år. Elles var det fleire som spelte orgel, m.a. Kjersti Hærum, Ragna Mo Larsen, Margit Fidjestøl, men organisten, Eirik Hærum var den vissaste. Lærar i småskulen på Dale skule i 49 år, frøken Margit Eidsnes, leia barnelaget Mjølner. Dei samla inn pengar til nytt orgel i femtiåra. Piano fekk bedehuset i 1970-åra.

Vigsla 1903
Luster bedehus eller Dale bedehus som var namnet til 1987, vart bygt på dugnad av innsamla midlar og gåver. Dei fekk tomt tett ved vegen på den delen av prestegarden som var kalla Årstu. Ei husmannsstove hadde stått der før, jord skulle ikkje øydast! Det vart vigsla jonsokdagen 24. juni 1903 av sokneprest Anders Halvorsen.

Det fyrste styret
Same dagen som huset vart vigsla og teke i bruk, vart reglane for huset godkjende og styre valt:
"Formann sokneprest Halvorsen, nestformann kirkesanger Hans Mo, kasserer Hans T. Bringe, kaarmand Tomas Dalsøren, gbr. Kristoffer Sørheim og kone Johanna Fjøsne Ottum." "Kirkesanger" Hans Mo førde møteboka i fleire år, fyrst på riksmål, men frå årsmøtet i 1910 på nynorsk, og heretter med tittelen "klokkar".

Huset flytta 1960
Etter som åra gjekk vart det snakk om å utvida og flytta huset lenger frå vegen. Trafikken på vegen uroa møta, og vegstøvet la seg over bord og benker same kor ein vaska. Krigen var ikkje forvel slutt før formannen fekk fullmakt til å forhandla med arkitekt og om prestegardsjord. Arkitekt Bjerknes si teikning vart godkjend, og pengeinnsamling kom igang på slutten av 1946.

I 1959 kom vegvesenet med tilbod om kr. 10.000 og kommunen løyvde 14.000 til flytting av huset. Byggmeistaren sitt overslag lydde på kr. 64.000. I 1960 vart så bedehuset flytt og sett oppatt der det no står, utvida, og på ein tryggare stad enn staden ein fyrst hadde tenkt seg. Der synte det seg å vera leira i grunnen.

Finansieringa
Fyrste styremøtet 4.1. 1961 tok føre seg m.a. økonomi og pengeinnsamling også denne gongen. Byggjekostnadane lydde på kr. 96.000. Lister som galdt både dugnad og pengar vart lagt ut, og det vart søkt banken om rentefritt lån på kr. 10.000. Folk var flinke til å gi ,--"både pengar, arbeid og tid--". Smeden på Tadlagjerde, Rasmus i Li, gav 1000 kroner og oppmoda ti-elleve andre i bygdi om å gi 500. Dette gav eit resultat på ca. 15.000 kroner. Øystein Alme og Sigurd Dalehaug hogg 18 furer, Sigurd og Brita Kilen heldt hus og kost til elektrikarane frå Hafslo, men mange, mange hjelpte med det dei kunne. Lista på gratisarbeid talde 109 dagar.

"i kristelig aand"
Paragraf 1 i reglane - som dei vedtok i 1903 - fastset bruken av bedehuset:

"Dale bedehus skal benyttes til forkyndelse af Guds ord i overensstemmelse med den evangelisk-lutherske bekjendelse. Også andre sammenkomster i almindeligt øiemed kan med bestyrelsens tilladelse holdes i lokalet, naar de holdes i kristelig aand og ellers ikke komme i veien for husets egentlige bestemmelse. Denne paragraf kan ikke forandres."

Allsidig bruk
Bedehuset har i alle år vore nytta til det var bygt for, kristne møte, stemne, festar, basarar og søndagsskule. Men det har også frå tid til anna vore brukt til undervisning av ymse slag, - til å "lesa for presten" (konfirmasjonsførebuing), til sy- og framhaldsskule og til skulekjøken. Bygdefolk har brukt bedehuset i samband med gravferder og andre familiesamkomer.

I 1919 fekk dei spørsmål frå ordførar J. Flohaug om å få nytta bedehuset til kommunale møte, og på visse vilkår vart svaret ja. Mellom anna skulle det ikkje nyttast på kveldstid eller i helgar. Bedehuset har òg vore nytta som stemmelokale. I fleire år, fram til 1967, heldt Luster trygdekontor til i leilegheita i andre høgda.

Johan Dalehaug
Ein mann som må nemnast serskilt når det gjeld bedehuset, er Johan Dalehaug. I årevis har han vore leiar i bedehusstyret. Serleg i flytteperioden, var han med si interesse, og sin kunnskap som snikkar og handverkar til uvurderleg hjelp som byggjeleiar. Johan vart fødd 1914. Etter han har Arnstein Urne for det meste har vore formann.

Rekvirert av tyskarane
I krigsåra 1942-45 okkuperte tyskarane bedehuset og brukte det som kaserne. Det vart ei stor opprydding og reingjeringssjau i 1945 før huset kunne takast i bruk att.
Tyskarane ransaka hus og heimar etter våpen og radioar, spanderte drops på ungane, (me var litt i tvil om me torde ta imot). Dei køyrde motorsykkel, song og marsjerte, men gjorde elles ikkje mykje av seg. Dei hadde familiar heime i Tyskland. På eit husbesøk var ein soldat på gråten då han strauk ein toåring over håret, og let dei forstå at han hadde ein son på den alderen heime.
 

Møteverksemd i prestegarden under krigen
I desse krigsåra vart det halde møte og samlingar i inste stova (beststova) i prestegarden, og konfirmantane les for presten (hadde konfirmasjonsførebuing) i vetlesalen i bankhuset. Sokneprest Fidjestøl var komen hit same året som krigen braut ut. Han la ned den statlege delen av embetet i protest.

Veden som var hoggen til bedehuset var verdsett til kr. 60.- . Bedehusstyret ville betala presten husleige på kr. 150.- + veden, men presten ville ikkje ta imot for leige. "Me har motteke så mykje godt av folket i Luster at det er ei glede for oss å få gjera denne tenesta att", skreiv Fidjestøl i brevet til bedehuset.

Namnet på bedehuset
Bedehuset fekk namnet Dale bedehus, og heitte det inntil ein strid om bygdenamnet toppa seg med sak i kommunestyret i 1983, - etter at det over natta vart bytt ut skilt med namnet Luster til Dale og bygdefolk sette seg til motmæle. Då bestemde bedehusstyret seg for at namnet skulle vera Luster bedehus. Bygdefolket ville ikkje dela namn med dei mange stader som heiter Dale. At kommunenamn og postadresse ikkje er det same, finst det mange døme på i Noregs land.

kjelder:

Hoff, Anne Marta, ofl.: Dale kyrkje 750 år.2000
Informasjon frå:
Arnstein Urne, Luster.
Gunvor Stølen, Luster.
Tilfang i arkivmateriale frå Luster bedehus.

PERMANENT IDENTIFIKATOR