Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Nessane bedehus



Nessane fekk bedehus i 1938. Det vart bygd for ei testamentarisk gåve frå ein utflytt nessing, indremisjonsmannen Ola G. Nesse. I 2006 er huset huset ikkje i bruk, og det er uvisst kva som kjem til å skje med bedehuset i framtida.

Nessane bedehus byter seg ut frå den vanlege bedehusplanløysinga med langhus og kjellar. Eit tverrbygg inneheld ein etter måten stor inngang inn til småsal og storsal. Det er full kjellaretasje under tverrbygget og halve hovudbygget.

Nessane bedehus byter seg ut frå den vanlege bedehusplanløysinga med langhus og kjellar. Eit tverrbygg inneheld ein etter måten stor inngang inn til småsal og storsal. Det er full kjellaretasje under tverrbygget og halve hovudbygget.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Ikkje i bruk

Bedehuset på Nessane ligg eit kort stykke frå riksvegen, midt i ei husklyngje tett attmed vegen til Nessadalen. I 2006 ber huset preg av å av å ikkje vera i bruk. Her er ikkje parkeringsplass og gras gror på vegen til inngangstroppa. Dørstokken i inngangsdøra held på å rotna. Dei opphavlege trebenkene står stua saman i storsalen. Eit bibelord opphengt på veggen høver til huset: «Kor herleg å vita at Jesus held fast, om allting i verdi seig saman og brast.»

Testamentarisk gåve

Nessane bedehus vart bygd takka vere ein utflytt nessing. Ola G. Nesse (1845-1937) var fødd på garden Nesse. Han vart predikant og reiste som forkynnar i indremisjonen heile livet. I 1926 sette han opp testamente. Ein del skulle gå til bedehus i heimbygda. I punkt 4 står det:

"Til reisning av et bedehus i min hjembygd gir jeg kr. 10.000,- ti tusen kroner. Bedehuset ønsker jeg reist på min fedrene gaard Nesse i Ytre Kvamsø eller, hvis dette vanskelig lar seg gjøre, i gaardens umiddelbare nærhet. Det maa være reist inden 5 - fem år - aar efter min død, ellers tilfalder heromhandlede kr. 10.000.- de foran under nr. 1-3 nævnte formaal.."

Stod ferdig i 1938

Næsse døydde i 1937. På Nessane valde dei ei nemnd som skulle sjå til at arbeidet med å byggja bedehus kom i gang. Med i nemnda var brorsønene Nils Bottolvson, Frik Olson og Gunnar Olson, dessutan gardbrukar og smed Georg Lønne. Det gjekk ikkje i orden med tomt på farsgarden, derimot på på bruket til Georg Lønne som låg i "umiddelbar nærhet". Huset stod ferdig i 1938 og vart vigsla 9. oktober.

"Bedehusvigsla"

Sognevarden, bladet til midtre Sogn Indremisjon, hadde 15. oktober 1938 eit lite stykke om det nye bedehuset på Nessane. Det står:

"Sundag 9. oktober var det vigslehøgtid for det nyreiste bedehuset på Nessane. Avlidne Ola Nesse hadde eitla ein sum pengar til bedehus i heimbygdi - eit verdfullt og varande minne um gjevaren si umsut for bygdefolket sitt. Me ynskjer Nessafolket til lukka. Må det verta ein åndeleg heimstad med Guds rike signing til unge og gamle."

Variert bruk

Opp gjennom åra har bedehuset på Nessane vore brukt til mange føremål: misjonsmøte, fråhaldsmøte, juletrefestar, gudsteneste, dåp, gravferd, basarar. I ein periode vart huset brukt til framhaldsskule og syskule. Under krigen vart det brukt av tyskarane, særleg kjøkenet.

Uvisst kva som vil skje

Aktiviteten minka med åra, og etter kvart stetta ikkje bedehuset dei bygningsmessige krava til eit forsamlingshus. Då bygda fekk nytt skulehus i 1969, vart ein del av tilskipingane som før var på bedehuset, haldne på skulen. No er det ingen akitivitet i Nessane bedehus.

kjelder:

Haugen, Rune: Bedehuset på Nessane. I Kyrkjelydsbladet for Balerstrand. Nr. 2-2005.
Kleppa, Johannes og Odland, Per: Ordets folk. Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1898-1998. 1998.
Sognevarden. 15.10.1938.

PERMANENT IDENTIFIKATOR