Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. februar 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

IOGT losje Baldershage



I 1910 fekk den internasjonale IOGT-rørsla ein avleggjar på Leikanger. Baldershage kom i ei tid då kampen mot alkohol stod svært sterkt her i landet.

IOGT-losje "Baldershage"

IOGT-losje "Baldershage"

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Baldershage var ikkje den første fråhaldsorganisasjonen på Leikanger. 23. november 1880 blei Lekanger Afholdsforening skipa på Husabø. Organisasjonen arbeidde for måtehald, med ein særskilt innsats retta inn i kampen mot brennevin.

Men etter kort tid klabba det for måtehaldssaka. I 1886 starta presten Jakob Walnum Leikanger Totalafholdsforening. Totalistane stal medlemmer frå måtehaldslaget, og dels endra dei forståinga av kva kjernen i alkoholspørsmålet handla om: var det drikking med måte, eller avståing frå all rus? Som del av IOGT-rørsla la Baldershage seg på den siste lina, noko som skulle vise seg å by utfordringar.

Baldershage

Baldershage vart skipa 16. mars 1910 i Nybø skulehus. Oppstarten veit vi ein god del om. Det skuldast eit jubileumsskriv Olav Tveit førte i pennen då losjen runda ti år i 1920.

Som de alle veit var, var det vår gode Per Svendsen som sette «Baldershage» inn i verdi, eller rettare bygdi, og kristna han med. Fadrane var Karl Husabø og meg. [...] Det var ein dag eg stod i Nybø skule og bala med 35 born og skulde læra dei kor mykje 2x2 var eller noko liknande. Det banka på døri og der stod Peder Svendsen med sitt gode, breide smil.

Peder Svendsen var den store losjeplantaren i Noreg. I 1894 vart han tilsett som reisesekretær i Godtemplarordenen. Han skal ha vore med på å starte over 300 losjar. Svendsen kom attende fleire gonger til Leikanger for å halde føredrag.

Den andre sentrale personen då Baldershage blei skipa, var læraren Olav Tveit. Bakgrunnen hans var neppe tilfeldig. Lærarane stod i front i mange bygder når fylkinga reiste seg til kamp, anten det galdt nynorsksaka eller motstanden mot alkohol.

Peder Svendsen annonserte etableringa av ein losje på Systrond under eit føredrag han hadde på Nybø skule. Tveit fekk oppgåva med å førebu losjen. Litt seinare kom Svendsen attende til bygda, og Baldershage var ein realitet.

Tveit otta seg litt for oppslutnaden om den nye fråhaldsorganisasjonen, men bekymringa skulle vise seg å vere grunnlaus. På skipingskvelden var det stuvande fullt i skulestova på Nybø.

I det første tiåret låg medlemstalet rundt 50, av og til litt høgare. I 1911 hadde laget 60 medlemmer, av dei var 25 gutar og 35 jenter.

Aktiviteten dei 10 første åra var stor. Losjen hadde 13 møte, dessutan fest og fleire utflukter. I august 1910 var det tur til Balestrand med båten “Fram”. Det var berre vællete å høyre, frå alle kantar. Men Tveit mimra særs sjølvkritisk i sitt eige 10-årsskrift: “Me tok ikkje arbeidet klokt ei stund. Møti vart alt for mykje turr forretning.” Kanskje var det noko av årsaka til at fleire fall i frå. Det skulle i alle fall ikkje gå lang tid før det oppstod utkastingar og uro i losjen.

Rabaldershage

Losjemedlemane måtte halde ein lovnad om å avstå frå all rusdrikk. I tillegg var det forbod mot å skaffe alkoholhaldige drikkevarer til andre, og dessutan å servere alkohol til folk.

Den strenge lovnaden førte til at ikkje så reint få forsvann ut av Baldershage. Olav Tveit reflekterte over årsakene til at ein del valde å forlate losjen

Men det segjer seg sjølv at mange i 10 året hev falle i frå. Det er det såre som me ogso skal sjå i augo ein dag som denne, for elles vert gleda falsk. Nokre fann vel ikkje det i ordenen som dei venta, og utan å ha evne til å tileigna seg dei høgste ideali i ordenen gjekk dei burt. Andre kom inn - iser det fyrste året - men på slump. Dei hadde kameratar der og so slog dei fylgje med inn. Det kunde vera moro å sjå kva dei hadde fore seg i losja. Det er greidt at dei fleste av sovorne ikkje kunde verta trauste losjestyttar - endå det hev hendt at enkelte av dei og er vortne grepne av godtemplarismen og er vortne ihuga arbeidarar i ordenen. Og endeleg hev me dei som var for veike og ikkje makta lovnaden.

Noko av tiltrekkingskrafta åt IOGT låg nok i rituala og mystikken. På fleire vis skilde organisasjonen seg ut. Losjane heldt seg ikkje med formann og kasserar. Slike titlar bytta dei ut med øvste templar, finans-skrivar og skattemeister. I fylgje ritualboka skulle medlemane under møta bere regalie. Inngangsteiknet var eit passord gjeve av øvste templar, til dei som hadde kvittering for betalt kvartalsavgift.

Det litt framandarta hadde nok ei tiltrekkingskraft for ein del. Ja, kanskje kunne det vere moro å sjå kva dei hadde føre seg i losjen, slik Tveit la det fram. So forsvann spaninga litt etter litt, før interessa for å vere med til slutt kvarv heilt bort.

Men det var brot på lovnaden som førte dei fleste vekk frå organisasjonen. Berre eit rykte om inntak av alkohol vart sett på som alvorleg. Allereie før eittårsdagen for losjen var runnen, kom den første saka om injuriar. Eitt av medlemane hadde sett ut sladder om både losjen og ein konkret person. Saka gjekk først til forlikskommisjonen i Leikanger, men frontane må ha vore steile, for inga semje kunne bli oppnådd, så saka vandra difor vidare til domstolen.

Dei fleste sakene om lovnadsbrot viste seg likevel å vere reelle. I 1912 kom det opp heile 14 saker for domsnemnda i losjen. Ei av sakene galdt ei jente:

Har ikke besvart indkaldelsen til forr. Domsnemndmøte - og har ikke møtt i losjen paa over et aar. Vdk. skal ha nydt rusdrikk i bryllup paa Eggum vinteren 1911 (antagelig i dcbr)”.

Det skulle noko til å halde seg på den smale stien kvar dag, utan det minste feilsteg. Ikkje minst ved festlege samkomer, når øl og brennevin kom på bordet, må det ha vore tungt å stå imot presset. Andre gav opp før dei hadde blitt sett skikkeleg på prøve, og stod som passive medlemmer til domsnemnda kasta dei ut. Dei var “for veike og ikkje makta lovnaden” som Olav Tveit formulerte seg.

Ved somme høve var det ikkje mykje tvil om eksklusjon. I januar 1912 undersøkte losjen tre ungdomar mistenkte for å ha drukke alkohol. Den eine “møtte i beruset tilstand og forlod møtet før hans sak kom under behandling.” Dommen i dette tilfellet gav seg sjølv.

Problema med å halde på medlemane skal ikkje overdrivast. Ein må ha i minne at fråhaldsorganisasjonane stod svært sterkt i åra kring Baldershage vart starta. I 1910 var heile 10% av den vaksne delen av folket i Noreg tilslutta ein organisasjon som hadde kamp mot alkohol som fanesak. Og mellom dei største fråhaldsorganisasjonane var IOGT.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2000042 IOGT-losje "Baldershage"


Fuglum, Per: Kampen om alkoholen i Norge 1816-1904. Oslo : Universitetsforlaget, 1972


Kulturhistorisk leksikon: Lekanger Afholdsforening

PERMANENT IDENTIFIKATOR