Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 16. mars 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Lekanger Afholdsforening



23. november 1880 samla ein del folk seg på Husabø for å stifte ei fråhaldsforeining i Leikanger prestegjeld. Bakgrunnen var ei oppfatning av at drukkenskap representerte eit stort samfunnsproblem.

Arkivet frå Lekanger Afholdsforening er svært lite. Men sjølv om det berre inneheld nokre få dokument, så fortel det kor tid foreininga vart skipa, kven som var medlemmer, og kva utfordringar dei møtte frå den nye rørsla innan ruskampen.

Arkivet frå Lekanger Afholdsforening er svært lite. Men sjølv om det berre inneheld nokre få dokument, så fortel det kor tid foreininga vart skipa, kven som var medlemmer, og kva utfordringar dei møtte frå den nye rørsla innan ruskampen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Regel nr 1 i statuttane hadde fylgjande ordlyd: «Nærværende Forening, som kaldes Lekangers Afholdsforening, har til hensigt at modarbeide Drukkenskabslasten i Almindelighed og specielt Nydelsen av Brændeviin».

Målet var såleis måtehald, og ikkje eit generelt forbod mot alle typar alkoholhaldige drikkevarer. Det var spesielt brennevin som fekk skulda for overstadig rusing. Lovene for laget sette difor forbod mot inntak av brennevin, både blanda og ublanda. Unnataket var dei tilfella der det vart skrive ut som medisin mot sjukdomar.

Foreininga var open for både menn og kvinner over konfirmasjonsalder. Medlemsoversynet viser at 22 av dei 66 innmeldte var kvinner. Folk frå dei ytre delane av bygda dominerte medlemsmassen, med særleg mange frå Husabø.

Den drivande krafta bak Lekanger Afholdsforening ser ut til å ha vore skulemannen Abraham Rusten. Han vart fødd i 1817, og kom frå Vanylven. Før han flytta til Leikanger hadde Abraham vore lærar i Tromsø, Søgne, Selje og dessutan i heimbygda på Sunnmøre.

Foreininga hadde ein ambisjon om å halde minst fire møte i året, «hist og her i Præstegjældet», og i tillegg eitt hovudmøte. Men etter berre nokre få år gjekk det trått for måtehaldsprosjektet til Rusten. Han gjorde sjølv greie for det i årsmeldinga for 1888:

Som almindeligt skulde jeg vel ogsaa iaar indsende til den ærede bestyrelse om Lekangers Afholdsforening for 1888, men jeg har desværre ikke noget Glædelig ar berette; Foreningen er sin opløsning nær. I Aarets løb er nemlig udtraadt af Foreningen 4 der er gaaede over til Totallisterne og 6 ere udstødte som Frafalne. Kun 4 have indmeldt sig, saa Foreningen nu kun udgjør 36 Medlemmer, og selv blandt disse er der liden Interesse for Sagen, hvilket bedst viser sig derved, at de ikke besøger Møderne. Disse have derfor i Aarets Løb kun været 3; det kan ikke nytte at holde Møde, naar ingen vil være tilstede.

Rusten kom inn på to grunnar til at interessa for måtehaldssaka dalte. For det fyrste meinte han at møta var lite tiltrekkande. Den viktigaste årsaka til tilbakegangen la han likevel på totalistane:

Disse have nemlig ikke alene draget flere og det de indflydelsesrigste Medlemmer over til sig, saa de tilbageværende staar som spredte Faar; men de have ved sin Optreden bragt en Forstyrrelse og Tumel ind baade hos Foreningens Medlemmer og hos de Udenforstaaende. Afholdssagen var begyndt at slaa an; Mange stod nemlig paa Veiskillet den tanke begyndte at slaa an hos dem, at Brændevinet er et Onde ikke alene i sin Virkninger, men et Onde i sig selv, og at det maatte være en Nødvendighed at faae det bort. Men saa kommer Totalistene skrigende: "Ikke blot brændevinet, men ogsaa Vinen og Øllet; de ere alle lige skadelige og fordærvelige". Folk begyndte at studse; er
ikke Brændevinet værre end Øl og Viin, saa er det ikke saa farligt; Jesus drak selv Viin

I fylgje Rusten rakna Lekanger Afholdsforening fordi den meir fundamentalistiske tilnærminga til alkoholspørsmålet frå totalistane dels stal medlemmer, og dels skapte forvirring om kva som utgjorde kjernen i fråhaldssaka. Presten Jakob Walnum starta i 1886 Leikanger Totalafholdsforening. Det var altså denne organisasjonen som laga ugreie for måtehaldsforeininga åt Rusten.

Kjeldene fortel ikkje kva som til slutt vart lagnaden til Lekanger Afholdsforening, men foreininga såg ut frå årsmeldinga for 1888 til å ha liggje for døden, og runda truleg ikkje 10-års jubileet i 1890. I alle fall har det ikkje vore råd å få tak i opplysingar om organisasjonen i andre arkiv, og heller ikkje i fråhaldslitteraturen ser den ut til å vere nemnt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2015175 Lekangers Afholdsforening


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2015176 Rusten, Abraham


Røysum, Kjell: Frida Hoeck Rusti : (1861-1963). I: Systrendingen Årg. 2, nr 2 (1994)


Vanylven og Syvde kommuner 1837-1937. Volda : Aarflots Prenteverk, 1937


Hansen, Asbjørn: Lunde skole : elever i det 20. århundre. Søgne : A. Hansen, 1992


Try, Hans: Foreningsliv i Søgne på 1800-talet. Øvre Ervik : Alvheim & Eide, 1992

PERMANENT IDENTIFIKATOR