Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kvannhovden fyr



I 1895 vart det bygt fyr på Kvannhovden, og lyset vart kveikt 5. november dette året. Det var ei vanleg veike-lampe, og først i 1932 fekk fyret ei kraftigare glødelampe.

Fyret står på ein hovde lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgaste plasserte fyrhus i landet, med framifrå utsikt nord og sør langs fallgarden, og  vestover opne havet.

Fyret står på ein hovde lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgaste plasserte fyrhus i landet, med framifrå utsikt nord og sør langs fallgarden, og vestover opne havet.

Eigar: I Florø - kulturhistorisk vegvisar.

Datering: 1990-talet.

Fotograf: Torkjell Djupedal

Fyrvaktarane

Fyrhuset står på ein karakteristisk hovde, på øya Hovden, med lykta i vestgavlen på fyrvaktarbustaden, vel 40 meter over flomålet.
Første fyrvaktaren heitte Kristian Johannessen. Han var der i 24 år, frå 1895-1919, og såg barken "Olga" strande 6. januar 1918 om kvelden. Han fekk 18 ufrivillige gjester på fyret den natta.
Deretter følgde Andreas F. Strømmen 1919-33, Andreas P. Steinnes 1933-46, Sigurd Wigdel 1946-68. Wigdel var den siste som budde der med familie, før dei gjekk over til vaktordningar (tørnstasjon). Deretter følgde Knut Myrene 1968-71, og den siste fyrmeisteren var Karstein Gimmestad 1971-78. Han delte vaktene med Andreas Strømmen frå Hovdevåg og Einar Skavøy frå Ånnøya. Desse tre var dei siste fyrvaktarane på Kvanhovden.

Gardsbruk

I førstninga var fyrmeisteren åleine og budde der heile året med familien sin. Etter krigen vart det tilsett fyrassistent og bygt eigen assistentbustad i 1949. Av denne står den støypte grunnmuren att. Sjølve huset vart selt til nedriving i 1969 og flytta frå Kvannhovden til Florø. Det var Martin Domben som kjøpte, og huset står like nordvest for Gaddevågbrua i dag.
I mange år vart det drive gardsbruk på Kvannhovden, og det voks bra med gras, berre ein kunne berge høyet for blåsten. Det var ein del som skulle i hus, for den gongen var det både kyr, sauer og ein hest på Kvannhovden. Arealet var 120-130 dekar, så det var mykje å fare over med ljåen mellom den runde, sjøslipte steinen som det framleis ligg ein god del av på dette eidet mellom Skårekinna og Kvannhovden. Wigdel var den siste som dreiv bruket. Han dreiv med ein del sauer fram til han slutta på 1960-talet.

Automatisert i 1980

Kvannhovden fekk to elektriske aggregat i 1960, og vart automatisert med straum frå YFK (Ytre Fjordane Kraftlag) i 1980. I dag har Kystverket leigeavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om bruk og vedlikehald av den særprega eigedomen. Det er Stiftinga "Over Stokk og Stein", Midtgulen i Bremanger, som står for dei praktiske gjeremåla.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 270. Florø 1999.
Seim, Einar: Fyrar og farljos. Udatert, ikkje prenta.
Bremanger Sogelag: Gamalt frå Bremanger. Førde 1981.

PERMANENT IDENTIFIKATOR