Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Farleg veg under Klypehammaren



Frå Ervik på sørsida av Førdefjorden går det eit 7 km langt dalføre i søraustleg retning. Øvst ligg garden Solheim. Klypehammaren ligg nesten oppe ved Solheim på sørsida av vegen. Tidlegare gjekk vegen rett under den stupbratte hammaren og folk var redde for ras. "Skremeleg ferdsleveg" var overskrifta på eit avisstykke i 1935. Tre år seinare vart ein ny vegstubbe teken i bruk. Det er endå råd å finna den gamle traseen.

Nedste delen av gamlevegen forbi Klypehammaren går over dyrka mark, og vidare forbi eit bratt berg. Det brattaste partiet er så bratt at farande får ei kjensle av at det nærast heng ut over vegen.

Nedste delen av gamlevegen forbi Klypehammaren går over dyrka mark, og vidare forbi eit bratt berg. Det brattaste partiet er så bratt at farande får ei kjensle av at det nærast heng ut over vegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Det gamle vegstykket 2007

Sambandet med omverda frå gardane på Solheim år 2007 er annleis enn i 1935. Medan køyrevegen då gjekk til sjøen og båtstoppestaden Ervik, går trafikken i 2007 ned dalen til riksveg 609 til Førde austover og Askvoll vestover. Vegen frå vegkrysset til Solheim er 4 km. Om lag halvveges er ei avkøyrsle der det går ein veg til høgre. Her gjekk den gamle vegen oppover og forbi Klypehammaren. I 2007 er den kring 700 m lange vegen ikkje nytta og stykkevis i ferd med å gro att.

Frå avkøyrsla tek ein føtene fatt på gamlevegen. Vel 100 meter frå avkøyrsla går han over dyrka mark, over ein bekk, herifrå noko oppover forbi Klypehammaren og vidare eit par hundre meter opp til dagens veg.

Det rasfarlege partiet

Klypehammaren er namnet på det brattaste partiet i eit bergdrag langs vegen. Vegen går rett under hammaren som går loddrett til vers. Ein stad litt nedom ligg svære steinar nedramla. "Å fara der forbi", skreiv ein reisande iFirdasommaren 1935, "er ufyseleg for ein fotgjengar, men verre må det vera for dei som skal køyra lass der." Innsendaren var redd det kunne rasa når som helst, og slutta stykket sitt med at det skulle leitast lenge etter eit vegstykke det hasta meir med å utbetra enn vegen forbi Klypehammaren.

Krav om utbetringVegen forbi Klypehammaren har truleg vore ein del av gardsvegen til Solheim frå eldgamal tid. I åra 1865-1875 vart det bygt veg ned til dampskipstoppestaden i Ervika. Årstalet 1917 innhogge i ein jordfast stein tett attmed vegen like ovanom Klypehammaren, kan vera ein indikasjon på at vegstykket her vart utbetra til køyrevegstandard på den tida. Oppmodinga i avisstykket 1935 om å gjera meir med det farleg vegstykket var ikkje den første. Fleire gonger tidlegare hadde det kome skriv frå Solheims-folket til kommunestyret i Naustdal (området Ervik-Solheim vart overført til Førde i 1965) om å gjera noko.

Kommunestyrevedtak i 1936

"Skal Klypehamaren valda ulukke - før hjelpa kjem?" - var overskrifta på eit anna avisstykke våren 1936. Saka hadde på ny vore opp i kommunestyret etter søknad frå Harald Naustdal. Kommunestyret vedtok å søkja fylket om ei løyving på 7200 kroner for budsjettåret 1936/37 til ombygging.

Fylkestinget handsama søknaden i tingseta på bedehuset i Olden i juni 1936. Vegsjefen gjorde framlegg om å løyva ein del av summen, kr. 3250, som fylkestinget vedtok. Det tok tid å vøla gamle vegar. Neste løying kom i 1938, og den omlagde vegen vart teken i bruk same året.

 

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane, 1936, 1938.
Firda 08.06, 29.04.1936.
Ese, Kristin: På god veg. 2007.

PERMANENT IDENTIFIKATOR