Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Norsk sildefiske ved Island - Frå dagboka til ein snurpar i 1949



"Bare 3 av stedets fiskebåter skal i år delta i sildefisket ved Island. Det er "Eystein", "Tenor" og "Bøvik". Dette stod å lesa i ei kort notis i Måløy-avisa <i>Fjordenes Tidende</i> 27. juni 1949. Den 29. august melde den same avisa at båtane var komne heim. Ei anna kjelde fortel meir enn avisa, - dagboka dei førde om bord på "Eystein".

Innførsla måndag 1. august i dagboka på snurparen "Eystein" sin Islands-tur sommaren 1949. Dei har gjort to kast, det eine på ca 25 tønner, det andre ca 150.

Innførsla måndag 1. august i dagboka på snurparen "Eystein" sin Islands-tur sommaren 1949. Dei har gjort to kast, det eine på ca 25 tønner, det andre ca 150.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Noteringar i dagboka

M/S "Eystein" gjekk frå Måløy om kvelden, måndag 4. juli 1949, klokka ni. Kl. 22.00 sette dei kurs for Island. Akkurat så presist veit me dette - i år 2007 - fordi skipperen førde dagbok og fordi dagboka er teken vare på. Som døme på kva han førde i dagboka, kan me sitera innførsla på ein dato etter at dei var komne fram og var byrja å fiska:

"Mand. 1.8 Gikk Ostover mot Røde Hukk, gjorde 2 kast om kvelden ca 25 td [tønner] i det ene, og ca 150 td. i det andre, gikk ind på Aksabukten og arbeide med silden, frisk NO bris, og nogen dønning"

Denne eine innførsla viser kva slags opplysningar dagboka inneheld: kvar dei går, kvar dei er, korleis det går med fisket, om gjeremål, korleis veret er og bølgjegangen.

"Loggen sattes"

"Eystein" si dagbok er óg interessant på den måten at ho inneheld opplysningar knytta til ordet logg som sjøuttrykk. Den dagen "Eystein" la ut frå Måløy, noterte skipperen kl.22.00 (ein time etter dei hadda kasta loss i Måløy): "Loggen sattes (..) og viste da 0 [null]"

Logg

"Loggen sattes" - vil seia at dei rigga til eit instrument kalla logg. Det er ein distansemålar laga av ein propell festa til eit tau og eit teljeverk. Når dei sette loggen på "Eystein", let dei propellen gå i sjøen og las så av på teljeverket med visse mellomrom og noterte i dagboka. På denne måten kunna dei heile tida vita kor langt dei var komne og lesa av tilbakelagt distanse når dei kom fram til Island. Dagboka viser at dei fekk land i sikte onsdag 7. juli kl. 02.00. Klokka 14.45 same dagen hadde dei Langenes, nord på Island, "på tvers" og skipperen noterte "utgått dist. 587 n.mil" (nautiske mil som tilsvarar om lag 1077 km).

Islandsfisket

Ei av notisene i Fjordenes Tidende hadde som tittel "Islandsfisket". Den same nemninga er brukt eit par stader i dagboka. Islandsfisket var ein del av dei norske fiskeria og hadde vore det heilt sidan slutten av 1800-talet. Den første tida ordna nordmennene seg med eigne sildesalteri og eigne sildoljefabrikkar på islandsk jord. Etter kvart avgrensa islendingane nordmennene si frie verksemd på land. Dei norske båtane ordna seg då delvis på den måten at dei hadde med seg tønner og salt som ein del av utrustninga. Dei tilverka silda på feltet. Dei gjekk berre i hamn for nødvendige ærend så som bunkring, vassforsyning, når vêret vart for ille og sjukdom. Det var ein slik Islandstur "Eystein" var ute på sommaren 1949 med snurpenot som fangsreiskap.

Fiskefeltet

Den islandske nordkysten har seks vide fjordar rekna frå Tistelfjord i aust til Hunafloi i vest. Kysten har ikkje skjergard, berre to-tre småøyar, den største Grimsøy som ligg kring 50 km nordaust frå Siglufjord. I dette svære havområdet føregjekk sildefisket ved Island om sommaren med stor deltaking frå fleire land.

Mannskapet på "Eystein" dreiv på feltet her i seks veker. Dei gjekk på leit etter silda, dei stogga og kasta, arbeidde med silda, dei låg "på drift" eller dei låg "til ankers." Dagboka har mange namn, - på fjordar og nes, fiskefelt og fiskebankar. Skrivemåten er jamtover norsk, t.d. Røde Hukk for Raudin nupur, eller ei blanding, t.d. Skjalfandindyp. På eitt namn, Huafloi, er skrivemåten den same på islandsk.

Dagboka inneheld namn på åtte fiskefelt: Grimsøyflak, Skagabanken, Huafloi, Skagagrunn, Straumsnesflaket, Skjaldfandidyp, Strandagrunn, Månøyflake.
Farvatnet er grunt fleire stader, særleg i nærleiken av Grimsøy. Det går fram av dagboka 19. august: "gikk til ankers Grimsøy 9 fav vand, B.B anker 30 fav. Kjetting" ("fav" er forkorting for famn, lengdemål, 1 famn tilsvarar 1,88 meter).

Fisket

Firda Folkeblad melde 18. juli (1949) at sildefisket ved Island førebels ikkje såg lovande ut. Islandsbåtane hadde enno ikkje bløytt nøtene og dei hadde ikkje sett likt til sild. Kva med "Eystein"? Dei kom fram til Grimsøyflaket 8. juli og "søkte etter sild". Dette uttrykket kan tyda på at båten var utstyrt med det på den tida nye hjelpemidlet ekkolodd. Elles kom dei på spor av sild ved å sjå etter åter. Ei åte er ei tett samling sild, ein stim, nær og delvis i overflata, som kan lokaliserast ved store mengder sjøfugl over åta. Etter alt å døma lytta dei også på radio for om mogeleg å snappa opp "rykter".

"ingen sild at se" var orda i dagboka 8. juli. Og dagen etter: "Ligger Grimsøyflak og fisker os kokefisk, ingen sild at se, og heller ingen utsikter ryktes." Først den 14. juli observerte dei "noen små åter om kvelden". Og natt til 16. juli gjekk nota i sjøen. Dei håva 30 tønner om bord i "Tenor" ("Eystein" samarbeidde med "Tenor") og 20 tønner om bord i "Eystein". Etter dette første kastet, hadde dei to bomkast same dagen.

Seinare viser dagboka alle kasta. Dei varierte frå bomkast, til nokre få tønner og langt over hundre, - "ca." 2, 10, 20, 25, 30, 70, 150, 160-170 "td." Bak i dagboka står avskrift av 3 fangsttelegram båten sende heim til reiarlaget: 29. juli: 350 td., 7. august: 900 td., 18. august 1400. Etter alt å døma gjeld tala begge båtane tilsaman.

Møte med andre

Dagboka er knapp og konsis i forma, fullstendig fri for opplysningar som ikkje skulle vera med der, t.d. kven som var mannskap. Sluttorda "alt vel" i telegramma til reiarlaget kan tolkast som at alt fungerer, dei har det det treng, dei er friske. Dei er på feltet, leitar etter sild, kastar, håvar om bord, steller silda og saltar i tønner, - dag etter dag, døgnet rundt, det er sommarlyst tett opp under polarsirkelen i juli. Utanom kontakten det må ha vore med samarbeidsbåten "Tenor", finn me berre loggført seks "møte" med andre, tre på havet og fire i land.

5. august gjekk dei inn i Aksabukta og lossa 100 tønner til "Tvedts motorskip "Trigon"". 9. august og 15. august møtte dei opp med "Nordkyn" (norsk oppsyns- og serviceskip), og "fikk post".

19. juli, ein dag det ikkje var "sild at se", gjekk dei inn til "Siglefjord" for å fylla vatn. Dei låg til kai i seks timar her i Siglufjord som på den tida var Island sin sildehovudstad.
2. august gjekk dei til Dalvik for "vandfylling", som dei fekk med ein gong, og stakk til havs igjen etter 2 timar.
10. august var dei på ny innom Siglufjord og bunkra 6000 liter solarolje. Siste gongen dei var i land, var på heimturen, onsdag 24. august, i Seydisfjord på austkysten. Dei fylte bunkers og vatn, gjekk ut fjorden att og sette loggen kl. 14.00, "tvers av" Dalatangi.

Vêret og heimturen

Noteringar om vêret og sjøen, bølgjegangen, går att: "pent veir, SW bris, lit regn, disig, tåke, frisk SW, vind fra Ost, nogen dønning, N.N.O. Kuling, dårligt arbeidsveir". Heimover hadde dei sørvest kuling og tung sjø dei første timane. Fullasta låg båten tungt i sjøen og dei måtte slå av på farten "nu og da", og det var "meget overvand". Men ved midnatt løya vinden, "så nu går det bra", kunne skipperen notera i dagboka. Dei sette kurs for Fugløy på Færøyane, og derifrå for Hindanes fyr (vest på Vågsøy), hadde "pent veir" på resten av heimturen, og la til kai i Måløy laurdag 27. august, klokka åtte om kvelden.

Og Fjordenes Tidende skreiv i ei ny lita notis: "Heim fra Island. Måløybåtene "Eystein" og "Tenor" kom fra Island lørdag. Begge hadde full last, førstnevnte 650 tønner og sistnevnte 850. De hadde hatt fint vær på overfarten."

Forklaringar

n.m. - nautisk mil, 1.n.m.= 1852 m
1 famn - lengdemål, 1,88 m
åte - sild som står tett samla i overflata, synleg frå utkikkstønne og ved at sjøfugl samlar seg i stor flokk, tidlegare også småkval, vart i eldre tider kalla sildesyner
liggje på drift - båten ligg i ro på havet
tønne, td. - holmål, volum, 115,8 liter, rømde ca 360 silder
B.B. - babord baug. Fartøyet hadde to anker, på babord baug og på styrbord baug
solar - tung fyringsolje laga frå brunkoltjøre

kjelder:

Fjordenes Tidende. Fleire notiser 1949.
Firda Folkeblad Fleire notiser 1949.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv SFF-2003019 L.A.Sjong (-) Co.

PERMANENT IDENTIFIKATOR