Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Forfattaren Ole Wilhelm Fasting



Ole Wilhelm Fasting (1852-1915) var presteson frå Førde. Han var ingeniør, og arbeidde mange år ved Bergens Tekniske Skole, men er i ettertid mest kjend for sine frodige forteljingar frå Sunnfjord.

Ole Wilhelm Fasting (1852-1915).

Ole Wilhelm Fasting (1852-1915).

Eigar: I Førde - Kulturhistorisk vegvisar.

Datering: Datering:Ukjend.

Fotograf: Ukjend teiknar.

Frå Førde til Bergen

O. W. Fasting vart fødd 3. februar 1852 i Jølster der faren, Michael Sundt Tuchsen Fasting (1806-1885), var sokneprest. Mora var Christiane Thorbjørg Bøgh (1881-1962). I 1857 flytta familien til prestegarden i Førde, og her voks Fasting opp som den yngste av åtte søsken.
Han vart student i Kristiania 1869, skaffa seg så ingeniøreksamen frå Zürich i 1875. Han arbeidde som ingeniør ved NSB, og var seinare overlærar ved Bergens Tekniske Skole frå 1878 til 1908. Han vart gift i 1882 med Ambrosia (Sia) Mørch, Oslo. I Bergen var han ein aktiv samfunnsdebattant, skreiv fleire lærebøker, og var ein kjend personlegdom i samfunnslivet i byen. Ved sida av alt dette skreiv han fleire forteljingar, publisert i ei rekkje bøker. Han var sterkt plaga av astma, og måtte slutte arbeidet ved skulen før oppnådd aldersgrense. Han døydde i Bergen 5. februar 1915, og urna hans vart sett ned på Førde kyrkjegard.

Tilknyting til Sunnfjord

Heile livet hadde han nær tilknyting til heimtraktene i Sunnfjord. Det heimlege var miljøet han bygde den skjønnlitterære forfattarskapen sin på. Frå ungdommen av var han ein ivrig jeger og fiskar, og i forteljingan sine dreg han nytte opplevingar frå sunnfjordnaturen. Turar og naturopplevingar står ofte sentralt i forteljingane. Her er skildring av regn, skodde og væte, og av angen frå turrhøyet i ei utløe. Eller han kjem med vare naturskildingar frå sunnfjordnaturen. Fasting er ikkje nett fri for bygdepatos. Han skriv om Jølster at det fanst ikkje ei slik bygd i heile verda ".. hvor Birkeskogen er saa lysegrøn, Fjeldvannet saa blaat, Elven saa skinnende..".

Forfattarskapen

Fasting debuterte med ei samling jaktforteljingar, "Fra jakten her vestpaa" (1887). Med denne boka skapte han seg ein plass som ein fin friluftsskildrar. Frå 1898 til 1907 skreiv han omtrent ei forteljing for året. Hjå Fasting er naturskildringane meir sentrale i diktinga enn hjå andre sunnfjord-forfattarar som Kristian Elster d.e. og d.y. og hjå Hjalmar Christensen. Men som desse hadde Fasting òg skarpe karakteristikkar av sunnfjordingen, som han helst karikerer som eit folkeslag som tenkjer seint og går sakte. Fasting har òg skildra embetsmannsmiljøet, slik han observerte det i Førde. Han har livfulle skildringar av selskap, mat og drikke, hus og folk.

kjelder:

Norsk biografisk leksikon. 1929.
Skåre, Jon: Førde i litteraturen. I Sogeblad frå Førde kommune. Hefte 16, Førde 1998.
Førde Bibliotek: Tilrettelagde opplysningar om diktarar frå Sunnfjord.

PERMANENT IDENTIFIKATOR