Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Jaktefart og sogneføring



Frå gammalt av bytte og selde sulingane varene sine i Bergen og innetter Sognefjorden. Føringsfartya dei nytta, var mindre og hendigare enn dei tunge nordlands- og sunnmørsjektene som passerte i leiene. Dei var rigga med kvite råsegl, heimevovne av lin eller hamp.

Biletutsnittet frå Bergen hamn i 1902 viser ei mengd ulike føringsbåtar som er i byen og vender varer, heile spekteret frå færingar, store-båtar, jakter og jekter. Fleire bomsegljakter ligg med akterenden inn mot kaikanten.<br />
I framgrunnen til venstre ser me den trekanta bryggja Triangelen. Det var stasbryggja der kongelege steig i land. Manglande kaiar gjorde at store damparar ligg langt inne på Vågen og vert lossa  eller lasta av føringsbåtar. På Zachariasbryggen er stor tilstrøyming kring dei 60 levandefisk-kummane, og under det halvrunde taket ligg sjødampsprøyta parat.<br />
Biletet er eit utsnitt av F. Beyers kalender 1981.

Biletutsnittet frå Bergen hamn i 1902 viser ei mengd ulike føringsbåtar som er i byen og vender varer, heile spekteret frå færingar, store-båtar, jakter og jekter. Fleire bomsegljakter ligg med akterenden inn mot kaikanten.
I framgrunnen til venstre ser me den trekanta bryggja Triangelen. Det var stasbryggja der kongelege steig i land. Manglande kaiar gjorde at store damparar ligg langt inne på Vågen og vert lossa eller lasta av føringsbåtar. På Zachariasbryggen er stor tilstrøyming kring dei 60 levandefisk-kummane, og under det halvrunde taket ligg sjødampsprøyta parat.
Biletet er eit utsnitt av F. Beyers kalender 1981.

Eigar: I F. Beyers kalender 1981.

Datering: 1902.

Fotograf: Ukjend.

Uklår grense jekt/jakt

Jekter og jakter har gjennom 400-500 år vore føringsbåtar og sambandsledd mellom bygd og marknadsplass for folk på kysten. Det synest kunstig å lage skilje mellom jekt og jakt. Nemningane vart ofte brukt om einannan, også av vår mest kjende båthistorikar, Bernhard Færøyvik. Ordet jakt kom frå Holland. Jekta tenkjer me oss med høg framstamn og oppbygd veng (kahytt) bak. Men også dei som vart nemnde jakter, hadde veng, endåtil med to glas i. Nokre jakter hadde gaffelsegl. Dei var visstnok beste siglarane, men kunne ikkje føre så høg farm (last) då denne ville ta opp i seglbommen.

Attraktivt på Lærdalsmarknaden

Kvar haust siglde "eit band" av 30-40 jakter og lyftingar lasta med sommarsfangsten inn fjorden. Det var folk i dei inste bygdene som kjøpte fisken. Til vanleg bytte "havmennene" fisken bort i korn, smør, ost, bord og plankar, bork og ved, og på 1800-talet også poteter. Men mykje vart selt på Lærdalsmarknaden. Dit kom valdrisar og hallingar og kjøpte fisk. Stundom kjøpte dei heile lasta og betalte kontant. Fiskarbonden likte godt denne handelen, og kontantar kom vel med. Lærdalsmarknaden må no elles ha vore ein ettertrakta samlingsfest i seg sjølv, eit lokkande reisemål for jaktene i vest.

Indresogningar vart øybuarar

Å føre fersk sild lange vegar reduserte kvaliteten. Difor kom det forbod å mot å føre silda fersk til Bergen. Fiskarane måtte såleis salte sjølve. Oppkjøparar kom seinare og henta, men fiskarane hadde også sild til sogneføring. Fylkesmannen rekna med at det i 1841-45 gjekk 4000 tønner salta sild over fjellet til Valdres og Hallingdal. Denne silda kom frå Solund, Gulen og Sunnfjord.
Det hende ungdomar følgde med ut att til kysten, fann seg ektemakar og busette seg her. Ein gong reiste to unge brør, ein til Solund og ein til Askvoll. Som aldrige treftest dei att på Kinnafisket!

Vinteropphald i jaktenaustet

I skiftedokument kjem det fram at svært mange av gardane og øyane i Solund hadde jakt.. Stadnamn som fortel om jaktefart, finst enno: Jaktenaustet førekjem fleire plassar, andre er Jaktholmen, Jaktevika.
Om vinteren måtte sjølvsagt jakta stå i naustet, så sparte dei fortøyingar og vedlikehald, og slapp ausinga. Færøyvik fortel at solundjaktene hadde råsegl, berre ei jakt hadde toppsegl. Utskjeringar vart det lite av. Berre steinsundjakta hadde ei krune på rorhovudet, jakta vart kalla Brura. Jaktene vart det bruk for når det skulle fraktast tyngre varer frå og til gardane og handelsplassane. Det kunne vere byte- og salsvarer, men også byggjevyrke til nye hus. Dette gjekk føre seg i sommarhalvåret når veret var lageleg.

Byturen kunne bli lang

Bergen var viktig for varebyte og handel. Fleire stader i Solund var det kremmarhandel, om enn i mindre format. I hovudsak var det byborgarar som åtte desse og styrte ved hjelp av gesellar. Somme plassar var det lønsamt for borgarane å få hand om fiskeleveringa. Varene begge vegar gjekk med jakter. Reisetida til byen varierte mellom ein dag og godt veka, alt etter børen.
Større jekter måtte først til når tyngre last skulle fram, t.d. i 1859 med materialane til kyrkja på Hardbakke. Etter tradisjonen kom ei søkklasta sognejekt frå Bøfjorden med byggjevyrket, som skulle vere hogge på Tveita.

kjelder:

Færøyvik, Bernhard: Jagterne i Solund, artikkel i Gula Tidend 16.06.28.
Færøyvik, Bernhard red.:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane,Band 1. Bergen 1939.
Førsund, Finn B.:Den mageligste Maade at reise paa,sfdh 1983.
F. Beyer kalender 1981.
Thue, Johs.B. Jektekarane fortel i Tidsskrift nr. 25, Historielaget for Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR