Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Det gamle kaihuset i Skjolden



På den gamle dampskipstoppestaden i Skjolden står eit over 200 år gamalt, toetasjes hus. Her var i si tid dampskipsekspedisjon, pakkbu, handel og husvære. På 1980-talet kom huset i forfall, men i 1996 tok folk fatt på å setja det i stand att.

Det gamle kaihuset i Skjolden. Tidlegare vart det kalla <i>bryggjehuset.</i>

Det gamle kaihuset i Skjolden. Tidlegare vart det kalla bryggjehuset.

Eigar: Trygve Skjolden.

Datering: 2000.

Fotograf: Bjørg Hovland.

Dampskipsekspedisjon, handel og husvære

Huset er av lafta tømmer i to etasjar med grunnflate 8 x 15 meter. I fyrste høgda var det landhandel, og i delen mot bryggja lagerrom og pakkbu for varer som kom med Fylkesbaatane.
. I andre høgda var det husvære med fire rom, og over pakkbua var det òg lagerrom. Fylkesbaatane hadde ekspedisjonen sin her frå dei byrja med faste ruter på Lustrafjorden i 1860-åra til rutene vart slutt kring 1965.

Huset flytta til Skjolden i 1878

Huset vart bygt i 1774 på Kvålsøyri i Dale som lagerhus og bustadhus for det Lysterske Kompagnie. Etter at ekserserplassen på Kvalsøyri vart nedlagt i 1876 vart vedteke at militærplassen skulle avviklast og husa seljast. Truleg var det den dåverande eigaren av Eide gard, Torgeir Solheim (1840-1925) som kjøpte huset i 1878 og sette det opp att på husmannsplassen Eidsbakken 3 i Strondi på Eide.

Ekspeditørar og handelsmenn

Fylkesbaatane hadde fast rute til Skjolden frå tidleg på 1860-talet, og det vart bygt bryggje på Eide. Frå 1880-åra var Torgeir Solheim ekspeditør.
I 1887 byrja Johannes J. Mørkrid (1857-1925) landhandel her. Han var og d/s-ekspeditør og vart av bygdefolket heitande Bryggjen. Johannes Mørkrid dreiv landhandel på Bryggja til han flytte frå bygda i 1916. Etter han kom brødrene Martin og Ivar Bolstad. Handelen vart slutt i 1927 eller 1928. Husværet i andre høgda var i bruk heilt fram til 1972.

Anna Rebni sette opp bryggjefjøs

Anna Rebni (1869-1970) fekk skøyte på garden Eide i 1920 etter morbroren Torger Sulheim. Ho såg på at ventetida på rutebåten kunne verta lang for folk som kom på Bryggja med levande dyr som skulle sendast til slakteri i Bergen, ofte på nattetid og i ruske vêr. For eiga rekning sette ho opp eit hus for dyra, ein liten fjøs oppfor bryggja.

Forfall og istandsetjing

Etter at huset ikkje vart brukt lenger, kom det smått om senn i forfall. Deler av taket fall ned og det vart ein det roteskadar innvendig i romma der landhandelen hadde vore. Skjolden Vel (Skjolden Grendalag) saman med Luster Sogelag fekk i 1996 taket i sett stand att. Teglsteinen vart nedteken og pussa rein for mose, roten skifer skifta ut, og nytt sutak med papp vart pålagd før teglsteinen kom på plass att. Alt arbeidet vart gjort ved hjelp av pengegåver og stor dugnadsinnsats. Det står endå att noko utbetringsarbeid innvendig.
Huset er no i Skjolden Bygdelag si eige. Dei fekk huset, og kjøpte grunnen hjå eigaren av garden Eide.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øyane Lars: Gards og ættesoge for Luster. Bind 1. 1984.
Opplyningar frå Johannes Kroken, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR