Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. september 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Jorddyrking i Stardalen



I den halvtanna mil lange Stardalen, på mellom 280 til 300 m o.h., var det i 1920-åra 37 gardsbruk. Mykje av innmarka vart årvisst overfløymt. Opptakten til regulering vart gjort i 1897, men ikkje fullført før i 1980-åra.

Under flaumen i Stardalen i 1926 stod mange hesjer under vatn. Før reguleringa, som starta i 1930, kunne elva fløyma over når det kom bråe temperaturskifte. Då kunne slåtten få store skader.

Under flaumen i Stardalen i 1926 stod mange hesjer under vatn. Før reguleringa, som starta i 1930, kunne elva fløyma over når det kom bråe temperaturskifte. Då kunne slåtten få store skader.

Eigar: I boka Jølster - Hundre år med bygd og bank.

Datering: 1926.

Fotograf: Lyslo.

Bakgrunn

Kring 1900 var det stor, allmenn interesse for nydyrking og tapping av myrer og våtlendt mark. Ulike offentlege lånetilskot og premiar oppmuntra dette arbeidet. Først på 1900-talet merka Breim seg ut med nydyrkingsaktivitet. Berre frå 1906 til 1913 vart det der dyrka kring 900 mål jord, som utgjorde kring 6 pst. av bygda sitt dåverande jordbruksareal.

Bilete av tresking på  Veiteberg under krigen.

Det vart då ikkje dyrka spesielt mykje jord i Jølster, men det var store planar på gang. Det galdt i første rekkje drenering og omlegging av Stardalselva, med ein del sideelver, der opptakten til dyrkinga vart gjort i 1897. Den fremste pådrivaren i dette arbeidet var Thor Veiteberg, tilsynsmann for Vassdragstellet i fylket, og seinare ordførar. Det var ei krevjande oppgåve å dra i gang eit arbeid som involverte semje mellom så mange grunneigarar.

Bilete av elva.

Store dimensjonar

Konkrete resultat kom først i åra før 1914, då det vart gjort nokre mindre reguleringsarbeid på ein del sideelvar. I 1916 vart så spørsmålet om regulering av Stardalselva frå Lyngstadfossen til Fonn teke opp, og det vart etter kvart tale om turrlegging av 2790 dekar frå Befring til Fonn. Det var ikkje enkelt å få til full semje om dei store inngrepa mellom 31 involverte grunneigarar. Nytt elvefar førte m.a. til omregulering av grensene mellom bruka. Det var store dimensjonar over denne reguleringa. Det pårekna dyrka arealet utgjorde kring 1930 omtrent ¼ av den type innmarksareal i Jølster det her var tale om.

Starten

I ein avisartikkel i 1929 om denne saka heitte det m.a.: "Dyrking av jord er ei samfunnssak. Stagnasjon i dette arbeidet er ei synd mot slekta, landet og Vårherre". I 1929 vart dei første pengane til prosjektet løyvde av Stortinget. Bønder skaffa seg nye, solide steinsledar. Arbeidet starta opp hausten 1930. Då hadde også dei argaste motstandarane komme med sine signaturar, slik at det formelle endeleg var i orden.

Handemakt

Kanaliseringsarbeidet i åra etterpå vart gjort med handemakt. Moldjorda vart spadd opp i hestekjerre og køyrt til laglege stader. Alle oppsitjarane stod no skulder ved skulder i arbeidet. I 1930-åra var det rikeleg med arbeidsføre folk på gardane, og billeg arbeidskraft elles, slik at arbeidet starta opp i ei gunstig tid. Med ei årleg statsløyving på eit par-tre titusen gjekk arbeidet sin gang, år etter år. Først etter eit par tiår vart maskinkraft nytta, og i alle fall i 1955 vart gravemaskin nytta i kanalgravinga ved Veiteberg.

Bilete av arbeidarar med enkle reiskapar.

Avslutta i 1985

Elvereguleringa førte òg med seg omlegging og nybygging av vegar og bruer innetter dalen. Trongen for betre veg hadde ikkje minst komme for ein dag i 1950, då dei lokale meieria vart nedlagde og mjølka skulle køyrast til det nye Jølster meieri på Ålhus. Reguleringsarbeidet vart avslutta i 1985, 88 år etter opptakten, og 55 år etter at det første spadetaket vart gjort. Interessent-tilskota varierte frå 1/4 til 1/6 alt etter arbeidet.

Bilete av elveregularinga ned mot Stardalen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Befring, Olav J.: Regulering av Stardalselva. 1993.
Førsund, Finn B.: Jølster - Hundre år med bygd og bank. Selja Forlag, Førde 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR