Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. mars 2020

Sist oppdatert 13. august 2020

Kategori

Rå-data

Om mannakorn – papirlappar med adresse til bibelord



Å bruka mannakorn var ein måte å velja ut bibelord og så lesa i bibelen. I røynda er dette eit døme på kristenliv i praksis, til liks med å halda husandakt, be kveldsbøn, søkja bedehus og kyrkje, ta imot nattverd m.m. Det ser ut til at mange brukte mannakorn utover på 1900-talet, både i Sogn og Fjordane og i landet elles.

Skål med mannakorn, små papirlappar med tilvising til bibelord, i bruk ein stad på Vestlandet på midten av 1900-talet. Mannakorn vart også oppbevart i skrin, øskje eller bolle.

Skål med mannakorn, små papirlappar med tilvising til bibelord, i bruk ein stad på Vestlandet på midten av 1900-talet. Mannakorn vart også oppbevart i skrin, øskje eller bolle.

Datering: 2020

Fotograf: Hermund Kleppa

 Utvalde bibelord - på papir

«Eg minnest mor hadde eit skrin med mannakorn som stod på kommoden på soverommet. Når me la oss, trekte ho eit mannakorn og las til oss frå Bibelen.» (Person frå Nordfjord, fødd 1949, 2020).

Den vesle skåla på biletet inneheld mannakorn, reint konkret små papirstykke, ca 2,5 cm x 1 cm, med bibelord-tilvising innramma av bord langs kanten. «Sal. 50, 23» står for Salmane, kapittel 30, vers 23., «1. Peter 2, 11-12.» står for Peters 1. (første) brev, kapittel 2, vers 11-12.». Eit mannakorn er vegvisar, adresse, link, til bibelord. Det er mange mannakorn i skåla, fleire hundre.

Mannakorn var handelsvare, og vart gjerne avertert i annonser for biblar, songbøker, o.l. Mannakorna blei produserte og forhandla i ark, som kjøparen så klipte opp og la oppi skål eller skrin.

Tre andre døme

Personen frå Nordfjord mintest bruk av mannakorn i barndomsheimen. I trykte kjelder finst det mange vitnemål om bruk av mannakorn. Her følgjer tre døme; to er barndomsminne, det tredje er henta frå skjønnlitteraturen.

Solveig Nes (1920-0000) voks opp på ei lita øy nær Kalvåg i Bremanger. I boka Oppvekst ved havet. Levevilkår i eit øysamfunn i Sunnfjord (2000) fortel ho om store og små, unge og gamle. «Tante Ragna» var einsleg,, ho var i arbeid heile livet, seint og tidleg.

«Når dagen og arbeidet var enda [slutt], stod ho attmed glaset på det kalde loftsrommet og las i Bibelen sin, trekte mannakorn frå skåla og henta styrkje frå «Bokja».

Arne Prøis (1914-2001), fødd og busett på Austlandet, var prest, lærar, forlagssjef og forfattar. I boka Langs gledens stjernesti (1995) fortel han noko om bruk av mannakorn.

«Både i mitt eget hjem og i mine besteforeldres hjem hadde vi en skål med mannakorn stående. (…) jeg husker bestefar klippet opp et nytt sett mannakorn. De gamle var i årenes løp blitt så gamle at trykken var blitt grå. (…) Jeg husker mor alltid ba til Gud først om å få det rette ordet, og så trakk hun, og hennes spenning var stor hver gang, hva nå Gud hadde å si henne i denne spesielle situasjonen hun nå var oppe i.»

Handlinga i Herbjørg Wassmo (f. 1942) sin roman, Huset med den blinde glassveranda (1984) føregår i Vesterålen. Kvinna Eilisif har mange born. Familien bur i Tusenhjemmet.

«Omvendt var hun også blitt (…). På den den gamle eikekommoden som hun hadde arvet etter en slektning, hadde hun en grønn glassbolle hvor hun oppbevarte sine mannakorn i trygg avstand fra de små som stadig raste rundt på golvet. Hver dag trakk hun et «mannakorn» med påtrykte henvisning til skriftsted og beskikket hele huslyden etter det skriftstedet befalte.»

«.. helt forkastelig..» - eller?

Mange brukte mannakorn. Det var ein måte å lesa Bibelen på, ein metode. Fleire åtvara mot «mannakorn-metoden», eller «lotteri-prinsippet». Presten M. Stensaker skriv i artikkelen Hvordan leser jeg min bibel (1941) at å lesa Bibelen «ved å bruke mannakorn» (…) kan gå an enkelte ganger, men er i alminnelig[het] helt forkastelig. Bibelens ord er skrevet i sammenheng og vi skal ikke rive dem ut av den.»

Presten Arne Prøis er mindre avvisande (1995). Han har opne auge for at mange, «tusenvis», har opplevd «Guds omsorg» på denne måten.

Mannakorn kan selvsagt ikke erstatte bibellesning etter plan, heller ikke oppbyggelses- og daglige andaktsbøker, men jeg er svak for mannakorn likevel. Tusenvis har opplevd det som en personlig hilsen og et håndtrykk ovenfra når de har lest sitt Mannakorn. Og er det egentlig noe større enn det å føle seg i Guds omsorg

Ein spurv trekte mannakornet

Folk trekte mannakorn frå skål og skrin med fleire hundre mannakorn oppi, gjerne etter bøn om å få «det rette ordet» der og då. Det finst mange forteljingar om trekking av mannakorn, situasjon og resultat. Søndagsandakten i Helgeland Arbeiderblad (1964) med overskrifta Guds øye inneheld ei forteljing der trekkinga blei ordna av ein fugl.

«En skolestyrer forteller: En solfylt sommerdag stod vinduet i sykerommet åpent ut til hagen. En spurv kom inn vinduet og satte seg i vinduskarmen. «Kvivitt» sa den og fløy inn i rommet. Den satte seg på kanten av en eske der det lå mannakorn, nippet et med nebbet, og fløy så omkring i rommet. Til slutt slapp den lappen, - ned på sengeteppet, og vips var den ute igjen. Da den syke fant fram ordet som mannakornet viste til, leste han: «Jeg vil ingenlunde slippe deg, og ingenlunde forlate deg.»

Manna i Sinai-ørkenen

Omgrepet og ordet manna har samanheng med den bibelske forteljinga om utvandringa frå Egypt. I Sinai-ørkenen oppstod matmangel og misnøye. Israelittane mintes «kjøtgrytene i Egypt». Moses vende seg til Gud Herren, som i si miskunn let det «regna brød» frå himmelen. Det står om hendinga i 2. Mosebok, kapittel 16:

«Då sa Herren til Moses: «Sjå eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. (…) Då dogga var borte, låg det att eit fint, kornete lag over ørkenen, det var som eit fint rim på jorda. (…) Kvar morgon samla kvar og ein så mykje som han trong. (…) Israelittane kalla det manna. Det likna korianderfrø. Det var kvitt og smaka som tynne kaker baka i honning.»

kjelder:

Prøis, Arne: Langs gledens stjernesti. Oslo: Lunde forl., 1993


Nes, Solveig: Oppvekst ved havet. Levevilkår i eit øysamfunn i Sunnfjord. 1995.


Wassmo, Herbjørg: Huset med den blinde glassveranda. Oslo: Gyldendal, 1981.


Buskerud Blad,10.03.1941


Helgeland Arbeiderblad 29.02.1964


Wikipedia: Jaques-Joseph Tissot


Learn Religions: What Is Manna in the Bible?

PERMANENT IDENTIFIKATOR