Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. mars 2017

Sist oppdatert 09. oktober 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Om Øksneset fyrlykt på Bremangerlandet



«Utafor er opne havet og so snart båra rører aldrig so lite på seg, er det uråd å lande her.» Dette skreiv ein sunnmøring i 1936. Han var med i eit arbeidslag som bygde fyrlykta i Olderveggen på yttersida av Bremangerlandet. Sommaren 1988 vart fyrlykta bygt om frå oljedrift til solengergidrift.

Øksneset fyrlykt, Bremangerlandet, bygd 1936. Fyrlykta står ca 80 meter over havet. I bakgrunnen mot nord, Vågsøya.

Øksneset fyrlykt, Bremangerlandet, bygd 1936. Fyrlykta står ca 80 meter over havet. I bakgrunnen mot nord, Vågsøya.

Eigar: Kystverket

Datering: 1988

Fotograf: Jan Erik Westergaard

Olderveggen

Bremangerlandet er namnet på den største øya i Bremanger kommune. Mot havet i vest går landskapet for det meste stupbratt ned i havet. Vetvika, som ligg nokolunde midt på, er einaste staden det har vore busetnad. Olderveggen er namnet på strekninga frå Vetvika sørover mot punktet der Bremanger-pollen går inn mot aust. Øksneset ligg såleis i Olderveggen med Tussevika rett nord om Øksneset. Namnet Olderveggen heng saman med Olderøya og Oldersundet mellom Bremangerlandet i sør og øya Frøya.

Fyrarbeidarar

«Livet i Tussevika» står som overskrift på eit stykke i florø-avisa «Fylkestidende» 10. august 1936, og som undertittel: «Fyrarbeidernes hårde arbeide ute ved Olderveggen». Avisa hadde saksa frå Romsdals Folkeblad, og det var ein «sunnmøring» som hadde sendt inn ei skildring frå arbeidet med å byggja fyrlykt på Øksneset. Stykket passar godt til «hovudoppgåva» til fyrmuseet i Dalsfjorden, å dokumentera og formidla den sosiale historia til dei som var med og bygde fyr. Stykket er ekstra interessant ved at det er ein fyrarbeidar, ein som var med i arbeidslaget på Øksneset og i Tussevika i 1936, som fortel. (Mellomtitlar er innsette her).

«uti Olderveggen»


«Det er mange som skriv i avisene um mangt og mykje, men sjelden er det at ein ser noke frå fyrarbeidarane og deira liv. Dei ligg ute på holmar og skjer og i alle slags ulende, og ofte milevis frå folk, der bygg[jer] dei fyrar og lykter til rettleiing for dei sjøfarande.

No ligg me eit slik lag av desse karane, åtte mann, uti Olderveggen på Bremangerlandet og skal sette opp ei ny fyrlykt. Denne lykta skal stå oppi fjellet, ca 80 m.o.h.

«fjellet er vilt»

Fjellet er bratt og stygt, men me hev no hakka oss igjenom ei «rås» no sopass me kan gå lausreipa. Byggjetilfanget skal me ta upp på taubane, so det kjem til å bli mykje «haling».

Eg skriv at fjellet er vilt, og det er det i «ordets rette betydning». Bratt er det so du kan bite i bakken alle stader, ville flog og storsteinet ur. Det einaste levande me [ser] her er geiter og ørn, men begge desse dyreslaga er her godt representert og er her i sitt rette element, ser det ut for.

Utanfor er opne havet og so snart båra rører aldrig so lite på seg, er det uråd å lande her. – Ja, lesarane av dette hev vel kanskje hug til å høyre korleis me bur her, og det skal eg i korte drag fortelje --.»

«militærtelt» - «like gamalt som arvesynda»

«Jau, me hev sett oss opp eit lite skur med halve tak som me kokar og et i, og det er nokolunde til sitt bruk. Men det er verre med liggeplassen. Dei høge herrar som steller med dette «vesenet» [Fyr- og merkevesenet, no Kystverket] hadde funne ut, at eit telt skulle vere bra nok å liggje i for slike karar som oss. Og som tenkt so gjort.

Me fekk oss tilsendt eit telt – eit militærtelt endåtil. Ja, alt kunde vere vel og bra nok dersom der ikkje var noke som heiter regn, - men det er her til yvermål, han regner støtt og jamnt, til dels berre so det fossar. Hadde teltet berre vore nytt og tett, so stod det ikkje på, men det er visst diverre like so gamalt som arvesynda, og lek gjer det som ein sil. Me lyt difor leggje gamle sekker og tjærepapp og alt som finst for handa yver sengane for å samle upp det meste av vatnet og spare sengklæda for det meste av syndfloda.»

Solenergi frå 1988

Sommaren 1988 ankra Kystverket sin båt ms «Vesthavn» opp i Tussevika. Ærendet var å gjera Øksneset fyrlykt om frå drift med oljeenergi til solcelle-energi. Jan Erik Westergaard stod føre arbeidet. Mannskapet bar opp utstyr, sette i stand taubana og heiste opp batteria og anna tilfang. Heile arbeidet tok tre-fire dagar.

Dalsfjord fyrmuseum

Den statlege etaten Kystverket vart oppretta i 1974 som samanslåing av dei tidlegare etatane Fyr- og merkevesenet, Losvesenet og Havnedirektoratet. Fyr- og merkevesenet rekrutterte i mange år arbeidarar frå Sunnmøre; særleg frå bygder i kommunane Ørsta og Volda. Arbeidet gjekk nærast i arv frå generasjon til generasjon. Dette er grunnen til at det finst eit fyrmuseum i bygda Dalsfjord, på vestsida av Dalsfjorden. Dalsfjord fyrmuseum har vokse fram som lokalt tiltak ved stor dugnadsinnsats gjennom fleire ti-år. Pr. 2016 er Dalsfjord fyrmuseum organisert som eiga stifting, men er samstundes med i Stiftinga Sunnmøre Museum.

Minnesmerke

I 2013 flytte Dalsfjord fyrmuseum inn i nye lokale, bygd som ein del av nytt skuleanlegg. Nede ved sjøen har museet sett opp ei fyrlykt frå kring 1900. Fyrlykta står som minnesmerke over «fyrarbeidarar frå distriktet», og med det også som minnesmerke over arbeidslaget som i 1936 sette opp fyrlykta på Øksneset på Bremangerlandet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Fylkestidende, Florø. 10.08.1936.


Informasjon frå: Kystverket, Jan Erik Westergaard.


Fyrlykter rundt Kalvåg og Frøya

PERMANENT IDENTIFIKATOR