Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vilhelm Bjørknes frå Gulen - kunstmålar og forkynnar



«Bjørknes var ein allsidig utrusta mann. Han dreiv gardsbruk på Byrknes attåt landhandel. Som unngut slo han seg på målarkunsti og kom i kunstnarlære saman med Mons Breidvik. Gjennom åra har han måla hundrevis av målarstykke.» (Sognevarden).

Korpartiet i Vadheim bedehuskapell. Maleriet på veggen bak alteret er måla av Vilhelm Bjørknes. Motivet er Jesus i Getsemane, etter original av Hoffmann.

Korpartiet i Vadheim bedehuskapell. Maleriet på veggen bak alteret er måla av Vilhelm Bjørknes. Motivet er Jesus i Getsemane, etter original av Hoffmann.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Personopplysningar

Bygdeboka for Gulen har desse opplysningane om Vilhelm Bjørknes:
"Vilhelm Nilsson vart gift 10. juli 1909 med Kristine Marie (Stina) Endresdotter Einebærholm, fødd 1887. Dei tok straks over bruket og dreiv det til 1954. Dei heldt fram med handelen som far hans hadde gått i gang med i sjøbua i Barvågen til 1936. Då sette Vilhelm opp nytt bustadhus oppe ved bygdevegen, og brukte kjellaren til butikk. Dei skaffa privattelefon i 1933, og sette opp varehus i 1936 ved vegkroken. Vilhelm var emisær og hadde ymse offentlege tillitsombod.

Han var ein kjend kunstmålar og i mange bedehus og heimar finn ein bileta hans. Han har mellom anna måla altertavla i Agdenes kyrkje i Orkdal. Stinan døydde i 1958, Vilhelm 5. februar 1969. Vilhelm tok namnet Bjørknes i staden for Birknes. Dei hadde 11 born som vaks opp." (så langt bygdeboka)

Jesus i fjordlandskap

Eit av bedehusmaleria til Bjørknes pryder talarstolveggen i Ornes bedehus. Vilhelm Bjørknes måla bilete med motiv frå naturen og bibelen. Maleriet hans i Ornes bedehus har både natur og bibel i eitt og same bilete. Jesus-skikkelsen med Jesus med langt hår, kledd i fotsid kvit kjole og sjal, har lang tradisjon. Handlinga i biletet finst fleire stader i Bibelen, Jesus som «hyrdingen» (gjetaren), som vaktar og vernar det forsvarslause lammet mot trugande fårar (rovfuglen i bakgrunnen). Sauen og lammet står som bilete på mennesket.

Bjørknes har flytta Jesus frå heimlandet hans, Jødeland eller Palestina, til eit norsk fjordlandskap med bratte fjell opp mot lysande snødekte toppar.

Andre bedehusmaleri i Sogn og Fjordane

Det er ikkje laga oversyn over bileta til Bjørknes, korkje med omsyn til motiv eller kvar dei finst. Dei fleste er truleg å finna i Sogn og Nordhordland, men elles rundt om i heile landet, jamvel ute i den store verda, der norske misjonærar har vore i arbeid.

Her nemner me nokre få Bjørknes-bilete i bedehus, bedehuskapell og kyrkjer i Sogn og Fjordane:

Ornes bedehus, Luster: "Jesus passar på lam i fjordlandskap".
Ljosheim bedehuskapell, Olden, Stryn, to bilete:
"Jesus står opp"
"Jesus i Getsemane"
Bolstad bedehus, Skjolden, Luster: "Læresveinane i hardt vêr på Genesaretsjøen".
Vadheim bedehuskapell, Høyanger: "Jesus i Getsamene", etter Hoffman.
Mjømna kyrkje, Gulen: "Jesu oppstode". Kopi av Adolf Tidemand Christi opstandelse 1871.
Bedehuset, Lærdalsøyri: "Jesus bankar på døra".

Forkynnar

Vilhelm Bjørknes byrja tidleg å halda «oppbyggingsmøte», og vart emissær (reisetalar, forkynnar) i Norsk Luthers Misjonssamband. Han reiste mykje i Sogn og Nordhordland, og «stod ofte i vekkingar.»

Jærbu minnest Bjørknes

Jæren har fostra ein "kopi" av Vilhelm Bjørknes, Odd Dubland, - forkynnar i Norsk Luthersk Misjonssamband og kunstmålar. I eit intervju i dagbladet Dagen (11.10.2002), fortel Dubland om eit møte med Bjørknes i barndommen:

"Ein gong losjerte den gamle forkynnaren og målaren Vilhelm Bjørknes hjå familien på Jæren. Dagane då Bjørknes sat og måla og eg fekk sjå, står i eit eige ljos, 50 år etter."

kjelder:

Kleiva, Ivar: Gulen i gammal og ny tid. (..) Band 3, 1996.
Sognevarden. 15.02.1969.
Randal, Aud: Mjømna kyrkje 100 år. 1901-2001. 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR