Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lakshøl Sølvgrube



"Meget lovende" står å lesa i ei bergensavis 4. august 1885 om sølvfunn på garden Gjerde i Leikanger. Det hadde vore forsøksdrift og dei hadde sendt inn prøver til universitetet i hovudstaden. Men meir blei det ikkje. Det einaste jordfaste sporet etter gruvedrift ved Henjaelva er ei attgrodd og ikkje lett tilgjengeleg hole ved Lakshøl, ein halv kilometers veg frå sjøen.

Hola der det small mineskot i hausten 1884, ved Lakshøl, på austsida av elva, fotografert 2018 frå vegen ved Henjaelva opp frå Lundene.

Hola der det small mineskot i hausten 1884, ved Lakshøl, på austsida av elva, fotografert 2018 frå vegen ved Henjaelva opp frå Lundene.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2018

Fotograf: Hermund Kleppa


"Sølvgrube i Sogn"

var var florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende si overskrift om same saka. Avisa hadde opplysningane sine frå Bergens Aftenblad.

"Sidste Høst [1884] blev paa Gaarden Gjerde i Lekanger opdaget en Sølvertsanvisning der tegner til at blive meget lovende. Under den i Sommer optagne Forsøgsdrift har det nemlig vist sig, at Materien tiltager i Mængde og Righoldighed, efter som man under Sprængningen er trængt dybere ind i Fjeldet. I leiet, der har en Bredde af omtrent 8 meter, forefindes væsentlig Blyglans, tildels blandet med Kobberkis og Svovelkis.

Ertserne indeholder efter de til Kristiania Universitet indsendte Prøver 750 Gram rent Sølv pr Ton, ligesom der ogsaa efter Sagkyndiges Udtalelser antages at forefindes endel Guld. Anvisningen ligger omtrent 200 Meters Længde og omtrent 10 Meters Høide fra Søen, altsaa med bekvem Anledning til Anlæggelse af Skinnegang.»

Stor skjerpelyst

På slutten av 1800-talet reiste mange rundt og leita etter rikdomar i fjell. Etter bergverkslova av 14. juli 1842 hadde kvar mann rett til å skjerpa, det vil seia leita etter malm på annan manns grunn. Eitt vilkår var at skjerparen skulle ha skjerpesetel (lisens). Dersom skjerparen fann noko han meinte var lovande, måtte han melda funnet til lensmannen som førde eigen skjerpeprotokoll. På denne måten sikra skjerparen seg juridisk rett til skjerpet.

Skjerpesetelen hadde til vanleg fylgjande formulering:

"Skjærpeseddel: I følge Lov af 14de Juli 1842 § 2 meddeles herved N.N. af N.N. Præstegjeld Ret til at skjærpe i N.N. Herred paa de Steder, som Lovens § 3 bestemmer og under Betingelse af, at han foreviser denne Seddel for Grundens Eier, samt stiller betryggende Sikkerhed for den Skade, som han under Skjærpningen maatte forvolde.

Ordforklaring: skjerp - tysk schurf, stad der i jordoverflata blir leita eller granska for å finna malm.

Funn ved Lakshøl i lensmannsprotokoll

Lensmannen i Leikanger sin protokoll for melding om "ertsfunn" har notering om sølvfunnet ved Lakshøl hausten 1884; ein stad på vestsida av elva, på Ole Iversen Henjum sin eigedom og to stader på austsida, på Ole Endresen Gjerde sin eigedom. Alle stadene var merka med mineskot, og to av meldingane var kunngjorde på kyrkjebakken.

Prøvedrift

Prøver frå eit skjerp kunne skjerparen senda inn for å få klårlagt om det var grunnlag for drift. Det neste steget kunna så vera prøvedrift i større eller mindre omfang.
Lakshøl-skjerpet vart meir enn ei melding til lensmannen. Analysene var lovande og alt såg ut til å liggja godt til rette for mogeleg drift. Ikkje minst staden, berre 10 meter over havet og kort veg frå sjøen, - lett å byggja jernbane, låg nær ei elv med fossekraft eit kort stykke oppom!

Kjøpte varer på Hanehaug

Bergverksfolka handla lokalt. I 1880-åra dreiv Lekangers forbrugsforening landhandel på Hanahaug. På denne tida var det ikkje uvanleg at varekjøp vart innførde inn i ei kundebok mot betaling seinare. Lakshøl Sølvgrube har konto i ein slik protokoll. Det er ført opp innkjøp av krut, feislar, lunte, borestål og - byggmjøl. Fyrste innførsle (1 kg krut) er datert hausten 1884, siste hausten 1886 (18 kg byggmjøl). Etter innførslene i denne protokollen - var det mest liv og røre ved Lakshøl sommaren og hausten 1886.

Kvifor berre prøvedrift?

- Kvifor vart det berre med prøvedrift ved Lakshøl? Dette spørsmålet retta Sogn Avis til fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes i eit oppslag 17. juli 1996.
- Det er eit spørsmål ein sikkert kan få svar på om ein leitar, men truleg var det ein av to grunnar: enten hadde førekomsten for låg gehalt, eller så var omfanget for lite.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Avis 17.07.1996.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv SFF-88005 Lekangers Forbrugsforening.


Statsarkivet i Bergen: Lensmannen i Leikanger, protokoll for melding om ertsfunn.


Bergens Adressecontoirs Efterretninger 04.08.1885

PERMANENT IDENTIFIKATOR