Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

"Mercantil Marcia"-havariet i Solund - ei eldprøve i oljevernarbeid



Den 21. oktober 1989 fekk "Mercantil Marcia", ein bulkbåt frå Rio de Janeiro, maskinhavari og dreiv på grunn ved Storsvalene i Solund. Mannskapet vart berga, men storsjøen braut skipet ned. Lasta gjekk tapt og all bunkersoljen lak ut og innover mot strendene. Statleg, kommunal og privat oljevern kjempa hardt for å avgrense skadane etter havariet.

Lasteskipet "Mercantil Marcia", som grunnstøytte ytst i Sognefjorden i september 1989, hadde forholdsvis lite olje om bord. Men på grunn av svært dårleg vêr fekk ein ikkje samla opp oljen frå sjøen, og mykje av han nådde land.

Lasteskipet "Mercantil Marcia", som grunnstøytte ytst i Sognefjorden i september 1989, hadde forholdsvis lite olje om bord. Men på grunn av svært dårleg vêr fekk ein ikkje samla opp oljen frå sjøen, og mykje av han nådde land.

Eigar: Statens Forureiningstilsyn (SFT).

Datering: 1989.

Fotograf: Ukjend.

Utan framdrift i storm

"Mercantil Marcia" var på veg frå Årdalstangen til Sunndalsøra med 14 675 tonn alumina. Denne laurdagen var det sterk sørvestleg vind med opptil styrke 25 i kasta. Båten tok om bord los frå Fedje klokka elleve, men fekk motorhavari.

Om bord var 340 tonn tungolje, 54 tonn diesel og 7 tonn smøreolje. Statslos Dagfinn Solheim bad om taubåt, men "Tenax" som gjekk frå Mongstad, nådde ikkje fram før skipet dreiv på grunn ved Svalene. Det var då i følgje losen full storm med kraftige regn- og torebyer, og bølgjehøgda var kring 6 meter. Båten tok grunn midtskips, på styrbord side.

Særs ureint og vêrhardt område

Svalene er ei vid samling skjer og båar som stikk opp ytst i Sognesjøen. Båten dreiv på klokka 12.50, kring 8 kilometer sørvest for Kvereknappen lykt. Fartyet stranda på 3-metersgrunnen sør for Håskjerbåen ved Storsvalene. Grunna stor sjø var det uråd for taubåten å komme til hjelp, og mannskapet vart berga av helikopter i to puljar. Dei siste forlet skipet 14.50. Ti minuttar før hadde skipet brotna i to. Skipet vart overvaka både frå sjøen og lufta. Søndag formiddag vart det observert ei oljestripe som dreiv vestover. Forskipet fjerna seg meir frå akterskipet, som la seg meir over.

Storsjøen dreg skipet under

I dagane som følgde, vart det klårt at ein stod framfor ei oljekatastrofe av dimensjonar. Natt til måndag hadde sjøen karva og tømt eine bunkerstanken. Vêret var framleis så grovt at det var uråd å ta seg om bord i vraket. Også tysdag var det 4-5 meter høge bølgjer, men då var nokre om bord i framskipet og registrerte at lasta i eitt rom kanskje kunne bergast. Dagen etter hadde framparten snudd seg 180 grader etter ankerkjettingen, begge halvdelane var dregne meir og meir under. Torsdagen stakk berre mastetoppen opp av framskipet. Akterskipet var tomt for olje og vart brote ned noko seinare.

Kamp i største fortviling

Å leggje ut lenser rundt havaristen vart vurdert som nyttelaust. Striper og svære flak av tung og lettare olje dreiv inn mot land. Verst var det i området kring Trovågen og Kverhella. I største fortviling stod kvinner og menn med greip og spade i fjærene og kjempa mot vonløysa. Frå Husøy og innover til Kråkenes vart strendene meir eller mindre tilgrisa. Ei mengd farty kom etter kvart i drift med lenser og pumpeutstyr. Viktige aktørar vart lokalkjende fiskarar, drivne med not og kasting. Første bod var å skjerme oppdrettsanlegga. Folk og farty var svarte og glinsande av grauttjukk olje. Folk tykte organiseringa var mangelfull.

Ingen varige skadar registrert

På land samla det seg ein skare av tilreisande: organisatorar, ingeniørar, journalistar, ja endåtil representantar frå kommunalkomiteen på Stortinget. Skyssbåtar susa til og frå "feltet", med folk og utstyr, og visstnok nistepakkar.

Sund vart stengde, olje leia inn i vikar og fjerna med slamsugar der det var muleg. Lokalt og militært mannskap og folk frå Miljøvernforbundet dreiv grovsanering av strendene og heldt på ut i november. Ei grundigare reinsing kom seinare.

Aksjonen samla opp frå sjø og land 565 tonn oljeemulsjon (sjøblanda olje). Dette tilsvarar 45-50 % av den oljen som var i havaristen. Ingen varige skadar er registrert etter oljehavariet i Solund, men endå 10-12 år etterpå registrerer forskarane olje som piplar opp or blautfjærer.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Det norske Veritas: Uavhengig evaluering av oljevernaksjonen etter forliset av "Mercantil Marcia" utenfor Sognefjorden.Desember 1989.

PERMANENT IDENTIFIKATOR