Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kunstmålaren Isak Ræfsnes



Isak Refsnæs (1852 - 1928) frå Stadlandet var både landskaps- og portrettmålar. Mest kjend er han likevel som marin-målar og tolkar av den vestnorske kystnaturen og havet.

Bakpå dette måleriet frå 1922 har kunstnaren sjølv skrive:
"Nordenvindskuling i Vanylvsgabet (Nordsiden af Stadlandet). Pris kr. 150,00".

Bakpå dette måleriet frå 1922 har kunstnaren sjølv skrive: "Nordenvindskuling i Vanylvsgabet (Nordsiden af Stadlandet). Pris kr. 150,00".

Eigar: Borgny Dam-Nielsen.

Datering: 2001.

Fotograf: Borgny Dam-Nielsen.

Oppvekst ved Stadhavet

Isak Elias Aslaksen Refsnæs vart fødd på garden Refsnes på Ytre Stadlandet 22. februar 1852. Han var den tredje i ein syskenflokk på fem og familien hadde slektsrøter i mange av bygdelaga på Stadlandet og elles i Ytre Nordfjord. På den tid Isak gjekk i skulen rådde enno ordninga med omgangsskule. Læraren drog frå bygd til bygd og heldt skule på gardane. Etter skulelova av 1860 hadde kvar elev rett til åtte veker skule årleg. Som unggut måtte Isak, slik det var vanleg, hjelpe til med både gardsarbeid og fiske. I open båt ute på Stadhavet fekk han alt tidleg lære å kjenne storhavet i all sin velde. Kanskje er det desse opplevingane og inntrykka som seinare speglar seg av i dei framifrå bileta hans av havet og den norske kystnaturen.

Marin-målar og portretteiknar

Då Isak var 20 år gamal drog han til Bergen, der han fekk plass på underoffisersskulen. Avgangsvitnemålet hans frå 1874 viser at han gjorde det godt i dei teoretiske faga, og etter plikttenesta si arbeidde han nokre år på kontor, lærte seg fotografering og var ei tid tilsett i eit par fotoverksemder i byen. Heile tida gjorde interessa hans for teikning og måling at mykje av fritida gjekk med til dette. I to år gjekk han på teikneskule om kvelden, men økonomien tillet ikkje verken meir utdanning eller studiereiser til utlandet for å lære. Han var difor mykje godt sjølvlært som målar, og han heldt seg til dei motiva han kjende godt; havet, kystlandskapet, båtar og skip. Han teikna og målte dessutan portrett, mest etter fotografi. Sjølv kalla han seg for "Marinemaler og Portrættegner".

Livet som kunstnar

I 1880 gifta Isak Refsnæs seg med Anna Maria Helene Eriksen frå Sunnhordland, og dei to fekk etter kvart 7 born. Med så mange munnar å mette var det inga enkel sak å livnære seg med pensel og palett. Han måtte halde låge prisar, og det måtte han igjen kompensere med stor produksjon. Han skal ha måla og teikna meir enn 2500 portrett. I tillegg reiste han rundt til dei forskjellige byane på Vestlandet og måla skipsbilete for rederi og offiserar. I Ålesund var han fleire gonger, for der hadde han ein bror å ta inn hos. Det finst difor mange måleri av Refsnæs i Ålesund-distriktet, mellom anna på Ålesund Museum. Ein del større oppdrag hadde han òg; alt frå måling av skipsflåten for større dampskipsselskap til altertavler og skulefaner. I tillegg var han landskapsmålar og laga bilete med motiv frå vestlandsfjordane. Til Bergensutstillinga i 1910 leverte han ein serie med store måleri med motiv frå sjøen og frå norsk natur. Isak Refsnæs døydde i Bergen 9. desember 1928.

Samtidsskildrar

Isak Refsnæs er ikkje rekna mellom dei store i norsk målarkunst, men bileta hans har stege jamt i pris i dei seinare åra. Gjennom målinga si har han òg gjeve ettertida eit framifrå innsyn i korleis det maritime miljøet langs vestlandskysten var i siste delen av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berge, Ragnvald: Kunstmålaren frå Stad. I Jul i Nordfjord. Gloppen 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR