Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Solund kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Solund.

Hardbakke var hovudsoknet i prestegjeldet, og kyrkja var røystelokale ved begge folkerøystingane. 13. august var kyrkja på Hardbakke den einaste røystestaden, og her var nok eit yrande liv med båtar og folk, finkledde, feststemde og høgtidssame, for dette var mest ein nasjonal høgtidsdag.

Hardbakke var hovudsoknet i prestegjeldet, og kyrkja var røystelokale ved begge folkerøystingane. 13. august var kyrkja på Hardbakke den einaste røystestaden, og her var nok eit yrande liv med båtar og folk, finkledde, feststemde og høgtidssame, for dette var mest ein nasjonal høgtidsdag.

Eigar: Sverre Takle

Datering: 1912.

Fotograf: A/S Stav. Forenede Fotografer.

Solund kommune i 1905

Solund kommune var i 1905, som i dag, eit reint øyrike. Øya Losna, som no er ein del av Solund, tilhøyrde Gulen kommune. I 1923 endra kommunen namn til Solund, men namneskifte var ei gamal sak. Både i 1903 og i 1905 søkte kommunestyret regjeringa om å skifte namn til Solundir. Kommunen omfatta kyrkjesokna Husøy, Solund og Hersvik og var eige tinglag i Sogn fogderi.

I 1900 budde det 1920 personar i kommunen. Den viktigaste levevegen var kombinasjonen fiskeri og jordbruk. Fiskehandel med fersk fisk og eksport av fisk, krabbe og hummar vaks også fram på denne tida. Viktig var også ulike sidenæringar knytte til fisket, slik som salting, tønnemakarar, produksjon av fiskegarn,garn/notbøteri osv. Dei viktigaste handelsstadane var Kolgrov, Steinsundholmen, Inderøy og Buskøy. I Solund var det korkje bank eller telefon enno. I 1900 var her fem postopneri; Solund, Tangenes, Nåra, Buskøy og Krakhella.

Det var berre ein "køyreveg" i kommunen, frå Solund kyrkje til garden Hop. Sjøen var hovudferdselsåra, og framleis var det robåtar og opne seglbåtar som vart nytta. Motorbåten var ikkje blitt allemannseige enno. Utan vegar og omgitt av hav var Fylkesbaatane viktigare for sulingane enn for folk flest. I 1904 var her sju stoppestader, Buskøy, Krakhella, Lågøy, Nesefjord, Nåra, Steinsund og Tangenes. Solund var den kommunen i fylket som hadde flest stoppestader sett i høve til folketalet.

Kommunen var inndelt i 14 skulekrinsar, med 318 born i skulepliktig alder og seks lærarar. Solund delte distriktslækjaren med Gulen, og legekontoret låg i Eivindvik. Kommunen hadde eigne jordmødre.

Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Ei anna viktig sak var helsestellet.

Kommunestyreprotokollane gjev eit bilete av den kommunale kvardagen i Solund. Innføring av nynorske salmar (Blix-salmar) i kyrkjene var ei sak i tida, også i Solund. Kommunestyret bad soknepresten fremje sak i alle kyrkjelydane om å innføre " Nokre salmar" av Elias Blix. Men sulingane var ikkje modne for dette nye, fyrst i 1915 vart Blix innført i kyrkjene.

Døme på andre saker var oppmudring og utdjuping av skipsleia Indre Steinsund, fleire fyrlykter, omn og nye benker i Solund kyrkje, tilsetjing av ny jordmor i Husøy distrikt, søknad om å frede eigedomen Gåsvær som egg- og dunvær, utbetring av Hardbakke skulehus, søknad om dispensasjon frå lakselova og søknad til telefonstyret om telefonline til Solund. Det kan nemnast at fyrst i 1910 kom den fyrste telefonlina til Solund.

Nokre nøkkelpersonar

Det var kommuneval i 1904, og fiskar og bonde Johannes Kristofferson Laagø vart vald til ordførar. Rasmus Haugsøen var sokneprest. Han var frå Gulen, ein stor talar, målmann, folkeopplysar og ivrig grundtvigianar. Haugsøen var rekna som ein av dei fremste i kampen for nynorsk kyrkjemål på Vestlandet. Han heldt alle preikene på nynorsk, men kampen vart stri i Solund. Øyfolket ville ha bokmål til "søndags" og i kyrkja i Straumen vart det enda til demonstrert under ei gudsteneste. Johannes Mathiesen var lensmann fram til 1906, men sonen Magnus O. Mathiesen var godkjent som fullmektig og fungerte som lensmann i 1905.

Få lag og organisasjonar

Ungdomslagsrørsla hadde også nådd Solund, og 26.07.1896 vart det fyrste ungdomslaget, Vårvon, skipa. Inspirasjonskjelda var her som så mange andre stader i fylket, Sogndal Folkehøgskule. Når dei skulle på stemne, nytta dei fiskedampbåten Solundir og med den songglade sokneprest Haugsøen ombord, vart det allsong og stor stemning.

Kring 1900 gjekk det føre seg ei storstila skogplanting i Noreg, og sers viktig var det å skogkle den nakne kysten. I Solund var det mange gardbrukarar som gjorde avtalar med Bergen Skogselskap om å plante gran. Arbeidet vart i stor grad utført av lag og organisasjonar, og dei frilynte ungdomslaga i distriktet planta mykje skog. Kanskje var ungdomslaget på Gylta eit av desse.

17. mai 1905

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Fleire stader vart det halde 17. mai- gudstenester med stort oppmøte. I Solund vart det halde gudsteneste i Hersvik kyrkje der emnet var: "Bøn og arbeid lukker op dørene til var folkelykke". Om ettermiddagen heldt presten tale i ungdomslaget på Gylta. Haugsøen hadde ordet i si makt og var ein svært populær talar i ungdomslaga. Der Haugsøen talte, var det alltid fullt hus. Med den stemninga som låg i lufta 17. mai dette året, sette han nok kveik i sulingane også.

7. juni 1905 og kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag

7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste mange flagget, og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Presten i Solund har ikkje notert i dagsregisteret sitt at han las opp kunngjeringa 1. pinsedag, men det kan koma av at kunngjeringa ikkje var komen han i hende, eller det kan skuldast ei rein forgløyming.

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Det var to folkerøystingar i 1905:
1) Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
2) Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk.

Valsoknet omfatta Solund prestegjeld som tilsvara dåverande Sulen kommune. Valstyret for august var samansett av: fungerande lensmann M. O. Mathiesen (formann), Bernt P. Kalgraf (i august), Bernt Kværhellen (i november), Elias Stensund, Paul Takle og J. Kr. Laagø.

Det var valstyret som bestemte kvar det skulle haldast folkerøysting, og kven som skulle røyste kvar. Folkerøystinga 13. august gjekk føre seg i Solund hovudkyrkje på Hardbakke.
Sjølv om det var tidleg på seinsommaren kunne det vere stridt å ta seg ut i open småbåt til Hardbakke. Jan Hess, driftig fiskebåtreiar, selfangar og fiskeeksportør frå Buskøy, eigde ein 81 fots dampbåt med namnet "Solundir" som han frakta veljarar med til røystelokalet på Hardbakke, av di han var uroleg for at dei ikkje skulle kome seg fram.

Ved folkerøystinga 12.og 13. november var det to røystestader. Det vart røysta i Solund hovudkyrkje på Hardbakke for Hersvik og Solund sokn, og i Husøy kyrkje i Straumen for Husøy sokn. Formannen i valstyret, lensmann M.O. Mathiesen, leia røystinga for Solund og Hersvik, medan Bernt Kværhellen leia det særlege røystestyret for Husøy sokn. Etter at røystinga var over, overleverte formannen i Husøy sokn røystene til formannen i valstyret. Oppteljinga føregjekk også denne gongen i kyrkja på Hardbakke.

Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga

Resultatet i Solund valsokn:
405 hadde røysterett. Oppteljinga viste 326 godkjende røyster, medan ei røyst vart forkasta. Dette gav ein frammøteprosent på 80,7. Alle røysta ja.

I Sogn og Fjordane fylke var det ein frammøteprosent på 92,5 og berre tre røysta nei.

Privat kvinneunderskriftsaksjon

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget.

Underskriftsinnsamlinga vart ordna på ulike måtar. Gjennom opprop i avisene vart kvinnene oppmoda om å skrive seg på listene. På Leikanger skjedde det i kyrkja, der kvinnene fekk høve til å skriva namna sine på utlagde lister i sakristiet på sjølvaste valdagen. Andre stader vart det utlagt lister på butikkar og elles der folk ferdast. Vi har ikkje opplysningar om denne aksjonen frå Solund, men i Solund kan det óg ha vore lister i omløp.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Resultatet av folkerøystinga i november for Solund valsokn:
Av 408 med røysterett, røysta 324. Alle røystene vart godkjende. 311 røysta ja (for kongedømme), medan 13 røysta nei (for republikk).

Frammøteprosenten var om lag som ved augustrøystinga. Kanskje noko overraskande av di det i snitt var lægre deltaking ved denne folkerøystinga enn den førre, både på fylkes- og landsplan. Det var også vekslande oppslutnad i fylket om kongedøme, men sulingane var sers kongetrugne. Saman med nabokommunen Hyllestad toppa dei kommunelista med heile 96% for kongedøme. Snittet for fylket var elles 80,4% og frammøteprosenten var i snitt på 79%.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november. Tusenvis av feststemde menneske hadde møtt fram.

Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet, og kommunestyret i Solund vedtok 06.12 i sak 21 fylgjande: " Enst. besluttedes at sende hyldningstelegram med hilsen til storting, regjering og kongehuset."

Folkefestar og takkegudsteneste med tende lys

Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Også i kyrkjene vart dette året markert. I Straumen kyrkje vart det halde gudsteneste den 26.11, dagen etter at den nye kongefamilien var komen til landet. I dagsregisteret sitt har presten notert fylgjande frå preika:

Emne: Giv keiseren hvad keiserens er, og Gud hvad Guds er. - Derunder mindet om Sommerens begivenheder og om den nye dag over Norge: formanet til Tak til Gud og til lydighed mod landets love. - Fedrelandssalmen blev sunget til Udgang. Folk forlangte lysene tændte.

Etter oppmoding frå styresmaktene vart det halde takkegudstenester over heile landet den 7. desember. Denne vart halden i Solund kyrkje på Hardbakke. Kyrkjebøna var denne dagen bytt ut med ei spesialskriven takkebøn. Kyrkjedepartementet bad også om at fedrelandsalmen "Gud signe vaart dyre fædreland" av Blix vart sungen.

kjelder:

Gjerde, Anders. Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. II Kjelda, nr. 3. 2002.


Bilete frå Solund. Posten Norge BA. 1999.


Strand, Alf og Lien, Odd Jan: Solund i fortid og notid. Bergen 1981.


Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Selja forlag. 1998.


Lothe, Anders: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.


Endal, Hans Erik. Rasmus Haugsøen, gamal kjenning i ungdomslaga. Jul Nordfjord. 1989.


Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania 1901.


Sogn Ungdomslag 50 år. 1896-1946. Sogn Ungdomslag. 1947.


Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane.


Solund kommune, kommunearkivet: Møtebok for formannskapet 1903-1916, 06.12.1905, sak 21.

PERMANENT IDENTIFIKATOR