Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. august 2019

Sist oppdatert 06. september 2020

Rå-data

Hurtigruteskipet DS «Finmarken» i tida april-juni 1940



Tysdag kveld, 7. mai 1940, styrde hurtigruteskipet DS «Finmarken» ut Nordfjord etter å ha lege gøymt i Hyen frå 12. april, - «med syv manns besetning, - under dekke av tett tåke», står det i fleire bøker. Det stemmer ikkje. Meininga var å gå over til Shetland. Det stemmer heller ikkje. Denne artikkelen utfyller og korrigerer historia til Vesteraalens Dampskibsselskab sitt dampskip «Finmarken» i tida april – juni 1940. Med «Finmarken» si dekksdagbok som kjelde.

DS «Finmarken», Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), Stokmarknes, blei bygd 1912 for fart i hurtigruta Bergen – Kirkenes. Den 9. april 1940 kom «Finmarken» i sørgåande rute til Måløy. Skipet vart rekvirert for transport av mobiliserte soldatar og gjekk inn Nordfjord til Sandane. 12. april gjekk «Finmarken» frå Sandane til Hyen og låg gøymt der til 7. mai, då skipet gjekk ut fjorden og nordover til heimehamna Stokmarknes. I tida 13. mai – 1. juni låg «Finmarken» gøymt i Trollfjorden, og frå 2. til 7. juni i Skalsabukta, Jøkelfjord i Nord-Troms. I døgnet 7. – 8. juni gjorde skipet eit mislukka forsøk på å gå til Storbritannia.

DS «Finmarken», Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), Stokmarknes, blei bygd 1912 for fart i hurtigruta Bergen – Kirkenes. Den 9. april 1940 kom «Finmarken» i sørgåande rute til Måløy. Skipet vart rekvirert for transport av mobiliserte soldatar og gjekk inn Nordfjord til Sandane. 12. april gjekk «Finmarken» frå Sandane til Hyen og låg gøymt der til 7. mai, då skipet gjekk ut fjorden og nordover til heimehamna Stokmarknes. I tida 13. mai – 1. juni låg «Finmarken» gøymt i Trollfjorden, og frå 2. til 7. juni i Skalsabukta, Jøkelfjord i Nord-Troms. I døgnet 7. – 8. juni gjorde skipet eit mislukka forsøk på å gå til Storbritannia.

Eigar: Nasjonalbiblioteket

Datering: Ukjent

Fotograf: Mittet & Co. As

Dekksdagbok

DS «Finmarken» høyrde til Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS). I dekksdagboka står på datoane 7. og 8. mai 1940 mellom anna notert: «Stille, skyet (...) Kl 9.00 besluttedes å gå nordover [til heimehamna Stokmarknes] så langt som kullene rekker (…) fra Hyen 19.30 (...) [8. mai] S.s.w bris skyet kl 01.30 [9.mai] Svinø fyr ..». Dekksdagboka er ei førstehandskjelde til kunnskap om hurtigruteskipet «Finmarken» i dagane 8. april – 12. juni 1940. Då, som no, var større fartøy pålagde ved lov å føra dekksdagbok. Lover og forskrifter seier kva som skal noterast, korleis det skal gjerast, m.m. Ei dekksdagbok får juridisk verknad i saker om skader, forlis, last, arbeidstilhøve, m.m. Som historisk kjelde har ei dekksdagbok høgt truverde.

Dekksdagboka til DS «Finmarken» for tida 8. april – 12. juni 1940 har daglege innførsler; - om vêr og vind, kvar båten går/er, bunkring, last, fortøyningar, om hendingar (t.d. flyobservasjonar, flyangrep), gjeremål, mannskap, m.m. Gjennomgåande er notert presise klokkeslett og posisjonar.

Tida 8. april – 9. juni

Med dekksdagboka som kjelde let det seg gjera å rekonstruera «Finmarken» si ferd, dag for dag, frå 8. april til 12. juni 1940:

9. april: til Måløy i rute på sør, rekvirert til militært oppdrag
10. april - 12. april: troppetransport i Nordfjord til Sandane
12. april – 7. mai: i Hyen
7. mai – 10. mai: Hyen – Stokmarknes
10. mai – 12. mai: Stokmarknes
12. mai – 13. mai: Lunkan
13. mai – 1. juni: Trollfjord
1. juni: frå Trollfjord til Stokmarknes
2. juni: frå Stokmarknes til Tromsø
2. juni: frå Tromsø til Skalsabukta i Jøkelfjorden, Nord-Troms
7. juni: frå Skalsabukta til Kågsundet
8. juni: frå Kågsundet til Mærvoll i Lofoten
9. juni: frå Mærvoll til Stokmarknes. Kaptein Falck reiste til Tromsø.
11. juni: frå Stokmarknes til Tromsø, kl. 23.15
12. juni: frå Tromsø med 243 passasjerar på sør

Dramatisk døgn: 8. juni

7. juni 1940 er ein syrgjeleg merkedag i Noregssoga. Kongen og regjeringa gjekk om bord i det britiske krigsskipet "Devonshire" i Tromsø og drog i eksil til England. Krigen var slutt på norsk jord. Samstundes vart det fastsett at sivile skip over ein viss storleik, mellom anna hurtigruteskipa «Ariadne», «Prins Olav» og «Finmarken» skulle prøva å gå til Storbritannia. «Ariadne» og «Prins Olav» blei søkkte. «Finmarken» blei tvinga til lands av tyske bombefly. Dekksdagboka til «Finmarken» har innførsle på fleire klokkeslett i det dramatiske døgnet frå kvelden 7. juni til kvelden 8. juni.

Gjekk til lands – for «å bjerge skibet»

Fredag 7. juni, gjekk «Finmarken» frå gøymestad i Jøkelfjord, Nord-Troms, til møtestad Kågsundet, for saman med andre sivile skip å gå over til Storbritannia. Det var sørvestleg bris, skya og klår luft. «Finmarken» ankra opp i Kågsundet.

Ved midnatt, natt til laurdag 8. juni landa eit sjøfly. Ein norsk marineoffiser [marinekaptein Gunnar Hovdenak] kom om bord. Offiseren skulle følgja med til «Lervik» (Shetland). Straks etter letta «Finmarken» anker og gjekk vestover Kågsundet

Rundt klokka 01.00 møtte «Finmarken» DS «Hestmanden», eit lasteskip som også tilhøyrde . Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS). Frå «Hestmanden» kom om bord kaptein Falck, styrmann Moen og nokre passasjerar. Litt etter kom DS «Prins Olav» til. Sidan «Finmarken» ikkje hadde tilstrekkeleg navigasjonsutstyr for farvatnet vestover, blei det bestemt at marineoffiseren skulle gå om bord i «Prins Olav» og at «Finmarken» skulle følgja «Prins Olav», «i dennes kjølvann». «Finmarken» heldt nå fram ut Fugløysundet.

Klokka 04.14 var posisjonen vest av Fugløykalven. Her la «Prins Olav» kursen meir austeleg mot eit lasteskip som kom inn. Frå «Prins Olav» vart det varsla at «Finmarken» skulle halda fram vestover.

Klokka 4.31 hadde skipet Grimsholm fyrlykt i sør-sør-vest. Kursen var nordvest til vest.

Rundt klokka 06.00 blei det observert tjukk, svart røyk i den retningen «Prins Olav» hadde gått.

Klokka 07.35 styrde «Finmarken sørvest til vest. Nå krinsa stadig fleire fly over skipet.

Rundt klokka 12.30 kom ein større «flotilie» krigsskip og transportskip ut frå Andfjorden på nordvestleg kurs. (Merknad: Det må ha vore siste konvoi i evakueringa av allierte frå Harstad-området)

Klokka 13.30 hadde «Finmarken» Andenes fyr i søraust, og styrde vest-sørvest. Flyaktiviteten auka stadig og rundt klokka 15.00 kom eit større tysk fly i låg høgd inn frå havet og gjekk lågt over skipet. «Finmarken» hadde då kurs mot land for å «undersøke» eit drivande fartøy som synte seg å vera ein tom føringspram frå eit krigsskip. Etter dette heldt skipet fram på den «ordinære» kurs vestover. «Finmarken» hadde nå fly «over seg» med korte mellomrom.

Klokka 18.00 kom ein «deputasjon fra manskabet» og sa frå om at dei nekta å vera med til England. Dei «forlangte» at skipet skulle gå til lands. Kursen blei nå lagt om «et par strek» sør for eventuelt å gå inn til Røst.

Klokka 20.30 kom eit tysk fly ut frå land, krinsa rundt skipet 4 – 5 gonger, og gjekk i stup for bombing. Skipet blei ikkje truffe. Ei bombe gjekk i sjøen ca 10 famnar frå skutesida tvers av babord. Av «flyets manøvring» fekk kommandobrua inntrykk av at skipet skulle gå til lands, og for «å bjerge skibet» blei kursen nå lagt inn mot Vestvågøy, for å gå inn til Mærvoll. Flyet «forsvandt» etter dette inn mot land.

Klokka 21.30, i posisjon «kloss under land», kom det fire større fly og passerte i låg høgde. «Finmarken» gjekk nå inn fjorden til Mærvoll, der hurtigruteskipet fortøygde rundt klokka 23.00

Om «Finmarken» april-juni 1940 i trykte kjelder.

Fleire bøker har informasjon om «Finmarken» i tida april - mai – juni 1940. Mykje tyder på at Vesteraalske si jubileumsbok «På Nordnorsk kjøl. Vesteraalens Dampskibsselskab gjennem 75 år» (1956) er sjølve grunnteksten for fleire seinare skildringar. Det står:

«Finmarken» som var på sørgående, befant seg i Måløy 9. april, og skipet ble straks stilt til disposisjon for de militære myndigheter i Nordfjordeid for troppetransport. Etter at en slik transport var utført, ble skipet skjult i Hyen i Nordfjord. Da tyskerne nærmet seg distriktet i begynnelsen av mai, tok kaptein Falck den dristige beslutning å gå over til Shetland, til tross for at størstedelen av besetningen hadde forlatt skipet mens den lå i Nordfjord og han bare hadde 7 mann om bord. Utenfor kysten kom «Finmarken» imidlertid ut i sørvestlig storm, og da kullbeholdningen var liten, måtte planen om å gå over Nordsjøen oppgis. Skipet holdt derfor nordover ca 150 nautiske mil av land og kom i god behold inn til Stokmarknes. Men da var kullbeholdningen oppbrukt.»

Store avvik

Ei jamføring av fleire «fakta» i nokre bøker og dekksdagboka viser fleire avvik.

a) Frå Hyen med kaptein [Falck] og «syv manns besetning».
Dekksdagboka: 11 mann, pluss 4 andre

b) «Tanken var å nå Shetland»
Dekksdagboka: Det står ingen ting om Shetland, derimot under 6. mai: «… Kapteinen har under alvorlig overveielse å gå til sjøs å forsøke å nå op til Nordland.» Det var det og som skjedde. Ved utløpet av Nordfjord blei kursen sett nordover.

c) Om vêret då «Finmarken» gjekk ut Nordfjord: «tett skodde», «det røk opp med sørvestlig kuling til liten storm».
Dekksdagboka: «Onsdag 8/5 S.S.w. bris, skyet.»

d) . “At Røst, in Vest-Lofoten, they obtained 20 tons of coal”.
Dekksdagboka: Det står ingen ting om at skipet var innom Røst.

e) 7. og 8. juni, då «Finmarken» saman med andre skip var med i forsøk på å koma seg over til Storbritannia. «Avtalen var at «Prins Olav» skulle ha møtt «Finmarken», men dette skipet var ikke å se».
Dekksdagboka: «Lørdag 8/6 (…) Ved ett-tiden [om natta, 01.00] (…) støtte også «Prins Olav» til». Ein «marineofficer» som kort tid før var komen om bord i «Finmarken» blei sett over i «Prins Olav». Båtane heldt følgje i ca 3 timar.

f) «Finmarken» blei utsett for bombing. «.. bomben skrånet ned mellom mastene og skrenset en utsvinget livbåt. Skipet ble slått lekk av eksplosjonstrykket.»
Dekksdagboka: «Lørdag 8/6. Kl. 20.30 kom ett tysk fly ut fra land og efter å ha kredset rundt skibet 4 a 5 ganger, gikk i stup for bombing. Skibet blev ikke rammet.»

g) «Da de norske styrkene kapitulerte, lå skipet på verksted i Tromsø å utbedre skadene hun fikk under flyangrepet.»
Etter dekksdagboka låg «Finmarken» ikkje i Tromsø på datoen dei norske styrkane kapitulerte.

 

Dekksdagbok, DS «Finmarken», i perioden 10.05-10.06.1940, avskrift:

(Avskrift av dekksdagbok i perioden 08.04 – 09.05)

Fredag 10/5: [Stokmarknes] S.W. bris, skyet. Bådsmann Oscar Berg begyndt i arbeid. To leiemenn. Arbeider med forskjellig skibsarbeide. Vagtm. fra land for natten.

Lørdag 11/5: S.W. bris, overskyet. Kl. 6.30 forhalt til dampskibskaien og fortøiet på utsiden av kulbåt «Munin», for bunkring. Det var meningen å fylle kullbaksene og rum II, men ved middagstid var vinden gått om til N.W. og frisket på og herved (?) blev en del sjødrag som umuliggjorde videre bunkring. Man leverte så ferskvann herfra til d/s «Munin» og kl. 22.30 forhaltes tilbake til gammelkaien for ny vannfylling. Vagtm. fra land for natten.

Søndag 12/5: S.W. bris, overskyet. Fire tømmermenn gått i gang med oppsetning av beskyttelsesvegger og tak på komandobro. Kl. 19.30 gik man fra Stokmarknes for å søke en passende plass å legge skibet. Man bestemte seg for Lunkanfjorden, men da man kom dertil, viste det sig, at hele indre fjord var isbelagt. Man ankrede for natten.

Mandag 13/5: Vekslende svak bris, lettskyet. Ved ni tredive tiden [kring kl. 21.30] lettedes anker og gik man til Trollfjord. Her fortøiedes på nordre side, kloss inn til fjellveggen. B.b. anker 60 fv kjetting og varp på b.b. låring med ca 50 fv. ny wire og to wiere og to manillatrosser iland. Vagtm for natten.

Tirsdag 14/5: Stille skyet. Arbeider med å påmale all hvitmaling. Kapteinen har vært i telefonen i Lauksund og underrettet kontoret om skibets beliggende. Vagtm. for natten.

Onsdag 15/5: Stille skyet. Fortsetter med gråmaling og fyller sann [sand] i beskyttelsesveggen og tak på broen. Kapteinen reist en tur til Svolvær. Pike Alfhild Aune har fått tillatelse å reise hjem en tur. Vagtm. for natten.

Torsdag 16/5: Stille skyet. Kapteinen er kommet tilbake fra Svolvær og fortsatt til Stokmarknes, for å overta en anden stilling. Skibet er overtatt av styrmann Einar B. Larssen. Vagtm for natten.

Fredag 17/5: Stille skyet. Fortsetter med malingen på dekk. Vagtm. for natten.

Lørdag 18/5: Stille lettskyet. Fortsetter med maling på dekk. Vagtm. for natten.

Søndag 19/5: Stille, lettskyet. Hellig holder dagen. Vagtm for natten.

Mandag 20/5: Stille, skyet. Fortsetter med maling på dekk. Roness og anden mask. Nilsen reist en tur til Svolvær. Kokksmatt Kåre Løvseth skiftet med en anden gutt. Vagtm. for natten.

Tirsdag 21/5: Stille lettskyet. Fortsette med gråmaling på dekk. Vagtm. for natten.

Onsdag 22/5: Stille skyet. . Fortsetter med gråmaling på dekk. Vagtm. for natten

Torsdag 23/5: Stille skyet. . Fortsetter med gråmaling på dekk. Vagtm. for natten.

Fredag 24/5: Stille, lettskyet. Fortsætter med gråmaling og forskj. skibsarbeid. Vagtm. for natten.

Lørdag 25/5: Stille, lettskyet. Fortsetter med gråmaling og forskj. skibsarbeid. Samt spylt av dekkene. Vagtm. for natten.

Søndag 26/5: Stille, klart. Hellig holder dagen. Vagtm. for natten.

Mandag 27/5: Stille, klart. Fortsette med gråmaling, samt støvbanket salongløperne og stuvet disse bort, Los Hansen, mask. Grøndahl og kok Fredriksen fått fri for å reise en tur til Svolvær. Vagtm. for natten.

Tirsdag 28/5: Stille klart. Hansen, Grøndahl og Fredriksen kom tilbake i dag morges, samtidig reiste styrm Roness til Stokmarknes. Fortsetter med gråmaling. Vagtm. for natten.

Onsdag 29/5: Stille klart, senere tiltyknende med s.w. bris. Sortmaler utenbords. Vagtm. for natten.

Torsdag 30/5: Stille, skyet. Maler utenbords. Vagtm for natten. I kveld kom styrm. Roness tilbake, fikk samtidig besked om å fyre op og gjøre klart for avgang.

Fredag 31/5: Stille, overskyet. Utfører forskjellig skibsarbeid og gjør ellers klart for avgang. Vagtm for natten.

Lørdag 1/6: S.W. bris overskyet. Tatt inn fortøiningene og avgikk kl. 14.00. Til Stokmarknes 15.35. Tatt inn en del kull, proviant og rekvisitter (?). Malt skibsskrovet grått. Fra Stokmarknes 23.45.

Søndag 2/6:Vekslende bris, overskyet, delvis regntykke. Til Tromsø 10.15, derfra 11.45. Vekslende bris, skyet. Til Jøkkelfjord [Jøkelfjord i Nord-Troms] 17.30. ankret i Skalsabugta. Vagtm. for natten.

Mandag 3/6: N.W.bris, overskyet. Arbeider med forskjellig forefallende. Kontoret underrettet. Vagtm for natten.

Tirsdag 4/6: S.W. bris skyet. Manøvrert inn til land og fortøiet med st.b. side mot land. b.b. anker 60 fv. kjetting og varpanker på b.b. låring ca 60 fv og forsvarlige fortøininger i land for- og agterut. Vagtm for natten.

Onsdag 5/6: Vekslende bris, skyet, litt regnyr. Arbeider med forskjellig skibsarbeid. Vagtm for natten.

Torsdag 6/6: S.W. bris, skyet. Arbeider med forskjellig skibsarbeid. Fikk ikveld besked om at stikke fyr, og gjøre klar for avgang. Vagtm for natten.

Fredag 7/6: S.W.bris skyet. Tat inn fortøiningene og ankret ute på bugten. Gjort sjøklart. Avgikk fra Jøkkelfjord 20.20. Kl. 22.30 ankret ved Singla [gardsnamn, på Arnøy, Skjervøy kommune] i Kåksundet [Kågsundet].

Lørdag 8/6: S.W. bris, skyet med klar luft. Ved 24 tiden [00.00], kom med fly, en norsk marineoffiser om bord. Denne skulle medfølge skibet til Lervik. Lettet anker og gikk vestover Kåksundet.

Ved ett tiden [01.00] møtte man D/S «Hestmanden». Herfra tokes om bord kaptein Falck og styrmann Moen, samt en del passasjerer. Ved denne tid [«ett tiden», 01.00] støtte også D/S «Prins Olav» til. Da man herombord [på «Finmarken»] manglet tilstrekkelig navigationsutstyr for de nordlige farvann, blev det bestemt, at marineofficeren skulle gå om bord i «Pr. Olav» og skulle «Finmarken» følge i dennes kjølvann. Fortsatte utover Fugløsundet.

Kl. 4.14 (?) Fugløkalven fyr i O.N.O. log v. 40. Ved denne tid forandret Prins Olaf kurs og gikk østover mot ett innkommende lasteskib. Fra Pr. Olaf vinket dem, at vi skulle fortsette vestover. Kl. 4.31 Grimsholm lygt i S.S.V. 4’3 av. Kurs N.W.W ¾ W. Ved sekstiden [06.00], observertes en tykk sort røk, som lignet på en eksplosjon, i den retn Pr Olaf gikk. Efter ca 10 [teikn for minutt ?] forsvant røken.

Kl. 7.35 S. Fuglø i S.O. ½ 8 log v. 82 1/2 . Styrer SW ¾ W. Flere fly kredser stadig over skibet. Ved tolvtredive tiden [12.30], kom en større flotilie krigsskib og transportskib, ut fra Andfjorden, styrende i N.W lig retning.

Kl. 13.30 Andenes fyr i S.O. ¾ S 16’ av log. v. 51, styrer W.’S ¾ S. Flyvirksomheten tiltar stadig. I tretiden [15.00] kom ett større tysk fly i lav høide, ut fra havet og over skibet. Skibet hadde ved anledningen da, kurs mot land, da man gikk for å undersøke ett drivende fartøi, som viste sig å være en tom føringspram, fra ett krigsskib. Efter at prammen var passert, fortsattes den ordinære kurs vestover. Fra nu av hadde man stadig fly med korte mellomrom over sig.

Kl. 18 kom en deputasjon fra manskabet, som meddelte at disse negtet å medfølge skibet til England og forlangte, under press, at kapteinen gikk tillands. Kursen forandredes da ett par strek sydligere for eventuelt å gå inn til Røst.

Kl. 20.30 kom ett tysk fly ut fra land og efter å ha kredset rundt skibet 4 a 5 gang, gikk i stup for bombing. Skibet blev ikke rammet. En bombe gikk i sjøen ca 10 favner fra skutesiden tvers om b.b. Det bemerkes, at like efter at flyet gikk i stup, gaes hårdt st.b. ror. Da bomben gikk i vannet, var skibets kurs forandret ca 6 strek st. b. over (?) og lå omtrent tvers på vinden. Av flyets manøvring fik man det inntryk, at man skulle gå tillands. For å bjerge skibet laes nu kursen for å gå inn til Mervoll [Mærvoll, Vestvågøy]. Flyet forsvandt innover land.

Kl 21.30 da man var kloss under land, kom fire større fly ut og passerte i lav høide. Hadde da kurs inn fjorden til Mervoll, hvor fortøiedes kl 22.5(?)0 ved kaien. Vagtm. for natten. Søndag 9/6: N.W. bris, skyet. Avgikk fra Mervoll 14.30 til Stokmarknes 18.15, fortøiet ved D/S kaien. Vagtm fra land for natten.

Mandag 10/6: N.W. brist, skyet. Bådsmann Oskar Berg, matros Kyrre Karlsen, og fyrbøter Enar Nilsen avbetalt (?). Matros Erling Ble..sø begyndt i arbeide. Kaptein Falck reist til Tromsø. Styrmann Larssen overtatt skibet.

Torsdag 11/6: N.W. bris, skyet. Bådsm Ludolf Bendiksen begyndt i tjeneste, samt fyrb. Iver Andreassen, Johan Pettersen, Reidar Pedersen, lettm Tobias Steffensen, dekksg Olav Breivik og matros Anton Karlsen. Gjort klart for avgang, fylt en del kull. Avgikk l. 23.15.

Onsdag 12/6: N. O – svak bris, lettskyet. Stoppet for båt ved Risøhavn og Gibostad, til Tromsø kl. 10.30. Gjort klart for å gå med passasjerer, til deres forskjellige hjemsteder sydover. Fra Tromsø Kl. 24.00 med 243 passasjerer.

Torsdag 13/6: Stille, klar luft. Til Stokmarkens 11.15. Fyldt kull og vann. (…)

kjelder:

Riksarkivet: PA-1189 - Vesteraalens Dampskibsselskab. Dekksdagbok, eske Iac 0004.


Stavseth, Reidar: På Nordnorsk kjøl. Vesteraalens Dampskibsselskab gjennom 75 år. 1956.


Nordanger, Trygve: Lang kyst! En fortelling om fartøyer og folk på norskekysten under krigen. 1975.


Lillegaard, Leif B.: De blå skipene. VDS langs fjord og fjære i hundre år. 1981.


Bent, Mike: Coastal Express The ferry to the top of the world. 1987.


Bakka, Dag jr.: Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten. 2011.


Kulturhistorisk Leksikon: DS «Finmarken» i Nordfjord april/mai 1940

PERMANENT IDENTIFIKATOR