Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Størjefisket - storfiske på 1950-talet



På 1950-talet utvikla størjefisket seg til eit storfiske som i sommarsesongen sysselsette mange fiskarar og farty frå Solund. Inntektene varierte, men ungdommeleg pågangsmot prega både reiarar og mannskap like til fisken drog seg bort frå norskekysten.

M/k "Saltskaaren" var ein av dei som heldt lengst ut på størjefisket. Etter 35 størjesesongar tok han sine 6 siste størjer i 1986. Den vakre 63 fots båten var driven av erfarne Anton og Arne Saltskår og var ein særs heldig størjebåt. I 1974 hadde dei sesongens største kast, 182 størjer. Biletet er frå brislingfisket der "Saltskaaren" var nærmast legendarisk.<br />
Entusiastar overtok båten til slutt med tanke på å restaurere og verne han. Trass i mykje strev har dei hittil ikkje makta å realisere prosjektet.

M/k "Saltskaaren" var ein av dei som heldt lengst ut på størjefisket. Etter 35 størjesesongar tok han sine 6 siste størjer i 1986. Den vakre 63 fots båten var driven av erfarne Anton og Arne Saltskår og var ein særs heldig størjebåt. I 1974 hadde dei sesongens største kast, 182 størjer. Biletet er frå brislingfisket der "Saltskaaren" var nærmast legendarisk.
Entusiastar overtok båten til slutt med tanke på å restaurere og verne han. Trass i mykje strev har dei hittil ikkje makta å realisere prosjektet.

Eigar: Inglaug Sætevik.

Datering: Ca. 1985.

Fotograf: Arne Saltskår.

Solund-farty ein av pionerane

I løpet av 1949 hadde notfisket etter størje vorte eit viktig fiske i Nord-Noreg. To farty sørfrå hadde endåtil fått amerikansk størjesnurpenot som no skulle prøvast ut. Resultatet vart labert, men fisken var stor, og optimismen langs kysten tilsvarande. Året etter hadde fleire kjøpt inn, eller laga seg størjenøter, blant andre Bjarne Færøy og brørne hans, som drog nordover til Helgelands-kysten med skøyta "Nordsolund". Først halvannan månad etterpå kom dei i fangst, men då i Sogn og Fjordane, ved Kråkenes, der dei tok 120 fiskar. Den nykosta nota var ei seinot til 36 tusen kroner, frå Kristiansand Fiskegarnsfabrikk.

Det historiske kastet

Det historiske kastet gjorde "Nordsolund" 4. august i Hellefjorden der dei berga 748 størjer. Korkje før eller sidan har nokon gjort så stort størjekast om ein reknar talet på fisk. Fleire farty kom til hjelp. Etter 10 timar hadde 7 båtar fått last. Sløyinga føregjekk på Florø-kaia, "der ingen hadde sett større blodbad".

Slike kast gjekk ofte tapt sidan nøtene den gongen ikkje greidde stå imot kreftene og tyngda av så store stimar. Først i 1957 hadde dei første båtane sett inn nylon i tørkestykket. Dette vart ein suksess, og smått i senn vart heile nøtene av nylon. Kraftblokka, som var som skapt for størjefisket, vart å sjå på båtar frå 1959.

Mange Solund-farty deltok

I Solund gjekk mange saman om å koste seg størjenøter, det var jamvel dei som åtte to størjebruk. I alt gjekk kring 10 Solund-farty med størjenot. I tillegg kom mange båtar som vart utleigde til følgjarar. Dei som ikkje åtte notfarty sjølve, leigde utanfrå.
Fleire bygde om hekken i skøytene sine slik at det vart plass for nota bak styrehuset. Det vart lettare å arbeide og mindre riving. Samtidig kom heilt nybygde, prektige farty på feltet, med kraftige motorar og utstyr særleg innretta for dette fisket. Ein slik båt var "Rator" frå Færøy. Han avløyste "Nordsolund".

Friskt, spennande og farefullt

Sjølv om størjefisket var eit sommars- og kystfiske, kunne det gå hardt for seg. I slingring og sjøgang var marginane små, og ulukker førekom. Dessutan kunne straumen stundom renne så hardt at følgjaren ikkje greidde å slepe snurpefarty med kast klar båar og fall. Slik forliste ein størjesnurpar ved Utvær i 1961, ein annan kom seg fri i siste sekund.

Gjekk størja i åte, var ho lett å oppdage. Langt verre var det om berre uggane stakk opp, såkalla stripefisk. Heile mannskapet observerte. Årvaken og skarpsynt måtte den vere som stod oppe i utkikstønna. - Han betydde alt, sa ein røynd fiskar.

Frå svære størjemengder til tomt hav

Størjefeberen breidde seg raskt. Alvorleg fart vart det i 1952. Heile Vestlandet kosta dyre nøter. I havet stod svære mengder størje. Mange båtar gjorde fleire fangstar kvar dag og leverte fangsten på feltet til sløyefarty som følgde flåten. Størja måtte sløyast og leggjast på is snarast råd så ho ikkje vart skjemd i sommarvarmen. Dermed vart kapasiteten på land sprengd og det kom stoppordre frå 5. til 11. august.

Tida vidare utetter skifte mellom svart fortviling og eventyrlege storår. Somme gav opp etter kvart. Eit nytt fiske var i emning: Ringnotfisket i Nordsjøen. 1980 vart siste året med rekningssvarande størjefangstar.

kjelder:

Tangen, Magnus:Størjefisket på Vestlandet.Eide Forlag 1999.
Munnleg informasjon frå:
Hanna Færøy, Solund.

PERMANENT IDENTIFIKATOR