Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nordstranda bedehus på Stadlandet



I 2003 kunne Nordstranda bedehus på Stadlandet feira hundreårsjubileum. Bedehuset har i alle år vore godt kjent og mykje brukt. I kyrkjebladet Kyrkjenytt for Ervik, Leikanger og Selje nr 3/2003, stod eit stykke om bedehuset opp gjennom tidene. Denne artikkelen er ei attgjeving av stykket i Kyrkjenytt. I artikkelen er sett inn mellomtitlar, men elles berre gjort små endringar.

Nordstranda bedehus, bygd 1903.

Nordstranda bedehus, bygd 1903.

Eigar: Laura Marie Fure

Datering: 2005

Behov for hus til større samlingar

Øyvind Sjåstad skriv i ei omtale i høve 75 årsjubileet at huset vart reist fordi ein trong ein stad å vere ved større tilskipingar, basarar til dømes, som ein før måtte ha ute på gardstuna, og derfor alltid måtte ha om sommaren.

Mange garanterte for lån

Det er ikkje mykje skriftleg materiale vi har, mykje er vel kome bort. Men vi har ei kontrakt frå 2. januar 1903. Den er underskriven av 16 menn som sette gardane sine i pant for å få reist huset. Dei danna ei forening med dette formålet. Dersom ikkje innsamla midlar strakk til, skulle dei vere "selvansvarlige" for ei lån i Selje Sparebank. Lånet vart på 2500 kroner og dei rekna med at drifta av huset skulle bere seg sjølv (prosentar av innkomer ved tilskipingar i huset).

Fem medlemmer i styret

22. april 1903 vart det valt eit styre på 5 medlemmer. Det vart vel for tungvint å vere alle når noko skulle avgjerast. Sidan har bedehuset hatt eit styre på 5 medlemmer.

Innsamla midlar

Utover året vart bedehuset bygt. Det vart innsamla midlar. Kvar gav etter det han kunne makte, og det var ikkje ei tid med økonomisk overflod. Her finst namn, men også unemnde. Innsamlingslista syner at det til saman vart innsamla kr. 1389,61. Kor god økonomien var blant folk, forstår vi når nokon betaler 1 kr. i gongen.

Innsamlingslista viser óg at dette huset fekk støtte frå heile Stad, men tyngda var naturleg nok frå sjølve Nordstranda, som skulekrinsen heitte den gongen.

Bedehus og kyrkje på same lag

Ein kunne tru at kyrkja ikkje ville ha noko bedehus. Somme stader var dei redde for svermeri når det vart danna lekmannsforsamlingar. Men den som står øverst på lista er L. Strømme [presten]. Dette fortel at det var inga mistillit frå kyrkja. Snarare såg dei bedehuset som ein nyttig medspelar.

10 meter langt

Det første huset var ikkje stort: "- 16 alen [1 alen = 0,62 m], 12 alen bredt og 5 á 6 alen høit under raften, med tilsvarende galleri og deslige til huset nødvendige inventarer indtil et beløb af kr. 2500 -", seier første kontrakten.

Ombygd i 1939

Huset har vorte endra i samsvar med at tidene endra seg. Øyvind Sjåstad skriv at det var ei ombygging i 1939 då det vart kjøkken og matsal i andre høgda, og gang og småsal i første høgda. Trappa og inngangen var frå den sida som vender mot vegen.

Allsidig bruk - men ikkje politiske møte

Under krigen rekvirerte tyskarane bedehuset. Etter krigen vart det oppattvaska og det var brukt til omtrent alle basarar og tilstellingar av kristelege eller humanitær art i bygda. Den tida gjekk "alle" i bedehuset. Redningssaka, saniteten, vanførelaget, losjane og avhaldslaget hadde sine samlingar der til liks vanlege møte, bibeltimar, bønemøte eller stemne. Politiske parti har ikkje høve til å ha møte i bedehuset.

Utbetringar og vedlikehald

I 1956 vart det bygt til toalett, større garderobe og utvida matsal. Ca 40 000 kroner brukte dei på den vølinga. I ein periode vart huset mykje brukt til skuleføremål.
I 1978 vart det ei større ombygging. Heile huset vart betre tenleg, med isolering, ny trapp og "ny" matsal og kjøkken.

Sidan har huset vorte halde i god stand og det er kjøpt inn betre utstyr til kjøkkenet og matsalen. Det gjer at huset ofte vert utleigd til større lag som ved dåp, konfirmasjon, gravferd, åremål og bryllaup.

Huset har både orgel og piano.

kjelder:

Sjåstad. Øyvind: Nordstranda bedehus, 75 år. I Kyrkjenytt for Ervik, Leikanger og Selje. 1983.

PERMANENT IDENTIFIKATOR