Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Florø sin diktar - Magnus Thingnæs



Magnus Thingnæs vart fødd i 1912 i Florø. Foreldra var Gustav Andreas Thingnæs, fødd i 1878 på Tingnes i Vevring og Nele Larina Madsdtr. Skorpa frå Florø. Faren var handelsmann og dreiv handel først i Bergen, så i Florø og til sist i Ålesund.

Utsyn frå Likkjeåsen og nord-austover, med kyrkja i framgrunnen, byen og fjella i nordaust. Fiskarflåten ligg i hamn, februar 1953.

Utsyn frå Likkjeåsen og nord-austover, med kyrkja i framgrunnen, byen og fjella i nordaust. Fiskarflåten ligg i hamn, februar 1953.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1953

Fotograf: Malvin N. Horne

Typograf og journalist
Magnus Thingnæs arbeidde både som typograf og journalist, først i Ålesund. Familien flytte dit i 1929. Sidan flytte Magnus Thingnæs til Oslo i 1938 og arbeidde her som typograf til han døydde. I tillegg til arbeidet som typograf, skreiv han innlegg og dikt i aviser og bøker. Han redigerte også fleire bøker. Han gifta seg med Edel Håkonsen. Dei fekk sonen Frode Thingnæs som er musikar.

Engasjert
I Oslo var Thingnæs med på å skipa Florø-klubben og var i mange år aktiv både i denne klubben og i Sunnfjordlaget. I Sunnfjordlaget vart han heidersmedlem. Allereie i 1962, berre 50 år gamal, døydde han. Hadde han fått leve lenger, ville han nok ha sett fleire spor etter seg. Magnus Thingnæs var entusiastisk i det han dreiv med. Han tok initiativ til å få sett opp eit minnesmerke over brørne Johan Ernst Sars (historikar) og Georg Ossian Welhaven Sars (zoolog og havforskar). Dette var ei gåve frå utflytte til fødebyen Florø. Minnesmerket vart avduka i 1960.

Nils Løkkebø skreiv slik om Magnus Thingnæs i 1956:

"Magnus Thingnæs er aldri så glad som når han får høve til å fortelje andre om Sunnfjord og Florø. Då vert han varm og ivrig, og han vert aldri trøytt av å syne dei kor vakkert det er i Sunnfjord, og kor stor og rik ei framtid landsluten vil få dersom han berre kan skaffe seg gode vilkår for vokster og utvikling."

Florø-songar
Det er ikkje nokon stor og omfattande litterær produksjon etter Magnus Thingnæs. Men ein del av dikta hans er stadig i bruk som songar. Dikta hans er regelbundne og difor ikkje altfor vanskelege å setja tone til og å syngja. Han har skrive fleire hyllingsprologar og mange hyllingsdikt til heimbyen sin. Fleire av dikta er tonesette og blir brukt i ulike samanhengar i Florø. I songboka - Skjønn er du by, Songbok for Florafolk finn vi heile tre songar som Magnus Thingnæs har skrive teksten til. Dette er Alle byer av betydning, Florø, et lite stykke av fedrelandet og Stille fred har lagt seg over vannet. Florø har æra bydiktaren sin med å kalla opp ei gate etter han: Magnus Thingnæsgata.

Sildebyen
Diktet En by blir til fortel om sildefisket som var med å danna grunnlaget for byen. Det gjer også diktet Sildebyen. Her høyrer vi óg om produktet sildeolje som sette eit markert luktmerke på byen i mange år.

Heimstaddiktar og lokalpatriot
I Sogeskrift for Naustdal 1999 kallar Erling Førland Thingnæs "heimstaddiktar og patriot". Det har han nok rett i. Magnus Thingnæs var glad i dei store og vakre orda når han skildra heimplassen sin og naturen i Sunnfjord. Diktet Bautasteinar i Sunnfjord er eit godt døme på dette. Her skreiv han om mange av fjellpartia i Sunnfjord, og omtala i tillegg historia, med både Ingolf Arnarson og Skallagrim. Historia tok han føre seg i andre dikt óg. I diktet Brytningstid skildra han utvandringa til Island som fylgje av Harald Hårfagre si samling av landet. Diktet tek og føre seg overgangen frå åsatru til kristentru.

Dikt som lærebøker?
Første gongen eg las dei to dikta Bautasteinar i Sunnfjord og Brytningstid, tenkte eg at desse må vere skrivne av ein lærar. Dikta var som ei lærebok i Sunnfjords geografi, og historia kring vikingtida.

MATHI
Bøkene til Magnus Thingnæs kom ut frå 1944 til 1960, i eit tidsrom på 16 år, men skrivinga hans starta før 1944. I diktsamlinga Min barndoms by som kom ut i 1944 er eit av dikta frå 1935: Hilsen til Florø på 75 årsdagen 16. mai 1935. Han skreiv og innlegg og dikt i fleire aviser, spesielt i Fylkestidende og i Firda Folkeblad, begge aviser frå Florø, men og i aviser som Sunnmøre Tidend, Aalesund Avis, Bergens Aftenblad, Aftenposten, Dagbladet, Kongsberg Dagblad og Nordfjord Folkeblad. Også i blada Jol i Sunnfjord, Norsk Gutteblad og Folkemagasinet skreiv Magnus Thingnæs. Ofte merka han stoffet sitt med førebokstavane MATHI.

Bynamnet Florø
Magnus Thingnæs tok standpunkt i debatten om bynamnet Florø som var oppe til avstemning i Stortinget i 1939. Han var veldig for å bevara namnet som det var, ikkje endra det til Flora. I diktsamlinga Min barndoms by har han eit intenst innlegg i debatten i diktform, skriven med ei forklarande innleiing om debatten, og med store bokstavar for å syna dei sterke kjenslene han må ha hatt for stadnamnforma Florø. Som vi veit heiter poststaden og byen framleis Florø i dag, sjølv om storkommunen (samansett av dei tidlegare kommunane Florø, Eikefjord, Kinn og Bru) i dag heiter Flora.

Minne frå faren sin oppvekstplass i Vevring
Om somrane reiste Gustav og Nele Thingnæs med familien sin på ferie til Vevring. Minner frå desse feriane ser vi att i dikta til Magnus Thingnæs Sommerkveld på Vevringfjorden, På Heilefjell og Min fjord under Heilefjell.

Litterært arbeid - oversyn
To diktsamlingar: Min barndoms by, Eige forlag, 1944. 64 s. Illustrert av Bjørn Hegranes. Eit dikt er tonesett av Florømannen Sigvald Smith: Kveldssang for veslegutt. I omtalen av denne diktsamlinga skreiv Nils Løkkebø: "Innleiingsartikkelen om Sunnfjord og Florø i Min barndoms by gjev bakgrunnen for ei rekkje stemningsfulle dikt om heimbyen og fjordbygdene der vest. Det er nok ikkje mange norske byar og bygder som har fått slik ei varm hyllest og kjærleg helsing frå ein av sine utflytte søner."

Blomster fra min barndoms have, Eige forlag, 1960. 78 s. Ill. Bjørn Hegranes. Begge diktsamlingane har ei innleiing om byen og Sunnfjord og er utgjevne til kvart sitt byjubileum og er meint å skulle helsa byen og gjera byen meir kjent elles i Noreg. Magnus Thingnæs la og stor vekt på Bjørn Hegranes sine illustrasjonar. I den siste av diktsamlingane brukte han ei heil side for å fortelja om grafikaren Hegranes frå Florø.

To gutebøker: Den tomme vakttønna. Oslo : Braute og sønn, 1946. 158 s. De fredløses øy. Oslo : Triangelforlaget, 1948. 136 s.

Ein historisk ungdomsroman:Når månen står midt i skaret. Oslo : Lunde forlag, 1959. 149 s.

Redaktør av Florøbøker og redaktør og forfattar av bøker om Sunnfjordlaget:
Florø i tekst og bilder 1860 - 1950 frå serien "Kjenn ditt land", og Florø : Noregs vestligste by 100 år frå 1960. Den første startar med to av dikta hans under signaturen MATHI. Sunnfjord i Oslo, 1916 - 16. november - 1941 (red. Magnus Thingnæs), Sunnfjord i Oslo : Sunnfjordlaget gjennom 40 år. Oslo : Sunnfjordlaget, 1956.

kjelder:

Førland, Erling: Magnus Thingnæs, heimstaddiktar og patriot. I Sogeskrift for Naustdal 1999 S. 6-13.
Lund-Iversen, Carl Lauritz: Ord gjennom år, dikting og diktarar frå Sunnfjord og Nordfjord : 1700-1986 med bibliografi : ein antologi. s. 107 og 214, 1990.
Sindre, Bjarte: Minnetale over Magnus Thingnæs og en omtale av hans litterære virksomhet, holdt på årsmøtet i Florøklubben i Oslo 22. februar 1963. I Firda Firda Folkeblad, 13.05.1963.
Løkkebø, Nils: I Sunnfjord i Oslo : Ein god talsmann for Sunnfjord og Sunnfjord-byen Florø.
Skjønn er du by : songbok for Florafolk. Utgjeven av Flora kommune, kulturkontoret. 77 s. 1999.
NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon.

PERMANENT IDENTIFIKATOR