Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. september 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nynorsk - Gustav Indrebø, einar i stadnamn- og målarbeid



Sogn og Fjordane har fostra ein av dei store innan stadnamn- og målarbeid: Gustav Indrebø. Han var ein intelligent og stillfarande mann som i periodar kom opp i meir strid enn han sette pris på. Likevel heldt han fast på det synet på mål og stadnamn som han var komen fram til, og han arbeidde heile livet for det han tykte var viktig, norsk mål og norske stadnamnformer.

Dette portrettet står fremst i dottera sin biografi, <i>Gustav Indrebø: Ei livsskildring.</i>

Dette portrettet står fremst i dottera sin biografi, Gustav Indrebø: Ei livsskildring.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjend

Jølstring i hjarta?

Begge foreldra til Gustav Indrebø var frå Førde i Sunnfjord, faren frå Indrebø i Angedalen og mora frå Frøysland i Haukedalen, men sonen deira, Gustav, blei fødd i Samnanger i Hordaland i 1889. Han døydde i Bergen, i 1942, berre 52 år gamal. I dei viktigaste barneåra budde Gustav Indrebø med familien sin i Årdalen i Jølster, der faren var lærar. Difor fekk Jølster ein heilt spesiell plass i hjarta hans resten av livet. Sidan budde familien i Gaular og Vestre Aker.

Arbeidssam skuleelev og student

Gustav Indrebø hadde lett for å læra. Han tok eksamen artium på to år, embetseksamen i historie (med norsk og tysk bifag) på 4 år, 1913-1917, begge med utmerka resultat. Han var både intelligent og arbeidsam. Dottera hans, Inger Indrebø Eidissen, kalla han for ein "arbeidsmaur".

Lærar, doktor og professor

Gustav Indrebø arbeidde først som lærar fleire stader. Etter avlagt embetseksamen blei han tilsett som amanuensis ved Riksarkivet. I 1918 blei han utnemnt som universitetsstipendiat i norsk historie og i 1921 dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. Doktoravhandlinga Innsjønamn i Upplands fylke skreiv han ferdig i 1924. I 1930 søkte Gustav Indrebø eit professorat i vestlandsk målføregransking og fekk det. Han vart og styrar for Folkeminnesamlingi ved Bergen Museum til han døydde.

Statens namnekonsulent

I 1923 blei Gustav Indrebø spurt om han kunne vere stadnamnkonsulent for staten. Han tok på seg dette, men sa det frå seg i 1937. Han blei likevel oppmoda om å halde fram, og hadde denne funksjonen fram til han døydde. Desse tenestene utførte han ved sida av anna arbeid. Samstundes var han med og skipa Norsk stadnamnarkiv i 1921 og leidde det heilt til han gjekk bort. I 1930-åra organiserte han ei stadnamninnsamling der skuleborn i heile landet var med. (Skuleborninnsamlinga).

Ein kjær far

Ein skulle tru at borna ikkje fekk sett stort til far sin sidan han ved sida av dei krevjande offentlege stillingane han fekk, hadde så mange tillitsverv som han gjekk tungt inn i og stadig skreiv talar og utgreiingar. Men dottera Inger Indrebø Eidissen karakteriserte Gustav Indrebø som ein kjær familiefar. Han tok seg tid til å ta vare på familien sin og borna, og trekte dei ofte inn i arbeidet sitt og delte kunnskapane sine med dei.

Sjukdom og krig

Den andre verdskrigen sette merke på Gustav Indrebø. Han fekk dårlegare arbeidstilhøve fordi familien måtte flytte, og han måtte skaffe mat til familien i den vanskelege tida. Gode vener i Årdalen i Jølster sende med han ost og anna mat familien trengde. Det var og i Årdalen familien var då Gustav Indrebø blei så sjuk at han blei sendt til sjukehuset, først i Høyanger og så til Bergen. Den 3. august 1942 døydde han etter berre å ha lege sjuk nokre veker.

kjelder:

Eidissen, Inger Indrebø: Gustav Indrebø : ei livsskildring. Norsk bokreidingslag. Bergen 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR