Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Austerheimsstøylen



Austerheimsstøylen ligg ovanfor Engesetåsen ca. 535 m o.h. Stølen er for Austrheim, gard nr 69. Dette er ein stor og romsleg støl med store slåttekvier. Mange sel står spreidde omkring, delvis i grupper. Så å seia alle sel var oppført med lade i eine enden. Kufjøsa stod i nærleiken av sela. Spesielt med denne stølen er dei mange sauefjøsa. 12 stk er samla i ei klynge. Det har kome mange hus i seinare tid som brukarane helst vil kalla hytter, for å skilja dei frå dei eldre sela. Husa er stort sett godt vedlikehaldne.

Austrheimstølen med 'vandegard' rundt. Budeiene klar for heimreise.

Austrheimstølen med 'vandegard' rundt. Budeiene klar for heimreise.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen.

Datering: Ca. 1906.

Fotograf: H. Lyslo.

Tilkomst

Stølsvegen var i 50-åra 4 km landeveg og 3,5 km rås - ein nokså tung stølsveg. No er det opparbeidd bilveg bortimot stølen til glede for stølseigarane og alle i nærmiljøet som gjerne har stølen som utgangspunkt for fjellturar til Svinestranda, Blånibba og Dunheia. Svarthamrane kan vise eit rikt planteliv heile sommaren for dei som vil gjere turen meir interessant på det feltet.

Bruk av stølen

I bygdeboka skriv Per Sandal at det var eit problem for brukarane på Austrheim at heimebeita var uvanleg dårlege. Dei som ikkje hadde opparbeidd kulturbeite, hadde derfor lite å sleppe krøtera på før dei kunne sende dei til støls. Men også beita på stølen var for små etter kva som trongst for så store buskapar.
Stølstida var frå jonsok til kring 15. september. Budeiene gjekk på stølen kvar ettermiddag og heim om morgonen. Tradisjonell stølsdrift var enno halden høgt i hevd inn i 50-åra. Men så la mange ned mjølkeproduksjonen på Austrheim og dei fleste hadde slutta med stølsdrift i 1960-åra.

Slåtten var viktig. Det vitnar alle ladene om som var bygde inntil sela. Høyet vart tørka på bakken eller på faste trehesjer, som vist på bilete. At dei også hadde smalefjøs, heng saman med at dei i eldre tid gjette sauene mot rovdyr. Jakob K. Austrheim fortel kor viktig det var med smalefjøs. Dei måtte flytte sin tre gonger av di bjørnen kom seg opp på taket og tok seg ned til sauene derifrå. Alle desse sauefjøsane gjer stølsmiljøet på Austrheimstølen spesielt. Vi får vone at brukarane også framover i tida ser mon i å halde dei vedlike.

Nokre fakta

Austrheim, gard nr. 69, hadde 21 bruk i 1890. Folketalet på garden var 95 i 1865. I 1900 var talet kome opp i 225. Tettstadutviklinga mot Sandane var i gang. På dei 'gamle' bruka budde 80 menneske.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 441. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR