Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Polsk turistskip i Skjolden sommaren 1939



28. juli 1939 kom to personbilar frå Austlandet køyrande ned til Skjolden. Dei stogga på Fjøsne og tok bilete av eit stort turistskip som låg for anker. Det var det polske amerikalinje-skipet "Pilsudski". Fire månader seinare vart båten minesprengt i Nordsjøen.

Det polske skipet "Pilsudski" for anker i Skjolden, 28. juli 1939. Biletet er teke frå Fjøsne, ein snau kilometer ut frå Skjolden på nordsida av fjorden.

Det polske skipet "Pilsudski" for anker i Skjolden, 28. juli 1939. Biletet er teke frå Fjøsne, ein snau kilometer ut frå Skjolden på nordsida av fjorden.

Datering: 1939.

Fotograf: Ukjend.

Melding om besøket 1. juli

Avisa Sogn og Fjordane, som kom ut på Leikanger, hadde 1. juli 1939 ei lang liste over turistskip som var ventande til Sogn. Me finn ikkje berre velkjende reisemål som Balholm, Fjærland, Nærøyfjorden og Gudvangen, men også stader turistskipa til vanleg ikkje stoggar no: Vadheim, Leikanger, Marifjøra, Skjolden, Årdalstangen og Lærdal.

På lista står både norske og utanlandske skip, Bergenske sine "Stella Polaris" og "Meteor", dei tyske "Milwaukee" og General von Steuben", dei nederlandske "Vandyck" og "Tarakan" og to andre, "Orion" og Viceroy of India."

Men ein båt skil seg ut, både i namn og reiserute, det polske skipet "Pilsudski", med liggjetid i Leikanger 28. juli kl. 07.00-09.00 og liggjetid i Skjolden same dag kl. 12.00-19.00.

"Stor dag i Leikanger"

Same avisa hadde 1. august eit stykke om kva som skjedde då "Pilsudski" var på besøk i Sogn 28. juli 1939. Det avslører eit interessant reise-konsept, som vel knapt har vore brukt seinare. Skipet stogga på Leikanger der eit 40 tals bilar venta for å skyssa turistane inn fjorden til Skjolden, opp til Turtagrø og Krossbu og så nedatt til Skjolden der turistskipet då låg og venta. Her er heile stykket:

"No fredag hadde Leikanger den største turistdagen til dessa. Det var den store polske båten "Pilsudski" som kom tidleg morgon med polske turistar, vene og velkledde folk, nokre reint ljose, andre myrkare. Halvparten av det store ferdafylgjet gjekk i land i Leikanger og vart skyssa i bilar til Krossbu og attende til Skjolden. "Pilsudski" letta anker og gjekk til Skjolden med dei andre turistane, der tok bilane mot dei og førde dei til Krossbu og attende. Alt gjekk sværande godt, og polakkane var upp i under over dei herlege natursyn.

Det var 40 bilar som skyssa polakkane. Borggarden på Leikanger var ei einaste bilpark, bilar frå Sogn Billag, Firdabilar, Ottadalen-Geiranger-Stryn-bilar og bilar frå skysstasjonane. Det var Gundersens reisebyrå som skipa ferda."

Ei anna avis melder at det i alt var 44 bilar i fylgjet og at turistane fekk seg middag både på Krossbu og Turtagrø.

Press mot Polen

Cruiset til Sogn i månadsskiftet juli/august 1939 var ei av dei siste ferdene til det polske skipet "Pilsudski" i fredstid, kan henda den aller siste. Trass i at England og Frankrike hadde garantert Polen sitt sjølvstende, sette Hitler-Tyskland sommaren 1939 fram meir og meir høglydde krav til Polen. Ved Versailles-fredsslutninga etter fyrste verdskrigen hadde Polen blitt oppretta som sjølvstendig republikk og fått ein korridor til Austersjøen som delte Tyskland slik at Aust Prøyssen vart fråskilt. Byen Danzig hadde status som fristat under "beskyttelse" av Folkeforbundet.

Tyskland kravde våren 1939 å få herredøme over Danzig og elles kontroll med samferdsleårene gjennom den polske korridoren. Det kom ikkje til semje og 1. september gjekk Tyskland utan krigsvarsel til angrep på Polen. Den 3. september erklærte Frankrike og England Tyskland krig. Den 17. september gjekk Sovjetsamveldet (USSR) inn i Polen frå sin kant. Stalin ville ta att "russisk land" Polen hadde fått ved Versailles-freden.

Skipet "Pilsudski"

Med tilgang til Austersjøen frå 1919, kunne den nye polske staten byggja opp ein handelsflåte. Det vart grunnlagt ei polsk amerikalinje, og det topp moderne skipet "Pilsudski" gjekk fyrste transatlantiske turen i 1935.
Skipet låg ikkje i polsk hamn då Tyskland gjekk til angrep på Polen 1. september 1939. Etter krigsutbrotet vart skipet straks kommandert til britisk hamn og ominnreidd til militær bruk. Kort etter avreise frå Newcastle på veg mot Australia, gjekk skipet 26. november 1939 på ei mine og sokk i løpet av fire timar. Ei kjelde oppgjev at 168 vart berga og at tre omkom.

Mannen Pilsudski

Skipet var oppkalla etter Jozef Pilsudski, fødd 1867, død 1935. I Norsk Allkunnebok står dette om Pilsudski:
".. polsk offiser og statsmann, opphaveleg sosialist. Fekk skipa ein "legionsbrigade" som var med mot russarane i 1. verdskrigen. Med ein løynleg militærorganisasjon arbeidde han også mot sentralmaktene [Tyskland, Austerrike/Ungarn, Bulgaria og Tyrkia], som synte lita interesse for eit fritt Polen. I den nye polske republikken i 1918 vart Pilsudski statssjef (til 1922). Som øvstkommanderande leidde han krigen mot USSR i 1920. Gjennom eit militært statskup i 1926 førde Pilsudski inn eit personleg diktatur med stønad i halvfascistiske rørsler. Utanrikspolitisk innleidde han ein balansepolitikk mellom Tyskland og USSR."

kjelder:

Fleire lokalaviser, oppgjevne i teksten.

PERMANENT IDENTIFIKATOR