Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Stortingsmann Knut A. Taraldset



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Knut A. Taraldset frå Innvik.

Spesialkomiteen i 1905. Komiteen vart nedsett av Stortinget 18. februar. Taraldset vart innvald 16. mars i staden for Arctander som vart statsråd i regjeringa Michelsen.

Spesialkomiteen i 1905. Komiteen vart nedsett av Stortinget 18. februar. Taraldset vart innvald 16. mars i staden for Arctander som vart statsråd i regjeringa Michelsen.

Eigar: I Unionens opløsning i 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: N. L. (et) R.

Kort biografi
I boka "Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814 - 1970" står denne biografien:
"KNUT ANDERSSON TARALDSET, fødd i Innvik 25. juni 1862, son åt bonde Anders Knutsson Taraldset og Dorte Olsdotter Nesdal. Var eit kurs på amtsskule [folkehøgskule] i Gloppen, overtok farsgarden 1891, med i heradsstyret [i Innvik kommune] frå 1893 til 1931, ordførar frå 1911 til 1931, var og i bankstyret m.m. Medlem av amtsskulestyret, varamann til Hypotekbankens bankråd m.m. Var medlem av spesialkomiteen i 1905. Døydde 5. august 1947. Var gift med Brita Nilsdotter Skaaden, dotter åt bonde Nils Henrikson Skaaden og Marie Olsdotter."

Representerte Høgre. Var 2. (andre) representant frå Nordre Bergenhus amt 1895-1897, 1. (første) 1898-1900 og 1903-1906, vararepresentant frå Sogn og Fjordane 1922-1924 og 1925-1927.

Stor mottaking i heimbygda
Stortinget hadde ekstra kort sommarferie i 1905. Fyrst etter 28. juli, då Sverige sitt svar på Stortinget sitt 7. juni-vedtak låg føre, og Stortinget hadde vedteke at det skulle haldast folkerøysting 13. august, kunne tingmennene ta fri.
Taraldset kom heim fredag 4. august. Det var stor mottaking på dampskipsbryggja i Innvik. Ein som var til stades sende ei skildring til Fjordenes Blad. Det stod i avisa 9. august, fire dagar før folkerøystinga:

"Stortingsmand Taraldseth kom hjem fredag.(..) Idet dampskibet, der ogsaa var iklædt sitt festskrud, svingede ind til kaien, hilsedes med kraftig salut fra land. Da saa hr. Taraldseth steg paa land, traadte sogneprest Revers frem og bød ham paa hjembygdens vegne velkommen. Han vilde udtale en tak til ham som medlem af det norske storthing for dets trofaste og kraftige arbeide til værn om fædrelandets ret, ære og værdighed.

Det var hans haab, at det verk, som var paabegyndt, maatte lykkes storthing og regjering at fuldføre til held for folk og fædreland. Stillingen er alvorlig, og vi føler alle inderligere end ellers, at vi eier et fædreland, (-) og han troede, at i denne tid blev mange brændende bønner for storthing, regjering og folk opsendt til ham, som har folkenes skjæbne i sin haand.

Hans haab og inderligste ønske var, at der ved den nær forestaaende folkeafstemning fra Norges fjorde og dale maatte lyde et fuldtonende og enstemmigt ja til, hvad storthing og regjering i folkets navn nu havde gjort.

Sin anslaaende og stemningsfulde tale sluttede han med at udbringe et "Gud bevare" og et "lenge leve" Norges storting, hvorpaa forsamlingen istemte et 3 ganger 3 hurra.

Hr. Taraldset takkede meget bevæget for den ham viste opmerksomhed og svarede med at udbringe et leve fædrelandet, hvorefter atter rungede et nifoldigt hurra. Derpaa istemte hele forsamlingen nationalsangen.

Frå omtale i 1947
Knut A. Taraldset døydde 5. august 1947, 85 år gamal.Firda Tidend hadde eit lenger stykke om han. Nedanfor fylgjer eit utdrag.

"I over 40 år var han med i det offentlege liv og han la ned eit stort og vidfemnande arbeid i kommune, fylke og stat. (..) I 1905 var Taraldset medlem av spesialkomiteen som førebudde konsulatlova. Det var sanksjon-nektinga av denne lova som førde til unionsoppløysinga.(..)

I 30 år i trekk var Taraldset medlem av Innvik heradstyre og derav 21 år som ordførar. Då han i 1931 gjekk frå borde kunne han overlevere sin ettermann på ordførarplassen så og seie ei gjeldfri kommune på trass av dei vanskelege etterkrigsåra. Sjølvsagt kan ein ikkje berre takke ordføraren for dette, men han må ha hovudæra.(..)

I ei årrekkje var han medlem av fylkesutval og fylkesskattestyre, og i 6 år var han oppmann på fylkestinget.(..)
I 40 år var han bankdirektør, direktør for Innvik Branntrygdelag, formann i forliksrådet, medlem av fylkesskulestyret, direktør i Fylkesbaatane, direktør for Ålfoten kraftlag og i mange år fylkesrevisor, doms- og lagrettemann og elles mange andre tillitsyrke.

Då han slutta som ordførar i Innvik, heldt heradet ein fest for han og gav han ei minnegåve. Taraldset fekk også borgardådsmedaljen for langt og dugande arbeid for herad og fylke, 7. juni-medaljen og Haakon VII si jubileums-medalje."

kjelder:

Firda Tidend. 12.08.1947.
Fjordens Blad.09.08.1956.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Nordfjord Sogelag. 1973.
Svarstad, Paul: Innvik. Eit prestegjeld gjennom 200 år. Ein sparebank gjennom 100 år. 1981.

PERMANENT IDENTIFIKATOR