Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

«Sanct Svithun»-tragedien og minnekapellet i Ervik



Hausten 1943 vart hurtigruteskipet D/S "Sanct Svithun" bomba av allierte fly i skipesleia ved Stad. Meir enn 50 menneske omkom. Folk i Ervik utførte eit imponerande bergingsarbeid. Den norske heimefronten kritiserte åtaket. I 1970 vart det vigsla eit minnekapell i Ervik og skipsklokka frå "Sanct Svithun" er no kyrkjeklokke i kapellet.

20. mai 1944 ga Postverket ut 3 frimerke med motiv frå krigsforlis. Tilleggsverdien på 10 øre skulle gå til inntekt for skadde og etterletne. "Sanct Svithun"-forliset er motiv på eitt av frimerka.

20. mai 1944 ga Postverket ut 3 frimerke med motiv frå krigsforlis. Tilleggsverdien på 10 øre skulle gå til inntekt for skadde og etterletne. "Sanct Svithun"-forliset er motiv på eitt av frimerka.

Flyåtak

Den 30. september 1943 var sørgåande hurtigrute "Sanct Svithun" på veg frå Ålesund til Måløy. Det blæs sterk kuling frå sørvest. I Ervik ytst på Stadlandet heldt folk på med å ta opp potetene sine. Klokka nærma seg sju i kveldinga då dei brått fekk heilt andre ting å tenkja på. Ein flystyrke kom inn frå havet og gjekk til åtak på hurtigruta som nett var komen til syne. Skipet kom straks i brann og la om kursen mot land. Kaptein Alsagher sette båten på grunn ved Kobbholmen, ein holme innafor Buholmen, nær nordvestpynten av Hovden. Til all lukke kom skipet så nær Kobbholmen at overlevande greidde å berga seg opp på holmen ved hjelp av ei trosse dei greidde å strekkja over.

Folk frå Ervik sprang straks til båtane sine og kom dei skipbrotne til hjelp. Under særs vanskelege tilhøve berga dei over 70 menneske. 44 nordmenn omkom og ein stad mellom 12 og 20 tyske soldatar. To av dei omkomne var frå Sogn og Fjordane.

Minneplate

Den store redningsdåden

Kaptein S. Alshager fortalde om redningsinnsatsen til Ervik-folket i Fjordenes Tidende 14 år seinare.

"De reddet ca 50 mennesker umiddelbart etter at skipet i full brann var landsatt, og dagen etter reddet de 20 mennesker fra Kobbholmen. En dåd så dristig og glimrende gjennomført at den for alle som skylder dem livet, står som et under. Og den ble gjennomført uten uhell."

Reaksjon på åtaket

D/S "Sanct Svithun" gjekk i sivil rutefart for eit norsk reiarlag. Skipet var merka i samsvar med føreskrifter for å kunna identifiserast, og det var ståande ordre i dei allierte styrkane i Storbritannia om ikkje å gå til åtak på skip i sivil passasjer- og forsyningsfart.

Heimefronten i Noreg reagerte mot "Sanct Svithun"-aksjonen i eit telegram til den norske eksilregjeringa i London via den norske legasjonen i Stockholm. Telegrammet vart referert i regjeringskonferanse 26.10.1943.

"Vi har mottatt meddelelse fra en pålitelig rapportør på Vestlandet som har innsamlet pålitelig underretning blant øyenvitner og overlevende angående "St. Svithun"s senkning. Han erklærer at de tyske beretninger i pressen stort sett er riktige. Når de uheldige virkninger ikke er blitt større, kommer det av at alle hjemme nekter å tro at engelskmennene kan ha oppført seg på en sådan måte. Det står i strid med de erfaringer som er blitt gjort av folk hjemme i nesten 3 år. Om sånt skulle hende igjen, ville det være i høyeste grad skadelig."

Fritt Folk

Takk til Ervik-folket

Vraket vart liggjande på grunn to-tre dagar før det seig ut og forsvann på djupna. Ein mann i Ervik vart beden om å prøva å berga skipsklokka. Han fekk med seg ein til å hjelpa seg og dei greidde å få klokka laus og få ho velberga på land. Straks etter vart ho sendt til Stavanger. Reiarlaget, Det Stavangerske Dampskibsselskab, inngraverte ei helsing og sende ho attende som ein symbolsk takk til Ervik-folket. Ho heng no som kyrkjeklokke i minnekapellet i Ervik. Den inngraverte helsinga:

"Til Ervik folket, i erkjentlighet for redning av menneskeliv ved D/S "Sanct Svithun"s krigsforlis 30. september 1943."

Minnekapellet i Ervik

Minnekapell

Skipsinspektør Brækhus var ein av dei som blei berga. Han skal vera den fyrste som sette fram tanken om at folket i Ervik burde få eit minnekapell for innsatsen sin under bergingsarbeidet. Mange slutta seg til tanken, og alt i 1944 vart det sett ned grunnstein. Krigen gjorde at det vidare arbeidet vart lagt på is, og fyrst i 1968 vart arbeidet teke opp att med ny grunnstein, no på ein annan stad, like ved gravstaden. Minnekapellet Ervik Kapell stod ferdig i 1970 og vart vigsla 14. juni av biskop Per Juvkam. Nærare 1000 menneske var til stades. Formannen i byggenemnda Daniel Berstad, takka alle som hadde ytt tilskot, og overleverte deretter bygget til Selje kommune.

Anker frå «Sanct Svithun»

Det står eit skipsanker ved minnekapellet. På ei metallplate står det skrive:

Anker frå Sanct Svitun som
vart senka utenfor Ervik
30. september 1943.
Teke opp frå vraket 1996.

Kjell Magne Ervik
Anders Ervik
Gunnar Teige

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bakka, Dag, jr: Skipene som bandt kysten sammen Hurtigruten 1893-1980.


Hoddevik, Jan Petter: "Sanct Svitun"s krigsforlis Eit 50 års minne. 1993.


Fjordenes Tidende. 29.11.1957


Fritt Folk. Riksorgan for Nasjonal Samling. 06.10.1943. Oslo.



Nilssen, Astrup: Tragedien om hurtigruteskipet "Sanct Svithun"


Nordanger, Trygve: Lang kyst

PERMANENT IDENTIFIKATOR