Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gruvene i Grimelia



I juni 1759 fekk "Grimmeliens Kobberværk" kongeleg privilegium til å drive gruvedrift innanfor ein radius på om lag 20 kilometer. Dette omfatta også Sørdalen i Fjaler. I tre periodar fram til 1920, kring 50 år til saman, var det her aktiv gruvedrift med utvinning av koparmalm. På det meste utgjorde gruvesamfunnet meir enn 100 menneske, den største konsentrerte busetnaden i Askvoll på denne tida.

Spor etter gruvedrifta i Grimelia finst enno. Her ser vi ein stor slagghaug som ligg att etter koparutvinninga.

Spor etter gruvedrifta i Grimelia finst enno. Her ser vi ein stor slagghaug som ligg att etter koparutvinninga.

Eigar: I Dalsfjordboka.

Datering: 1998.

Fotograf: Gaute Losnegård.

Fyrste perioden

Oppstarten av gruvedrifta i Grimelia kom i ein allmenn oppgangsperiode for denne næringa. Det er kjent at Det Nordenfjeldske Bergamt var på synfaring i området kring 1750, og dei første malmfunna kan ha blitt gjorde då. Ein av medeigarane i gruva var kjøpmann Wilhelm Teting frå Bergen, som vart verksstyrar. Så langt ute ved kysten var det ikkje lett tilgang på trekol til malmsmeltinga. Dette førte til at smeltehytta i 1761 vart lagt til Halbrend i Førde, noko som innebar kostbar transport. Mangel på fagfolk i gruvedrifta, strid med bøndene om betaling for malmtransporten, og indre stridar mellom eigarane, førte til avvikling i 1776.

Andre perioden

Ny drift kom i gang i 1854, der konsul Ludvig Konow i Bergen var ein av interessentane. Seinare kom andre interesser inn, representerte av bergmeister A. Ellefsen. Han hadde kontrollmynde, og ved å engasjere seg i sjølve drifta, kom han i ei dobbeltrolle då Grimeliens Kopperværk vart skipa i 1862.

Det vart oppført smeltehytte og arbeidarbustader. Fleire gardsbruk vart kjøpte. Verket heldt skule og butikk for dei tilsette. Det kom fleire arbeidarar frå Røros. Truleg kom talet på tilsette opp i 50 mann midt i 1860-åra, og folketalet i gruvesamfunnet opp i 115. Men høge kapitalkostnader, driftskostnader og låge koparprisar førte til at verket gjekk konkurs i 1883.

Tredje perioden

I 1904 var gruva seld på nytt. Denne gongen til ein svensk konsul, og det vart sett i gang prøvedrift fram til 1906. Første verdskrigen førte til høge prisar på metall. Frå 1916 og utover dreiv A/S Christiania Minekompani uttak av malm med opptil 17 mann i arbeid. Drifta vart avvikla i 1920.

Gruvedrift i Sørdalen

I Sørdalen ved Hellevik i Fjaler var det periodevis gruvedrift nokolunde parallelt med drifta i Grimelia. Koparverket i Grimelia hadde òg rett til å drive i Sørdalen. Då dette verket kom i vanskar, vart drifta i Sørdalen teken over av bøkkarmeister Reinertsen og bergmannen Gasmann i 1773. Sørdalsvatnet vart oppdemt og ein masomn vart bygd nede ved sjøen. Men i 1780 måtte drifta stoggast. 

Frå 1864 til 1886 tok det britiske selskapet The Norwegian Titanic Iron Company ut malm frå Sørdalen. Malmen vart frakta til England, og smelta der. Også i perioden 1907-09 dreiv eit engelsk selskap på same viset. Noko av denne malmen vart liggjande att, og nytta av tyskarane under siste krig.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Losnegård, Rolf m.fl.: Dalsfjordboka frå Gaularfjell til Bulandet. Leikanger 1999.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 1. 1981.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 9. 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR