Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. september 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Klausen Mekaniske Verksted AS



Verksemda i Bøvika vart starta av Jørgen Klausen i 1948. Broren Olav kom med seinare, og vart dagleg leiar. Til 1980 vart verksemda kalla Brødrene Klausen, og frå 1981, Klausen Mekaniske Verksted A/S. Det store industrianlegget er eit dominerande innslag i bygdebiletet, og ei hjørnesteinbedrift i bygda.

Klausen Mekaniske Verksted AS i Bøvika. Her har det vore stegvis utbygging frå 1972.

Klausen Mekaniske Verksted AS i Bøvika. Her har det vore stegvis utbygging frå 1972.

Eigar: Klausen Mekaniske Verksted AS.

Datering: 1997.

Fotograf: Vårdal Foto.

Oppstart og første år

Dei to brørne vart fødde på øya Reksta i Flora, og kom som smågutar til Helle. Med tida skulle dei byggje opp den største arbeidsplassen i bygda. Jørgen hadde gått i smedlære då han i 1937 tok til som reparatør ved Helle Teglverk. Det vart til at han tok på seg ymse smedarbeid for bygdefolket òg. I 1947 sette han opp eigen verkstad, bygt av teglstein frå teglverket. Det var stein han plukka opp frå sjøen ved bryggja, då det hende stein fall i sjøen under lasting. Produksjonen kom i gang i 1948. Olav skaffa seg mekanisk og teknisk utdanning. Han vart etter kvart engasjert i verksemda. Dei kalla verksemda Brødrene Klausen.

Bilete av brødrene Klausen.

Det første produksjonslokalet var på 60 kvm. Det vart påbygt i 1952, og utvida og fekk ein 2. etasje i 1968. Den første tida dreiv dei med ulikt smedarbeid, og reparasjonar av reiskap. Dei laga elles taubaner, traktorreiskap, heisar og sparkstøttingar. Dei prøvde seg òg på eigenproduksjon av traktormodellen Vestland. I åra 1950-1960 arbeidde dei òg med utrustning og vøling av fiskebåtar.

Utviklinga etter 1970

Innan den mekaniske industrien var det ikkje uvanleg at ei verksemd dreiv med mange aktivitetar og produksjonar til ut i 1960-åra. Men då tok etter kvart meir spesialiserte og større einskilde produksjonar til å prege verksemdene. Slik gjekk det òg med Brødrene Klausen. Dette sette krav til større produksjonslokale, og førte til ny lokalisering av verksemda, som vart flytta frå Bøvikneset til Bøvika, vest for den gamle verkstaden. Her medverka Fjaler kommune til reising av ny industrihall i 1972. Seinare vart det reist tre nye produksjonshallar, den siste i 1996. Verksemda løyste ut dei kommunale investeringane i industrihallane. Eit større kaianlegg har òg komme på plass etter kvart. Frå kaianlegget kan seksjonar på opp til 80 tonn skipast ut.

Bilete av gamleverkstaden.

Brødrene Klausen arbeidde seg inn på ein ny marknad då dei i 1970-åra tok til som underleverandør til andre industriverksemder. Dei leverte seksjonar til skipsverft, m.a. i Florø og Leirvik. Det er store dimensjonar over desse skipsdelane, der dei største leveringane har vore på 80 tonn.

Elles har verksemda produsert stålkonstruksjonar til smelteindustrien og ferjebruer til vegvesenet. Det har òg vorte laga delar til oljeindustrien. Dei siste par tiåra har produksjonen elles vore oppdrettsanlegg og oppdrag andre stader for ulike verksemder.

Arbeidsstokken

På slutten av 1960-talet var det kring 20 tilsette. Deretter auka sysselsetjinga til 115 i 1970-åra. Kring 2000 var arbeidsstokken på kring 75. Arbeidarane organiserte seg i eigen klubb i 1974.

Dotterselskap i Svelgen

I 1990 vart dotterselskapet Klausen Industrier Svelgen A/S etablert. Klausen Mekaniske Verksted hadde tidlegare hatt reisemontørar på oppdrag for Elkem A/S i Svelgen. Dette var grunnlaget for etableringa av dotterselskapet, som sysselset 12 personar. Dei driv med reparasjonsarbeid for mellom anna smelteverket, og produserer elektrode-mantlar, stålkasser som ligg rundt elektrodane.

Bilete av ein skipsseksjon under arbeid.

Etter 1998

1999 var eit godt år med produksjon av skipsseksjonar og full sysselsetting, medan år 2000 var prega av redusert aktivitet og permitteringar. I år 2001 er ordrebøkene fulle og sysselsetjinga sikra for heile arbeidsstokken fram til 2004.

Bilete av gamleverkstaden i år 1998.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bull, Ragnar: Klausen Mekaniske Verksted AS 1948-1998, 50 år, frå lita hytte til høge hallar. 1998.
Sogeskrift for Askvoll kommune. Nr. 10. 1997.
Informasjon frå:
Kjell Eikemo, Askvoll.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR