Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Notastein frå Kleberskaret



I Kleberskaret, i tidlegare felles utmark på gardane Sandnes og Sellevoll i Hyllestad, har det vorte hogge ut mykje notastein (søkkestein) til kystbygdene i området.

Frå notasteinsgruva på Sandnes tidleg på 1970-talet.

Frå notasteinsgruva på Sandnes tidleg på 1970-talet.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1970.

Fotograf: Per Bygnes.

Heimeindustri gjennom 200 år

I Kleberskaret nord for husa på Sellevoll er det ein heller stor førekomst av kleberstein. Kleberstein er lett å forma til ulike produkt og til å rita i. Inskripsjonar i området kan tyda på at det har vore ein viss aktivitet i området heilt frå slutten av 1700-talet.

I nyare tid var det Martin Jensson Løset, gift med seinare eigar av bnr. 2 på Sellevoll, som tok opp att ein heimeindustri i Kleberskaret. Han hogg ut notastein i den blaute bergarten. Ein av sønene, Anton M. Sellevoll, førde denne verksemda vidare. Truleg heldt han på til 1952, då han reiste frå bygda.

Tillaging og sal

Høvelege steinar vart kila ut, deretter forma grovt til notesteinar med øks. Dette arbeidet gjekk føre seg i ledige stunder i store delar av året. Notasteinane måtte ha hol. Boren sat i enden av akslingen på ein kvernkall i den vesle bekken som rann i botnen av Kleberskaret. Over sjølve kvernkallen var det eit halvtak av bølgeblekkplater. Eit par av borna til Anton vart sette til å bora hol i notasteinane.

Notasteinane vart tredde inn på ein tjukk streng og køyrde fram til fylkesbåtkaien på Myklebust for vidare transport. Viss isen hindra båtane å koma nord til Myklebust, køyrde Anton M. Sellevoll steinhonkene fram til kaien på Bjørnestad. Mykje av notasteinen frå Kleberskaret vart truleg seld til Solund, Bulandet, Værlandet og andre kystbygder i området. Frå familie er det opplyst at "Johan Hansen på Bryggen" også var mottakar av slik stein. Ennå vil det finnast notastein frå Kleberskaret i Skifjorden i einskilde naust langs kysten.

Familietavle og kvinneandlet i kleber

Rett vest for Bjørnmyra er det ein sørvend klebersteinsnakke. I det blaute berget har Johan R. Sellevoll, f. 1845, skore inn namna på seg og næraste familie. Sjølv om inskripsjonane ikkje er så djupe, og noko kan vera vekkslite, finn ein i alle fall fylgjande namn og årstal - etter innleiinga FRED:

JOHAN R. SELLEVOLL 1845
INGEBORG 1846
RASMUS 1868
BERENT 1872
MARTINUS 1875
KRISTINE 1878

Figurar i kleberstein

Ved ein sti litt lenger oppi lia mot nordvest er det ei lausblokk med eit fint opprita kvinneandlet med hatt på hovudet, etter ein mote midt i mellomkrigstida. Truleg er det ein svenske som har teikna dette andletet. "Svensken" og kona budde i ei stove på bruk 1 ei kort tid på slutten av 1920-talet. Han laga figurar i kleberstein som han reiste rundt med i eigen båt og selde. Nokre av desse klebersteinsfigurane var att etter han på Sellevoll, men desse vart øydelagde under ein husbrann i 1971.

Kleberstein innbyr også til utforming i våre dagar. Skuleelevar har henta seg råmateriale til fine produkt i formingsfaget frå Kleberskaret på 1990-talet.
Klebersteinen i utmarka mellom gardane Sandnes og Sellevoll har vore ein lokal ressurs som ikkje berre har sett fantasien i sving, men som også har gitt attåtnæring til gardsdrifta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kellmer, Inger Hellesøe og Førsund, Finn Borgen (red.): Hyllestad bygdebok. Soga om folket. Hyllestad 1990.
Avisa Firda. 08.05.1998. Førde.
Opplysningar frå:
Haldor Bjørnestad, Hyllestad. 2001.
Nancy Bygstad. 2001.
Laura Namtveit. 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR