Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

1905 - Selje kommune



I 1905 vart Noreg eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Selje. Artikkelen om Selje må lesast i samanheng med dei andre artiklane om 1905 som Fylkesarkivet har lagt ut.

Parti frå Selje i 1907. Båten som ligg ved kaia er truleg Stavenes. Skøyta midt på biletet er er første båte med maskin som kom til Silda. Albert Silde åtte båten. Det var ikkje så god hamn på Silda den gongen så dei hadde ofte båtane sine liggjande i Seljevågen. Motorbåten bak Josef Grytting sitt sjøhus kan vera ein av dei første motorbåtane i Selje

Parti frå Selje i 1907. Båten som ligg ved kaia er truleg Stavenes. Skøyta midt på biletet er er første båte med maskin som kom til Silda. Albert Silde åtte båten. Det var ikkje så god hamn på Silda den gongen så dei hadde ofte båtane sine liggjande i Seljevågen. Motorbåten bak Josef Grytting sitt sjøhus kan vera ein av dei første motorbåtane i Selje

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-100057.110353

Datering: 1907

Fotograf: Ukjend

Selje kommune i 1905

Selje kommune hadde 5467 innbyggjarar i 1900 og omfatta Hove hovudsokn med Leikanger kapell og Vågsøy sokn. Hausten 1906 kom spørsmålet opp om Vågsøy burde skiljast frå Selje. Frå 1. januar 1910 vart dei 2 kyrkjesokna Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune som eigne heradskommunar. Same året fekk Hove sokn namnet Selje sokn. Ved ei grenseregulering i 1964 vart øya Silda og gardane Sørpollen og Straumen overførde til Vågsøy kommune. I 2001, med dåverande grenser, var folketalet i Selje kommune 3023. Rekna ut i frå same geografiske området, ville folketalet i 1900 vore 2783 personar. Selje har soleis hatt ein svak folkeauke dei siste 100 åra. I 1918 hadde Selje kommune fylgjande skulekrinsar: Selje, Leikanger, Refsnes, Kjøde, Stokkevåg, Borgundvåg, Eltvik, Honningsvåg, Hoddevik, Drage, Moldestad, Sandvik, Nordpollen, Barmen, Flatrake, Årvik, Fure, Eide, Røyset, Silda, Sørpollen, Osmundvåg og Hagevik. Lengste skuleveg var likevel 6-7 kilometer trass i ein så desentralisert skulestruktur.

Samferdsla i 1905

I 1904 hadde Fylkesbaatane tre stoppestader i Selje: Barmen (365 reisande), Drage (774 reisande) og Selje (1516 reisande.) Drage var svært verhardt, og i 1893 var det ferdig ein molo på 72 meter. Etter det tok Fylkesbaatane til å gå her, men Drage "anløbes kun naar Forholdene tillader det." Moloen på Drage var og oppe ved fleire høve i kommunestyret i 1905. Dei valde tilsynsmann for moloen og heisekrana på Drage, og ved eit høve handsama dei skriv frå Gullak J. Drage om tvist i høve grunnavståing til moloen. I 1905 søkte og Peder P. Drage kommunestyret om løn for telefonhaldet på Drage. Kommunestyret handsama elles i 1905 eit framlegg frå Selje kyrkjetilsyn om å skaffa plakatar mot spytting på kyrkjegolvet. Det gir oss og eit lite tidsbilete frå tida kring 1905.

Vegane i kommunen

Kring 1900 var det bygt vegar mange stader i Selje. Frå Indre Drage gjekk det veg gjennom Dragseidet og fram til Leikanger kapell. Vegen gjekk vidare til Mork, nedover Morkadalen over Dalsbø og fram til Ferstad og Ervik. Denne var 18 km lang og var den lengste samanhengande vegen i kommunen. Det gjekk og veg frå Ferstad over til Årvik og frå Leikanger kapell til garden Sandvik. På denne tid arbeidde dei og på vegen frå Sandvik til Selje. Frå Einehaugen ved Kjødepollen gjekk det veg gjennom Manseidet og fram til Selje. Frå Eide gjekk det og køyrbar veg til Berge.

Det var skysstasjonar i Osmundvåg, Drage og Leikanger. Det gjekk og ein del ridevegar eller stiar i kommunen. Slik veg gjekk frå Eide langs kysten til Berstad og frå Berge til Selje kyrkje. Det gjekk og rideveg frå Selje kyrkje gjennom Sandvikseidet til Sandvik. Frå kyrkja i Selja gjekk det rideveg over Pileberg og på vestsida av Fløytevatn fram til Leikanger kapell.

Kommunestyret handsama mange saker om vegutbygging. I 1905 hadde dei mellom anna oppe søknad frå Nikolai Eltvik om utstikking og kostnadsrekning av veg frå Leikanger til Eltvik.

Bank og post

Selje Sparebank vart skipa i 1893, og forvalta i 1899 237.967 kroner. I 2004-kroner utgjer det kring 14 millionar. I avisa "Fjordenes Blad" 15. mars kunne ein lesa:

I Selje skal af bankens midler bygges et tidsmessig banklokale nær prestegaarden eller paa Hamre, da banken nu eier et større grund og reservefond og forretningens omfang viser at det er paakrævet at have eget lokale. Samtidig blir der et forsamlingshus til kommunelokale.

På denne tid var det postopneri på Stadlandet, Drage, Ferstad og Sandvikneset, og telegraf og rikstelefonstasjon i Barmsund, Selje, Stadlandet, Drage og Sandviknes.

Fisket

Sildefisket var svært viktig i Selje. Vårsilda kom inn til kysten årvisst, og særleg var det godt fiske i 1899. Dette fisket varte frå kyndelsmesse til sommarmål. Kvar garnbåt hadde 18-24 garn og seks mann. Garnbåtane var stort sett bygde i Nordfjord og kosta kring 4-500 kroner for ein god båt. Kring 1900 var det om lag årsløna for ein fersk lærar. Sommarsilda brukte å koma nokre dagar etter jonsok.

Kring 1900 kom det sterk auke i bank - og havfisket i Selje og Vågsøy. Dei fyrste fiskedampskipa vart tekne i bruk, og fiskarar i Selje skaffa seg fleire dekka båtar som høvde betre for slikt fiske enn dei opne båtane dei bygde i Nordfjord. Frå midten av 1890-åra og fram til 1904 vaks det fram ein ny fiskeflåte i Selje og Vågsøy. Det var møringsbåtar, bankskøyter, dekksbåtar og fiskedampskip. Med desse kunne fiskarane i Selje og Vågsøy driva bank - og havfiske i langt større målestokk enn med dei vanlege femkeipingane som var vanlege i Nordfjord. Motor kom seinare som ei endå større omveltning.

I 1899 kunne Fjordenes Blad gje ei gladmelding om fisket:

Omtrent hver eneste fiskebaat gikk ogsaa ud. Det var en flaade udover som det skulde været i bedste torskefisket. Størsteparten av baatene er alt tilbagekomne med udmærket fangst, 80-300 lange og 200-600 brosmer pr. baat - altsaa en fortjeneste paa 10-40 kr. pr. mand. Prisen er kr. 0,55 for lange og sei og kr. 0.10 for brosme.

Andre næringar kring 1905

Jordbruket var og viktig i Selje kring 1905. Det gjekk attende med korndyrkinga, men bøndene dyrka meir poteter. Strekninga mellom Kjøde og Leikanger var og ofte utsett for frost på kornet. I kommunen hadde dei mest fjordfe, som var små dyr og som gav god avdrott i høve til storleik. Husdyrtalet i 1891 var: 301 hestar, 3719 storfe, 7676 sauer, 3338 geiter , 722 grisar, 679 høns og 14 ender. På vestsida av Stadtlandet brende dei på denne tid mykje tare. For oska fekk dei kr 1,20 per våg eller per 18 kilo. Truleg laga dei kring 110 tonn oske i året i Selje. Det vart seld til ein pris på 70 kroner per tonn, og gav soleis i inntekt 7700 kroner for året. I 2004-kroner vert det om lag 400.000 kroner. Det var handel i Selje og Leikanger. Elles var det hellebrot på Furestaven.

.. i spændt Forventning..

I ei tid utan mobiltelefonar, Internett, radio og fjernsyn fekk folk kjennskap til nyhende på andre måtar. Dei "spurde nytt" når dei treftest, - på dampskipskaia, på butikken, på skulen, ved kyrkja (kunngjeringar frå kyrkjebakken) og gjennom posten (brev og aviser).

Gjennom heile året 1905 venta folk spent på siste nytt om unionen mellom Norge og Sverige, om utviklinga i konsulatsaka utover våren, om unionsoppløysinga 7. juni, om folkerøystinga 13. august, forhandlingane i Karlstad, spørsmålet om kongedømme eller republikk og det nye kongehuset i månadsskiftet november/desember. Ein kar i ei anna bygd sa at folk stod: "i spændt Forvænting nede ved Dampskibssanløbsstedet, hver Gang Dampskibet var ventende med Post til Bygden." Slik var det nok og i Selje. Viktige kunngjeringar vart og lesne på kyrkjebakken. Folk i Selje var opptekne av det som skjedde i Kristiania og i Sverige.

Eventyrleg laksefiske

Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og i større oppslag. Mykje handla om fisket i Selje. Fjordenes Blad kunne 6. september melda:

Laksefisket har i aar på Stat og Vaagsøens vestside været rigere and nogensinde. Paa Stat er der gaarde som med 2/3 andel i fisket har et dbytte af 1400 kr. pr. mand. I Eltvik lastede man en dag i sommer en sexæring med laks, i Refvigen en færing. Inde i Sildegabet og paa Vaagsøens østside har derimod fisket været smaat

1400 kroner er over 75000 2004-kroner. Dette utgjorde nesten to årsløner for ein lærar kring hundreårskiftet.

Makrell i slåtten

"Fjordenes Blad" kunne og fortelja denne soga den 6. juni 1905.

En mand med sine husfolk gikk oppe i bakkerne og arbeidede med slaatten. Bedste som det var, brød der op en makrellstim som satte kurs for en liden bugt som var beliggende ud for hands baadnøst. Han havde ingen not for haanden, men han var ikkje raadløs. Tilsjøs bar det og der satte han sammen 3 sildegarn og med disse stængte han inde 45 maal pen makrell. Historien er sand og foregik i forrige uge paa garden Selnes. (Seljenes)

(1 mål er kring 50 liter = 2250 liter makrell).

..En sørgelig ulykke på Stat..

Den 18. november 1905 kunne Fjordenes Blad melda om ei trist ulukke i Honningsvåg.

Peder Hansen Honningsvaag var ude i stranden paa torsdag og ledte efter et lam. Herunder har han gledet overende med den sørgelige følge at han slog sig i hjel. Først fredag morgen fandt de ham. Den forulukkede var en aktet og afholdt mand i sin krets. Afdøde var medlem af Selje formandskab og han lagde interesse for dagen baade for kristelig og materielt arbeide. Han efterlader sig enke.

Strid om ny lesebok

Den 13. september 1905 hadde Fjordenes Blad nytt frå Skulestyret i Selje. Striden galdt ny lesebok i skulen.

Selje skolestyre indførte nylig efter en flere timers debat med 11 mod 9 stemmer Paus og Lassens læsebog. De 9 afgaves for Nordahl Rolffsens. I Vaagsø talte og stemte samtlige lærere og skolestyremedlemmer for Rolfssens læsebog. Da der saavid vides inden Selje lærerstand er 14 som holder paa Rolfssen, men kun 4 som paa den nu antagne læsebog, synes der ikkje i denne sag at være nogen skjøn harmoni mellem lærerne og skolestyret. Naar lærerne imidlertid ikke fikk den bog de ønskede, er skylden deres egen. Flere glimrede saavel i lærermødet som i skolestyret med sin fraværelse og de som var tilstede i skolestyret, satte ikke meget ind paa at sætte sin mening igjennom. Ialfald var der for flere vedkommende en usikkerhed i debatten som stillede det tvilsomt hvorvidt taleren havde taget eller vilde tage standpunkt til lærebogspørsmaalet.

Veret var viktig i Selje

Veret avgjorde om båtane kom seg ut på fiske. I 1905 var det mykje dårleg ver. "Ruskeveir er nu som som oftest ellers det vigtigste samtaleemne og det, som folk har mest at beklage sig for her paa Stadt", kunne Fjordenes Blad melda i mars 1905. "Vinterveiret er jo her som elles i fiskeridistriktene en af de faktorer som virker afgørende ind paa aarets økonomi. En vinter med saa ustadig veir som denne kan neppe mindes her paa Stadt, og da maa det ikkje være videre rart. Af "utsigterne" har man gjort sig haab om et godt fiske baade af sild og torsk, saafremt ruskeveiret vil lægge sig. Tirsdag fik man fra 50-100 torsk pr. baad, lidt sild har man også faet. I dag sterk strøm, tab af redskaber, udbyttet kun 20-30 torsk pr. baad.

..fælt sinte på svenskjen..

I Selje var det og folk som vart mobiliserte til grensevakt. Ein eldre kart vart spurd om dette og svara slik om grensevakt i 1905: "Eg kan kje hugse anna elde folk va innkommanderte te vakt. Ein bort på Øyrinne va stad, og ein utpå Nesa med. Da va ein her ta Flistre. Då va dei fælt sinte på svenskjen. Dei hadde ikkje tekje nå te gjestebods då." 27 menneske drog til Amerika dette året, og 23 av dei var menn. Mange var i den alder at dei kunne verta kalla inn til militærteneste, men utvandringa frå Selje var større i 1904 og like stor i 1906.

Lag og organisasjonar kring 1905

I lagslivet i Selje på denne tid, finn me mest berre misjonsforeiningar. Det var misjonsforeining i dei fleste grender. Selje misjonsforening vart skipa så tidleg som i 1859 og Nordstrand misjonsforening i 1874. I 1879 vart og Selje og Hove kvinneforening skipa av Emil Bishoff som var kallskapellan hjå sokneprest Landmark. Bishoff kalla kvinnene inn til møte i ´"Grønstuen" i prestegarden. Fyrste ordinære møte blei halde den 6. februar 1879. I 1905 vart og nye lag stifta. I avisa kunne ein lesa at

I Refsnes skolekreds er nylig stiftet en barneafholdsforening med ca. 60 medlemmer og med Mathias Vereide som formand. Kyndelsmesdag holdtes sammesteds en vellykket fest for den ydre sømansmissionen med en indtegt af ca. 120 kr.

I dagens pengar ville det vera mellom 6 og 7 000 kroner på ein kveld. Det vart og skipa nye misjonsforeiningar på denne tid, mellom anna på Silda, på Barmen og i Borgundvåg.

..La os vise Sverige..

Det var kommuneval i 1904, og kyrkjesongar R. Hjertnes vart vald til ordførar. Prost L. Strømme var sokneprest. Strømme engasjerte seg sterkt i saka. Han var uvanleg skarp og klår då han ein søndag før avrøystinga tok opp saka etter gudstenesta. I avisa vart dette referert på denne måten:

Prost L. Strømme holdt sidste søndag efter endt gudstjeneste i Lekanger kirke en patriotisk fædrelandstale og manede i gribende ord vælgerne til at møde frem d. 13 og med sit ja bidrage sit til fædrelandets vel. Bl. A. sagde han : ikkje en eneste mand bør sidde hjemme. La os alle møde frem alle som en og med alvor og ansvar stemme ja. Skulde nogen komme med "nei" vilde jeg for min del betragte ham som et stort stykke af en forræder. La os vise Sverige og Europa at vi gjerne vil være herre i eget hus, hvad svendskerne har overmaade tungt for at erkjende" . Tilslut en hjertelig bøn for færelandet. (Fjordenes Blad 9.8 1905).

Den 13. august skreiv Strømme slik i dagsregistret: "Folkeafstemning i alle 3 Kirker."

17. mai og 7 juni.

Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Mange stader vart dette markert på ulikt vis. Me kjenner ikkje til korleis dette vart gjort i Selje. 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Dette vart nok også gjort i Selje, og det er all grunn til å tru at Strømme la dette fram for kyrkjelyden med stort alvor og stor gleda.

Folkerøystinga 13. august

Det var to folkerøystingar i 1905:
Søndag 13. august då folket skulle seia ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni.
Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge.

I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Røystinga den 13. august gjekk føre seg frå kl. 13 til kl. 15 i kyrkjene.

I Leganger kirke for de vælgere, som i mandtallet er opført fra og med gården Sandvik nordre udover Stadt. I Selje hovedkirke for de øvrige gaarde i Haave sogn undtagen av gaardene Strømmen, Sørpold, Reime, Osmundvaag, Hjertenæs, Uren, Tvendesæter og Hagevik.

Valprotokollen vart skriven under av Hartmann, R. Hjertenæs, R. K. Hoddevik, Rasmus Hamre, O. Gillesvik,Kr J. Sunde, Hans Vaage, Nikolai Eltvik og Olaf Refvik. Lensmann Hartmann var leiar.

Formaden bemærkede, at foreløpig bekjendtgjørelse om afstemningen i henhold til justitsdepartementets tilegram har været bekjendtgjort fra præstegjældets kirkebakker ligesom en bekjendtgjørelse av flere valgsteder m.v. er læst fra kirkebakken og opslaaet paa flere steder i distriktet hvilket ogsaa er tilfaldet med stortingets beslutning af 28juli d.a.

..et stort stykke af en forræder..

Prost Strømme hadde sagt at om nokon ville stemma nei, så ville han sjå på vedkomande som "et stort stykke af en forræder." No fekk Strømme ei nei-røyst i Selje. Det var tre som røysta nei i heile fylket, to i Sogndal og ein i Selje. "Der blev optaget i alt 997 stemmesedler, som samtlige enstemmig godkjendtes. Det viste sig da at 996 havde stemt "Ja" og 1 "Nei". Saavel stemmesedler som forfaldsskrivelser blev derefter i fællesskab forseglede og opbevarede af stemmesstyrets formand.

Det var i alt 1109 menn med stemmerett i Selje og Vågsøy. Det vart gjeve 1015 stemmer og 18 av desse vart forkasta. Valdeltakinga i Selje og Vågsøy var soleis 89,9 %, noko nær snittet for fylket. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei.
Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei.

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Me kjenner ikkje til dette skjedde i Selje.

Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk

Røystinga i november vart organisert på same vis. No skulle folk i Selja seia sitt om styringsforma. Skulle ein dansk prins verta folk i Selje sin nye konge? Tal menn med røysterett var denne gongen 1125. 945 gav stemme. Fire røyster vart forkasta og 941 vart godkjende. 892 meinte av løysinga med den danske prinsen var den beste. 49 menn i Selje og Vågsøy ville heller at landet skulle styrast av ein president. Frammøte denne gongen var 83,5 prosent, så interessa for dette var noko mindre. I heile fylket vart det gjeve 14315 røyster og i alt hadde 18278 personar stemmerett. Det gav eit frammøte på vel 78 %. Selje og Vågsøy var ein av dei "reinaste" kongekommunane i fylket. I det heile så ser det ut til at kongedømet stod sterkast på kysten. Folk inne i fjordane hadde meir lyst på republikk.

Den nye kongefamilien

Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Det strøymde snart inn helsingstelegram frå heile landet. Me kjenner ikkje til om det vart gjort i Selje. Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Det skjedde gjerne og i Selje, men me har ikkje kjelder som fortel om dette frå Selje. Den 7. desember noterte presten i Selja at han hadde preika om " Taknemmelighed i ydmyg Lydighed."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk/statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt. Del 2. Kristiania 1901.


Os, Edvard: Bygdebok for Selje og Vågsøy1957


Johansen, Karl Egil: Fiskerinæringa i Ytre Nordfjord 1890-1905. Årbok for Nordfjord 1975.


Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november.


Statsarkivet i Bergen: Selje prestearkiv, dagsregister 1905.


Databasar ved Fylkesarkivet: Møtebokregister, emigrantar, foto, lag og organisasjonar.


Avisa Fjordenes Blad, 1905: 15.3, 9.8 16.8, 6.9, 13.9, 18.11.

PERMANENT IDENTIFIKATOR