Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juni 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Veitastrondvegen



Det er ein stor dag for Veitastrondi, sa vegsjef Abrahamsen då Veitastrondvegen opna 20. oktober 1956. Gleda var stor i bygda, men etter kvart viste det seg at vegen var svært rasfarleg vinters tid. Vegen kunne vera stengd i vekevis. I fleire ti-år kjempa bygdefolket for ein sikrare veg.

Opningsdagen av vegen var 20. oktober 1956 og bygdefolket møtte mannjamnt opp på den store dagen. Vegen vart opna av fylkesmann Nikolai Schei og vegsjef Egil Abrahamsen.

Opningsdagen av vegen var 20. oktober 1956 og bygdefolket møtte mannjamnt opp på den store dagen. Vegen vart opna av fylkesmann Nikolai Schei og vegsjef Egil Abrahamsen.

Eigar: Kirstina Skagen

Datering: 1956.

Fotograf: Jon Skagen.

Krav om veg i mange år

I 1902 sende Veitasttrondi søknad om å få veg. Kommunestyret kunne ikkje tilråd søknaden. Grunngjevinga var at terrenget var alt for vanskeleg. Dei ville heller ikkje gi tilskot til ei dampskipsrute på vatnet. Tjue år seinare vart veg mellom Soget og Kvam eit av kommunen sine krav i trafikkplanen av 1919. I 1922 vedtok kommunestyret å løyva tredelen av kostnaden med å stikka vegen. I 1936 fekk vegen statsmidlar. Veg mellom Soget og Nes (20,3 km), var kostnadsrekna til 620 000 kroner og staten løyvde 6/10 av beløpet. Vegen var klassifisert som bygdeveg med 2,5 m køyrebreidd.

Vegarbeidet tok 20 år

Byggjearbeidet byrja i 1936 og føregjekk i fleire periodar. Vegen mellom frå Nes til Kvam vart bygd i åra 1936-39. I 1949 var strekninga Soget-Ugulsvik ferdig med ny kai i Ugulsvik for båtruta. Gamlevegen frå Soget til båtstoppestaden på Teglneset vart nedlagd. Parsellen Ugulsvik-Bukkeskinnsteigen vart ferdig i 1953. I 1956 var den siste strekninga mellom Bukkeskinnsteigen og Kvam ferdig. Den 20,5 km lange bygdevegen var då ferdig etter 20 års arbeid. I 1957 vart vegen klassifisert som fylkesveg.

 

Arbeid for bygdefolket

Grunneigarane tok på seg å yte 1/10 av kostnadene med vegen, anten i form av pengar eller arbeidsinnsats. Dette vart fordelt etter matrikkelskylda. Gardsbruka på vestsida av vatnet måtte og yte sitt, sjølv om vegen ikkje var til gagn for dei. Det vart heller tvert om. Då vegen kom, vart båtruta nedlagt. Det var for det meste bygdefolk som arbeidde vegen. Arbeidslaga vart ofte sett saman av folk frå Veitastrondi og ein bas utanfrå med erfaring frå anleggsarbeid.

Stor takksemd

Vegen vart opna 20. oktober 1956. Fleire hundre menneske møtte fram på Stølsneset nedanfor Kvam til opningshøgtida. Fylkesmann Nikolai Schei klipte snora. "Endeleg har Veitastrondi fått del i eit gode som dei som bur sentralt reknar som sjølvsagt, og fylket er fylket blitt større; ein ny provins er lagd til landet," sa han i talen sin. Dei mange talarane på festen etterpå uttrykte von om ei ny tid for Veitastrondi. Men alt dagen etter vart vegen stengd av flaum. Vegen var stengd i fleire dagar. Etter det byrja ein lang kamp for å få vegen betre sikra mot ras.

Stor rasfare

Veitastrondvegen går gjennom eit rasutsett område. Stadige ras gjorde at bygda ofte vart isolert om vinteren når det ikkje låg trygg is på vatnet. Vinteren 1981 var bygda innestengd i 107 døgn og var lenge utan straum og telefon. Rasa øydela linenettet som gjekk langs vegen. Telefonlina vart seinare lagd i kabel forbi dei verste rasstadene. Etter stor innsats frå lokalbefolkninga og politikarane fekk dei gjennomslag for å gjera vegen tryggare.

Sikringsarbeid

Sikringsarbeida byrja i 1981 med den 1540 m lange Merkjeskredtunnelen. Sjølve tunnelarbeidet byrja i mai 1982, og var ferdig i 1986. Sikringsarbeidet på den neste strekninga kom i 1983, då det vart bygd eit rasoverbygg, eit "røyr" av korrugert galvaniserte stål. Tunnelen er 170 m lang og var den første av sitt slag i landet. Det tredje sikringstiltaket var i 1985 med ein tunnel på 963 m forbi Stølsneset. Paradoksalt nok måtte arbeidet avbrytast på grunn av skredfare. Alt i alt var sikringstiltaka på over 70 mill. kroner. Sognekraft betalte ein del av summen som vilkår for reguleringa av Veitastrondvatnet på 1980-talet. Men framleis står det att fleire rasutsette strekningar. Desse har ikkje vorte prioriterte i fylkesvegbudsjetta.

Ein verneverdig veg

Vegen langs Veitastrondvatnet, fylkesveg 337, er for det meste bygd på ei hylle i bratt lende langs vatnet. Statens vegvesen har sett opp Veitastrondvegen i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne, 2002. Grunngjevinga er at "Vegen går gjennom et svært rasfarlig område, og er et godt eksempel på hvilke vegtekniske utfordringer som Norge byr på, og de krav man setter til sikkerhet i dag."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.


Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger 1955.


Vegvalg. Nasjonal verneplan. Statens vegvesen 2002.


Sikringa til Veitastrond går framover. I Vegstubben s. 17-19, nr. 2-1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR