Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. desember 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Stortingsmann Otto Schreuder



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Otto Schreuder frå Gulen.

Skjerjehamn i glanstida rundt 1900.

Skjerjehamn i glanstida rundt 1900.

Eigar: Odd A. Midttun/Fylkesarkivet SFFf-93377.007

Datering: Kring 1900.

Kort biografi
I boka Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970 står denne biografien:
Otto Kristian Schreuder, fødd i Bergen 30. april 1856, son åt målarmeister i Bergen, seinare handelsmann i Skjerjehamn, Wilhelm Schreuder og Sara Nitter. Overtok faren si forretning i 1879, handla også med trelast og fisk, og var bonde. Døydde 12. mai 1941. Gift med Øllegaard Kahrs, dotter åt proprietær Arnold Meyer Kahrs og Otilie Opdal.

Representerte Høgre. Var 4. representant frå Nordre Bergenhus amt 1903-1906.

Omtale i avisa Sogn og Fjordane.
Otto Schreuder døydde 12. mai 1941. Avisa Sogn og Fjordane hadde dette stykket om han:

"Den vidkjende forretningsmannen Otto Schreuder er død, 85 år gamal.
Han var fødd i Bergen, fekk si merkantile utdanning i Mowinckels skipshandel, så tok han over faren si forretning i Skjerjehamn. Og han dreiv denne handelsstaden storleg fram, vart største landhandlaren på lang lei. Det fekk mykje å seia for laksefiskarane og andre fiskarar at han tok til med eksport av laks og hummar i stor stil.

Alle laksefiskarar i Ytre Sogne-bygder - og mange fleire - sende fengda til Schreuder i Skjerjehamn. Og trafikken der vart så stor at alle Fylkesbåtar hadde ærend innom, enda det bur få folk i den leia. Otto Schreuder starta og ein større trelastforretning og var interessert i fleire økonomiske verksemder.

Otto Schreuder var ein god mann for Gulen, og var mykje med i kommunale styre og stell, var såleis ein av opptaksmennene til Gulen Sparebank [skipa 1885]. I 1903 vart han vald til stortingsmann for fylket (av Høgre). Han var såleis tingmann i 1905 og fekk 7. junimedaljen.

Otto Schreuder let forretninga til versonen Johs. Steine [1918] og flytte så til Bergen, men like til det siste var han med i representantskapet i Bergens Skillingsbank og var formann i direksjonen for Vårdals Teglverk.

Han var med helse og arbeidskraft jamvel i sine høge år.
Personleg var Otto Schreuder ein vensam og hjelpsam mann og hadde vener i vide krinsar; og i sitt livsyrke var han ein framtakstmann og ein bygningsmann som få."

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 16.05.1941.
Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Nordfjord Sogelag. 1973.
Midtun, Magnor: Med banken gjennom 100 år i Gulen.1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR