Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. september 2019

Sist oppdatert 30. september 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Inga Nitter Walaker



Inga Nitter Walaker (1893-1993) var eit organisasjonsmenneske av rang og ho var politisk engasjert i kvinnesaka. Før ho vart hotellvertinne i Luster fekk ho utdanninga si ved Statens lærerinneskole i hustell på Stabekk.

Inga Nitter Walaker 90 år

Inga Nitter Walaker 90 år

Datering: ca.1983

Fotograf: Hermod Walaker

Inga Nitter Walaker var født i 1893 og døde i 1993. Ho vaks opp i ein lærarheim i Luster, og fekk si utdanning ved Statens lærerinneskole i hustell på Stabekk. Det var Norske Kvinners Nasjonalforening med kvinnesakskvinna Betzy Kjelsberg i spissen som tok initiativ til denne skulen, med støtte frå Kati Anker Møller og andre kvinnesakskvinner. Det er vel ikkje urimeleg å tru at nett denne skulen var ein viktig lærestad og inspirasjonskjelde for hennar samfunnsengasjement som kvinne, politikar og organisasjonsmenneske. Etter at ho var ferdig med utdanninga, arbeidde ho både ved Lyster sanatorium og ved Sogndal folkehøgskule. 30 år gamal gifta ho seg med Wilken Nitter Walaker og livet som hotellvertinne byrja. Utdanninga og arbeidspraksisen kom godt med som drivar av turisthotellet.

Eit organisasjonsmenneske av rang

I tillegg til å drive det tradisjonsrike Walaker hotell saman med mannen, halde hus og heim, deltok ho med liv og lyst i politikk og organisasjonsliv, og ikkje berre som medlem. For å nemne noko: leiar i Hafslo husmorlag i 24 år, leiar i Sogn sykepleieforening i 21 år, fire år som leiar i  Nasjonalforeningen for folkehelsen, mangårig leiar i Solvorn husmorlag og ti år som leiar av Sogn og Fjordane krins av Norges Husmorforbund, kommunestyremedlem og medlem i Hafslo formannskap, som fyrste kvinne, formann i Hafslo kommunes husstellnemnd og dyrevernsnemnd, medlem av fylkesnemnda for åndssvakesaka og medlem i styret for husstellskulane i fylket.

Inga Nitter Walaker var vaksen opp i ein kristen heim, og livssynet tok ho med seg. Det tydde mellom anna verv både i misjonsforeiningar og sokneråd. I tillegg var ho organist i Solvorn kyrkje i 43 år.

Samfunnsutvikling med kvinneperspektiv

Ho tok tidleg opp tanken om å få kvinnesynet inn i alle offentlege saker. Ho var overtydd om at kvinnene måtte med i samfunnslivet for å skape jamvekt i den store «samfunnsheimen», som ho sa. Kvinneperspektivet måtte med for å skape denne jamvekta og då måtte kvinnene synleggjere dette ved å ta ansvar. Ho sa det slik:  «Når me kvinner søkjer om noko, når me vil få gjort noko, må me sjølve vera til stades og få det igjennom. Eg trur kvinnene har ei stor oppgåve i alle offentlege nemnder.» 

Kvinnelista i 1945 – eit opprør

Inga Nitter Walaker var politisk engasjert gjennom Venstre. Under kommunevalet i 1945 var ho ein del av kvinnelista i Solvorn. Både ho og ein del kvinner i kommunen var leie av å bli haldne utanfor politikken og nok vart nok. Når mennene ikkje fann plass til dei på sine lister, ville dei vise at dei var til og at dei var valføre. No var det på tide å få kvinnene og husmødrene sine saker inn i politikken. Ingen av dei kom inn i kommunestyret, men dei hadde klart fått markert seg.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. SFF-2019103, Walaker, Inga Nitter

PERMANENT IDENTIFIKATOR